Her gjekk Jesus!

I forrige veke fortalde israelske arkeologar at dei hadde funne ein 2000 år gamal hovudveg i Jerusalem. Vegen gjekk frå Siloadammen i den eldste delen av byen (Davidsbyen) og opp til tempelet.

Arkeologane kan førebels ikkje seia sikkert kva tid vegen blei laga, men dei fortel at den i alle høve har vore i bruk frå det siste hundreåret f.Kr. og fram til Jerusalem blei øydelagt av romarane i år 70. Dei fortel vidare at vegen var hovudvegen opp til tempelplassen. Her var det stor trafikk, ikkje minst i høgtidene.

Arkeologen Eli Shukrun uttaler:

The road was used by the tens of thousands of people who came to Jerusalem for the Jewish pilgrimage holidays during the Second Temple Period, who immersed themselves in the Shiloah pool before entering the Temple Mount, Shukrun said. He said the road showed the centrality of both the Temple and the pool for life in the city at the time.

Archeologists had previously discovered the other end of the 600-meter road near the Temple Mount, he said. (Les heile artikkelen i Jerusalem Post her. Eg blei klar over saka via PaleoJudaica).

Jesu verksemd i Jerusalem kan tidfestast til omkring år 30 e.Kr. og dette er innanfor den perioden som jødane kallar "Det andre tempelets tid". Dermed skulle det ikkje vera å ta for hardt i å seia at Jesus gjekk på denne vegen som nyleg er gravd fram.

Jesus var nemleg ein av dei mange pilegrimane som kom til høgtidene i Jerusalem. Den mest kjente forteljinga om dette finn me i tekstane om Jesu inntog i byen, det som er bakgrunnen for vår Palmesøndag. Jesus reid då inn i byen på eit esel samtidig som han blei hylla som Messias. Etter dei kjente versa om folket som hylla han med palmegreiner og hosianna-rop, står det: Han kom inn i Jerusalem og gjekk opp på tempelplassen. Der såg han seg omkring alle stader, men sidan det leid mot kveld, drog han ut til Betania med dei tolv. (Mark 11,11)

Jesus var mykje på tempelplassen når han var i Jerusalem. Her er eit anna eksempel, frå feiringa av den jødiske høgtida lauvhyttefesten: Då det leid midt ut i høgtida, gjekk Jesus opp på tempelplassen og tok til å undervisa. Jødane undra seg og sa: «Korleis kan han ha slik kunnskap, han som ikkje har fått noka opplæring?» Jesus svara: «Mi lære er ikkje mi; ho er frå han som sende meg. Den som vil gjera hans vilje, han skal få kjenna om læra er frå Gud, eller om eg talar ut frå meg sjølv. (Joh 7,14-17)

Då Jesus nattestid blei arrestert i Getsemane, sa han til dei som tok han: De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar. Dag etter dag var eg hos dykk på tempelplassen og underviste. Då tok de meg ikkje. Men dette har hendt for at skriftene skulle oppfyllast. (Mark 14,48-49)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: