Den beste kunsten

Langfredag har fått den beste kunsten – dette slår Andreas Skartveit fast i ein artikkel i Stavanger Aftenblad onsdag i den stille veka (papirutgåva 12.04.2006).

Eg har brukt dagen i dag, andre påskedag, til å summa meg etter ein fin kyrkjepåske. Det var nødvendig, for det er klart at den stille veka har, for meg som prest, ikkje vore fullt så stille som idealet mitt tilseier! Det betyr blant anna at eg først i dag har funne fram igjen denne avisartikkelen. Eg har nå lyst til å ta med eit utdrag frå den her på bloggen.

Skartveit skriv om koss mykje av den største kunsten i verda er inspirert av dei kristne høgtidene. Og i den samanhengen er det han peikar ut langfredagen som den klare vinnaren blant heilagdagane i påsken.

Han peikar vidare ut sine to favorittar i kunsthistoria: Matteuspasjonen av Bach og skulpturen Pieta av Michelangelo. Eg har i fastetida høyrt mykje på Markuspasjonen med Svein Tindberg som tekstlesar, men fann i dag fram Matteuspasjonen som eg (ennå) ikkje har i hylla mi og som eg derfor “måtte” låna i familieselskapet søndag ettermiddag. Det var flott å høyra det store musikkverket! Skulpturen Pietà har vel dei fleste som har vore i Peterskyrkja eit forhold til. Eg syns i alle høve det er ei sterk oppleving å sjå denne skulpturen.

Men nå vil eg heller gje ordet til ordkunstnaren Andreas Skartveit:

“Vinnaren er langfredag. Langfredag krev ikkje tru, slik påskedagen gjer det. Langfredagen handlar om liding. Golgata har vi alle sett og opplevd, krossen er reist på kvar einaste side i historieboka. Vi ser det kvar dag på Dagsrevyen. Langfredag er kvardag, annleis alle dei andre kristne høgtidsdagane.

Dette såg menneska med ein gong, kunstnarane også. Vi har alle sett krusifiksa, lidinga, men også triumfen, kongen på krossen. Vi har sett det folkelege og enkle, for ikkje å seie det fattigslege, men også det rike og pompøse. Komposisjonane er utan tal, men høgdepunktet i det største mennesket har skapt: Bachs pasjonar. Sviket, døden og nederlaget blir borne fram av den vakraste musikken som er laga. Det er ei fysisk påkjenning å sitje i kyrkjebenken og oppleve Bachs livsskildring, og eg – ein vantru – vil gå langt for å få med ei slik oppleving.

For min eigen del har eg berre plass til eitt kunstverk ved sida av Mattheuspasjonen. Det er Michelangelos Pietà, slik ho står i Peterskyrkja i Roma. Maria sit med den døde sonen sin på fanget. Ho er ung, han har gjort henne yngre enn ho var, ho må ha vore nær femti, og då var kvinner gamle den gongen. Ho er rank, det er ein styrke i kroppen hennar. Andletet fortel kva ho opplever: Botnlaus sorg. Men det er ein uforklarleg triumf over henne der ho sit og har tapt alt. Det er ufatteleg, bokstaveleg tala, ikkje til å fatta.

For meg vart ho, mora med den døde sonen på fanget, hovudpersonen i verdshistoria. Same kvar vi veder oss, til ein krig, til ei naturkatastrofe, til slum og kriminalitet, til narko og til vanleg fattig daglegliv, så finn vi ei mor med ein død son på fanget. Der eg stod og såg på henne, vart ho meir verdshistorie for meg enn eit heilt bibliotek. Eg skal tilbake til henne.”

Dette var bare eit utdrag av den interessante artikkelen. Hadde Aftenbladet lagt den ut på nettavisa, skulle eg sjølvsagt hatt med ein link så du kunne få lesa meir!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: