Palmesøndag

Jesus rir inn i Jerusalem

Det må ha vært en veldig opplevelse å være med denne palmesøndagen. Folk strømmet til byen i lange rekker, – fra fjellene nord i Galilea, nede fra Middelhavet, sør fra Hebron, og nede fra Jeriko og Jordandalen. De gikk hele bygdelag sammen, med god tid til å prate på veien, mens barna løp frem og tilbake mellom naboer og slektninger. De gamle fortalte og sang arven inn i barna, så det ble deres egen historie. Etter hvert som de nærmet seg Jerusalem, overtok de faste påskesangene, Salmenes bok 113-118, de som kalles ‘lovsangen’. (Harald Kaasa Hammer)

Høgdepunktet i Lovsongen, er nettopp orda folket på Oljeberget tok i sin munn då dei hylla Jesus: Hosianna! Velsigna vera han som kjem i Herrens namn.

Ruta inn i Jerusalem gjekk over Oljeberget, der Jesus hadde gode kontaktar i landsbyane Betfage og Betania. Her blei Jesus hylla av landsbyfolket, av tilreisande pilegrimar, av disiplane og av ein større flokk av vennene hans. Vidare drog dei truleg ned til Siloadammen før dei gjekk vegen opp til tempelet.

Eg brukar uttrykket “Jesu venner” fordi Jesus sjølvsagt hadde ein kontaktflate som var mykje større enn dei tolv disiplane. Me kan tenkja på søskenflokken Marta, Maria og Lasarus som tydelegvis ut frå evangelia stod Jesus veldig nær. Men eg ser for meg at det i folkemengda palmesøndag kan ha vore mange anonyme venner som hadde opplevd store ting i møte med Jesus. Kanskje nokon av dei 5000 som var blitt mette ved Jesu brødunder, var med og hylla han? Kanskje var enka i Nain og sonen hennar komen? Kanskje var den tidlegare besette frå gravholene på austsida av Gennesaretsjøen komen? Kanskje nokon av dei som var blitt helbreda ein kveld i Kapernaum? Og kanskje nokon av dei mange spedalske som var blitt friske? Det var mange som på ulike måtar var blitt berørt av Jesu forkynning og virksomhet. Dei hadde opplevd dei nyskapande kreftene som var verksame gjennom han og som framleis er verksame gjennom trua på han.

Hosiannarop og rop om korsfesting

Eg har ofte høyrt forkynt at dei same menneska som ropte “hosianna” på palmesøndag, få dagar seinare var med og ropte “korsfest han”. Altså at stemninga blant folk flest i Jerusalem skifta totalt frå palmesøndag til langfredag.

Eg trur ikkje det stemmer. Me skal huska at Jerusalem var ein stor by. Og i påsken vaks den med utruleg store mengder pilegrimar som kom til byen. Det er meir sannsynleg at palmesøndagens hosiannarop og langfredagens rop om korsfesting er henta frå totalt ulike miljø i Jerusalem. Palmesøndag var han omgitt av tilreisande pilegrimsflokkar, av venner og disiplar. Under prosessen seinare i veka var det øvstepresten, det høge råd og deira medløparar i ein annan del av Jerusalem som pressa på for å få han dømt.

Jesus er Messias, frelsarkongen

Me som er kristne, trur at Jesus er Messias. Han er konge for alle som trur. På palmesøndag blei dette ”offisielt” på ein ny måte. Jesus godtok hyllesta. Disiplane, landsbyfolket og pilegrimane fekk lov til å synga hosianna og han sette seg på eselet som ei oppfylling av profetiane i GT, f eks orda frå profeten Sakarja: Gled deg storleg, Sions dotter, set i og jubla, Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg. Rettferdig er han, og siger har han fått; audmjuk rid han på eit esel, på den unge eselfolen. (Sak 9,9)

Då Jesus rei inn i Jerusalem, tok han imot hyllesta, sjølv om folket som song, sannsynlegvis ikkje heilt forsto kor godt denne songen passa på han: Hosianna! Velsigna vera han som kjem i Herrens namn.

Jesus hadde tidlegare prøvd å halda skjult at han var Messias. Nå gjekk han ope inn i pilegrimane si forventning. Nå skulle det ikkje haldast skjult lenger, nå var han glad for den folkelege hyllesta. Lukas gjengir ein liten detalj om akkurat dette: Nokre farisearar i folkemengda sa til han: “Meister, tal disiplane dine til rette!” Men han svara: “Eg seier dykk: Dersom dei teier, skal steinane ropa.” (Luk 19,39-40)

Samtidig kjente Jesus på smerte og han gret over byen. Då Jesus kom nærare og såg Jerusalem, gret han over byen og sa: “Hadde du berre på denne dagen skjøna, du òg, kva som tener til fred! Men no er det gøymt for auga dine.” (Luk 19, 41-42)

I forteljinga om palmesøndag møter me hyllest og jubel. Samtidig møter me smerte og gråt. Per Lønning sa ein gong i ei preike: Er palmesøndag en gledens dag eller er den en sorgens? Er det jubel og lovsang som i dag skulle strømme gjennom kirkerommet, eller er det smertens og botens tone? – Vi nøler ikke med å svare: det er begge deler.

Historia om då Jesus reid inn i Jerusalem finn du i Bibelen. Alle dei fire evangelia omtaler dette:

  • Matt 21,1-11
  • Mark 11,1-11
  • Luk 19,28-44
  • Joh 12,12-19

Det finst mykje stoff for den som vil arbeida meir med påskeforteljinga. Eg har stor sans for Ole Christian Kvarme si bok Åtte dager i Jerusalem. En bok om Jesu påske, om jødisk og kristen påskefeiring. Boka har også vore til konkret inspirasjon for denne artikkelen. Noko har eg også henta frå Harald Kaasa Hammer si fastebok. Harald si bok er ei glimrande andaktsbok over lidingshistoria og påskeforteljinga. Eg seier takk til begge to!

2 svar til Palmesøndag

  1. Hei!
    Takk for fin omtale etter din preken på palmesøndag 2006.
    Jeg har måttet bytte internettadresse, og ber om at du endrer linken.

    Ny link er http://www.tekstboken.no

    Med vennlig hilsen Harald

  2. Heidi seier:

    Takk for interessante tankar. Eg sit her og førebur sundagskule til i morgon, og dette var nyttig å lesa.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: