Framleis god påske!

Påsken er slett ikkje over ennå! I følgje kyrkjeåret varer påsketida heilt fram til pinse, og det er Jesu oppstode som er det store og viktige tema i denne utvida påskefeiringa.

Påsken er den eldste kristne høgtida og heile kyrkjeåret er bygd opp med utgangspunkt i påsken. Den første kristne påskedagen var den dagen då Jesus stod opp av grava og dette gav den første vekedagen ei unik tyding for dei første kristne. Kvar søndag er eigentleg ein påskedag.

Frå byrjinga blei den kristne påsken feira i direkte tilknyting til den jødiske påsken, som kvart år fell på 14. Nisan (etter jødisk kalender). Men denne dagen fell sjølvsagt bare sjeldan på ein søndag som dei kristne ville feira som oppstodedagen. Dette var utgangspunktet for den såkalla påskestriden der striden gjekk om påsken i kristen samanheng skulle feirast på 14. Nisan eller på den følgjande søndagen. Den vesterlandske tradisjonen med å leggja påskedagen til søndagen seira, og på kyrkjemøtet i Nikea blei det slått fast at påskedagen skulle feirast første søndag etter første fullmåne etter vårjamndøgn. Den 14. Nisan er nemleg fullmånedøgnet etter vårjamndøgn i den jødiske kalenderen.

Sjølve ordet påske har hebraisk opphav. Det kjem av det hebraiske ordet pesach som kjem frå verbet pasach som betyr å gå forbi. Dette ordet står i 2. Mos 12,13 der det blir skildra koss Herren gjekk forbi jødane sine heimar då han drepte alt førstefødt i Egypt. Den arameiske formen av pesach er paska som har blitt bevart i det greske ordet pascha og i vårt ord påske. Det er interessant å merka seg at det engelske ordet for påske, passover, er ei direkte omsetjing av det hebraiske pasach.

Jesu oppstode er det store feiringsemnet i påsken. I tilknyting til dette blei også andre feiringsemne tidleg lagt til påsken. Dåpen inneber at den døypte blir delaktig i Jesu død og oppstode, og dermed blei påsken den fremste dåpstida alt i urkyrkja. I gudstenesta påskenatt blei katekumenane døypt, då blei dåpsvatnet vigsla og då blei dåpsløfta fornya. Dette er bakgrunnen for at me i vår påskenattgudsteneste les tekstar som knyter dåpen og vatnet saman med frelsa og at me har dåpspåminning i denne gudstenesta. Dersom det passar, ønskjer me også å ha dåp i denne gudstenesta.

I oldkyrkja gjekk dei nydøypte i kvit dåpsdrakt heile den følgjande veka, og veka etter påskenatt blei derfor i enkelte samanhengar kalla “den kvite veka”.

Dei femti dagane mellom påske og pinse blir kalla påsketida. Søndagane blir kalla første, andre, tredje søndag etter påske osv. I løpet av denne tida blir det førtiande dagen etter påske markert spesielt som Kristi Himmelfartsdag (som dermed alltid fell på ein torsdag).

Etter så mykje bakgrunnsstoff, vil eg gjerne slutta med enda ein gong å peika på grunnen til den kristne påskefeiringa. I gudstenesta i dag skal me blant anna syngja denne lovsongen som handlar om dette:

Han er oppstanden. Halleluja! Lov ham og pris ham! Halleluja! Jesus, vår frelser, lenkene brøt. Han har beseiret mørke og død. Lov ham og pris ham, vår Frelser og venn, han som gir synderen livet igjen! Halleluja! Vi skyldfrie er. Halleluja! Vår Jesus er her!

(bakgrunnsstoffet om påsketida er fritt gjengjeve frå Carl Henrik Martling: Mitt i verkligheten, bind 1)

Èitt svar til Framleis god påske!

  1. Heidi: seier:

    Interessant🙂 Påske er ei veldig fascinerande høgtid.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: