Det indre menneske

For oss som lever i vår kultur, er det heilt naturleg å skilja mellom det indre og det ytre menneske. Me opplever at me har eit indre liv med sjølvstendige tankar, kjensler og eit intellekt. Dette er ein tankegang som i stor grad har kome inn i vår bevissthet gjennom den kristne trua.

Helge Salemonsen hadde eit interessant foredrag om dette i P2-akademiet i dag. NRK omtalar foredraget Under kunnskapens tre. Om selvbevisstheten slik:

Det moderne menneske roser seg av sin selvstendighet. Vi roser hverandre for individualitet og orginalitet. Men denne erfaringen av det indre menneske skilt fra det ytre, kom først med kristendommen. Mennesket erfaring av seg selv var en helt annen i middelalderen eller i det gamle Hellas. Homer’s Illiaden er full av gode eksempler, andre finner vi i nedtegnelser fra livet i klostrene i gammel tid.
Les eit utdrag av foredraget her.
Augustin (354-430), ein av kyrkjefedrane, er viktig for forståinga av “det indre mennesket”.
Men tankegangen går tilbake til NT. Ein fin tekst som forutset denne tanken, er Paulus si bøn om styrke og innsikt i Ef 3,14-21. Gjer gjerne denne bøna til ei bøn for deg sjølv og for dine næraste!
Difor bøyer eg mine kne for Far,
han som har gjeve namn til alt som heiter far i himmel og på jord.Må han som er så rik på herlegdom,
styrkja dykkar indre menneske med kraft ved sin Ande.
Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved trua,
og de stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik.

Må de saman med alle dei heilage
få styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn,

ja, kjenna Kristi kjærleik som er større enn nokon kan forstå.

Må de bli oppfylte med heile Guds fylde!

Han som verkar i oss med si kraft
og kan gjera så uendeleg mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar,

han vere ære i forsamlinga og i Kristus Jesus
gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: