Prestar med søndagsfri?

Kan ein prest ha fri om søndagen? Det er blitt eit tema for debatt i Danmark (april 2006).

Ei gruppe prestar i den danske folkekyrkja ønskjer å få innført ei ordning som liknar på avtalen som prestar i Den norske kyrkja har. Det vil seia at dei ønskjer ei frihelg i månaden. Men dette blir avvist både av kyrkjeleiarar og politikarar. Prestane som har kome med forslaget, får høyra at det er latterleg, skamlaust og trist for kyrkja!

Me som er prestar har nok ein litt “annleis” arbeidstid enn det som er vanleg. Ofte blir det lange arbeidsdagar både på kvardagane og i helgene. Men eg ønskjer ikkje å svartmala situasjonen. Eigentleg syns eg at eg har det heilt flott! Eg har ei viktig teneste for det eg trur på. Og sjølv om det ofte er mange oppgåver som ventar, har eg ein stor fleksibilitet i tenesta. Dessutan vekslar det heldigvis mellom rolige og travle periodar.

Men det betyr ikkje at fritida er mindre viktig! Derfor betyr avtalen om fridagar som me fekk for fem år sidan i Den norske kyrkja, mykje! Den slår fast at prestane har fem dagars arbeidsveke og at dei to fridagane ein gong i månaden skal vera laurdag-søndag. Dessutan har me høve til å samla opp fridagar dersom me ikkje får tatt dei ut etter kvart. Og det er ikkje ein uvanleg situasjon.

Dei første åra eg var prest, hadde eg fire frihelgar i året utanom feriene. Det var lite. Det betydde at kvar frihelg blei veldig “verdifull” og eg følte eg måtte utnytta den til noko veldig spesielt. Nå når eg har ei frihelg i månaden, kan eg ha eit mykje meir avslappa forhold til dette. Nokre frihelger reiser eg sjølvsagt bort, andre gonger held eg meg heime.

Dei danske prestane blir møtt med at kallet forpliktar dei til å leia den lokale kyrkjelyden si gudsteneste om søndagen, og at det blir heilt feil når dei av familiære grunner ønskjer så mange frisøndagar. Eg forstår ikkje heilt kva som ligg bak reaksjonane på desse prestane sitt ønskje. Her heime møter eg ikkje slike haldningar. Når eg kjem til gudstenesta på ein frisøndag, får eg ofte kommentarar frå nokon i kyrkja om at det må då vera godt for meg å bare kunna koma og motta for ein gongs skuld. Og eg svarar sjølvsagt med eit smil at “ja, det er godt”. Når eg reiser vekk ei helg, anten til fjells eller andre stadar, får eg positive kommentarar knytt til at det er mogleg også for ein prest!

Men eg vil likevel seia at eg syns ei frihelg i månaden gir meg nok helgefri. For eg opplever at det å forretta ved gudstenestene i kyrkelyden, er ein svært viktig og naturleg del av prestetenesta! Søndagen er jo ein heilagdag, og det er pga Jesu oppstode påskedag (som var ein søndag) at me i det heile tatt har rytmen med ein heilagdag kvar sjuande dag.

Det er nok ikkje alle stadar i Norge det er like lett å gjennomføra fridagsordninga. Her i distriktet fungerer det godt, og det er eg glad for. Eg er overbevist om at ei veksling mellom arbeid og fritid er det beste, både for presten som menneske og for prestetenesta som han eller ho utfører. Les meir:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: