Såmannssøndagen 2006

11/02/2006

Informasjon frå Det Norske Bibelselskap:

«På Bibeldagen 2006 vender vi blikket mot dei to gamle misjonslanda Etiopia og Kamerun. Begge desse landa har eit stort tal språkgrupper og vesentlege delar av befolkningane kan ikkje lese og skrive. Behovet for omsetjingar av Bibelen og bibeldelar til nye språk er stort. Dette viktige og langsiktige arbeidet vil Bibelselskapet utfordre kyrkjelydar og enkeltpersonar i Noreg til å ta del i!

Bibelomsetjingsprosjekta har mange og gode konsekvensar: Bibelen kan lesast på stadig fleire språk. Program for leseopplæring gjer det muleg for stadig fleire menneske å kunne få lese Bibelen. Eit skriftspråk betyr mykje for sjølvkjensla til små språkgrupper. Gud talar sitt ord til dei på deira eige språk.

Etiopia og Kamerun er hardt ramma av hiv/aids. I desse og fleire andre afrikanske land har kyrkjelydane, i samarbeid med bibelselskapa, starta prosjektet «Kvar er den miskunnsame samaritanen i dag?» Med utgangspunkt i bibelforteljinga om den miskunnsame samaritanen blir dei kyrkjelege nettverka nytta i kampen mot denne epidemien. Gjennom informasjon, dramatisering av bibelforteljing og samtale tek dei på alvor Jesu oppfordring om å gå ut og vere samaritanar i ein situasjon der heile generasjonar er ramma av den drepande sjukdomen.

På Bibeldagen 2006 vil vi gi gje vidare ei direkte oppfordring frå leiaren i Bibelselskapet i Etiopia til norske bibelvener: «Be for oss!» Vi utfordrar samstudens kvarandre til å vere med og støtte bibelmisjonen i Kamerun og Etiopia, så Guds ord kan høyrast i folk sin kvardag på eit språk dei kan forstå.»

I tillegg til denne informasjonen frå Bibelselskapet, kan eg jo ta med ei lita oppdatering på kyrkjeåret: Søndag 12. februar er Såmannssøndagen, eit namn som har samanheng med dei tekstane frå NT som blir lesne i kyrkjene denne søndagen. I økumenisk samanheng blir dagen enkelt og greitt kalla Bibeldagen. Dei fleste kyrkjene i Norge samlar seg denne dagen om prosjekta som Bibelselskapet legg fram for markeringa av dagen.

Evangeliet for Såmannssøndagen er i år henta frå Markus 4,26-32. Teksten inneheld to små likningar av Jesus, ei om såkornet og ei om sennepsfrøet:

Han sa: «Med Guds rike er det slik: Det er som når ein mann har sådd kornet i jorda. Han søv og står opp, det blir natt, og det blir dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til. Av seg sjølv ber jorda grøde, først strå, så aks, så fulle korn i akset. Så snart grøda er mogen, svingar han sigden, for hausten er komen.» Og han sa: «Kva skal vi samanlikna Guds rike med? Kva likning skal vi bruka? Det er som sennepsfrøet. Når det blir sådd, er det mindre enn noko anna frø på jorda. Men når det er sådd, skyt det opp og blir større enn alle hagevokstrar og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.»


Biblioblogging

10/02/2006

I samband med den årlege Bibeldagen som i år fell på søndag 12. februar, vil eg nytta høvet til å peika på den store mengda med bibliobloggar som finst på nettet. Ein biblioblogg er ein blogg som handlar om bibelske studiar og relaterte emne. Du finn ein oversikt over mange slike bloggar på biblioblogs.com. Eg har ikkje sjekka ut alle desse, men PaleoJudaica er eg ofte innom!

Det er min gamle studie- og speidarkamerat Anders Aschim som har gjort meg merksam på dette stoffet gjennom det han har skrive om biblioblogging her (og her) på sin norskspråklege blogg om Dødehavsrullane, qumran.no

Når det gjeld Bibeldagen, har Bibelselskapet mykje stoff på sine sider. Elles vil eg sjølvsagt også peika på Bibelen, som jo er boka over alle bøker!


Palestina på Jesu tid

08/02/2006

Ei ny bok vekkjer interesse hos meg. Fartein Valen-Sendstad har nyleg gjeve ut boka Palestina på Jesu tid. Spennende, skremmende, fascinerende. Boka er gjeve ut på Høyskoleforlaget.

Les resten av dette innlegget »


Mållaget i hundre!

08/02/2006

Då eg var i 17-årsalderen, tok eg eit bevisst val om at nynorsk var mitt språk. Det har eg aldri angra på. Trass i at eg ikkje har vore medlem i Noregs Mållag, vil eg gjerne vera med og gratulera nå ved 100-årsmarkeringa deira.

Det var Olaug Nilssen, forfattar og student, som heldt festtale ved jubileet. Sjølv vil eg gjerne krydra bloggen min med eit lite utdrag av den framifrå talen hennar:

"Eg har vore på mållagstilstellingar der somme har vore på gråten fordi dei var så fortvila over at det er lov å skrive setninga ”nokre vener slæst” på tjuefire ulike måtar på nynorsk. Eg har vore på mållagstilstellingar der det har gått eit oppkava gisp gjennom salen når føredragshaldaren viser ei liste over bokmålske setningar av typen ”noen venner slåss”, som det er lov å skrive på nynorsk. Eg har høyrt om nynorskskrivande journalistar som får mengder av e-postar, brev og telefonar kvar gong dei har skrive eit anbehetelse-ord eller noko anna tilsynelatande stygt. Så det er sant. Det er sant at målfolk kranglar. Det er i alle fall sant at dei diskuterer.

Men det er ikkje sant at språkspørsmåla målfolka diskuterer er noko flisespikkeri som ingen andre bryr seg om. Når alt kjem til alt, så handlar engasjementet til Noregs mållag om ein overveldande kjærleik til det nynorske språket, ein kjærleik som ikkje er heilt ulik det engasjementet språkmedvitne bokmålsfolk legg for dagen når dei klagar over frammarsjen til ord delings feil i norsk presse, eller fortvilar over at skrivemåten til pub og service blir fornorska med pinlege ø-ar og doble konsonantar.

Språk engasjerer! Det er mindre viktig om det nynorske språkengasjementet kjem av at ein er overtydd om at nynorsk er best fordi det er det mest norske, om kjærleiken kjem av medkjensle for eit språk som blir mobba eller om han kjem fordi ein kjenner at nynorsken er ein viktig del av den ein er. Sjølv elskar eg nynorsk så høgt at eg føler eg er nynorsk."

Du kan lesa heile festtalen her.

PS: Er du klar over at du kan ha nynorsk startside på nettet? Bruk www.startsida.no


Teikningane

06/02/2006

Nei, eg har ingen planar om å publisera teikningane av Muhammed her på bloggen! Eg er er altså heilt usamd med VamPus, "Norges beste blogger", sjølv om ho både skriv godt og argumenterer godt. Eg vil heller støtta den muslimsk-kristne fellesuttalen frå religiøse leiarar her i Norge, som tar avstand både frå publiseringa av karikaturteikningane og frå dei valdelege reaksjonane som har kome i ettertid. Uttalen blei gjeven fredag, og har ikkje blitt mindre aktuell i ettertid!

Eg meiner at me klara å skilja mellom to ulike saker, slik fleire kommentatorar har sagt det dei siste dagane:

  • For det første er det ei sak som gjeld ytringsfridomen sine grenser. Her meiner eg at respekt og dialog er nødvendig. Det er ikkje slik at alt treng bli sagt, sjølv om me har rett til å seia alt.
  • For det andre er det ei sak som gjeld kva me skal tåla av valdelege handlingar. Her meiner eg at me klart og tydeleg skal seia nei til bruk av vald og brann som politiske ytringar.

Altså: Me har ytringsfridom. Heldigvis. Men det betyr ikkje at me må eller bør gjera respektlause handlingar som å krenka det som er heilagt for andre menneske.

Oppdatering 8. februar: Stavanger bispedøme har har gjeve ein felles uttale saman med Muslimsk Fellesråd i Rogaland. Det er bra! Les heile uttalen her. Den støtter ytringsfridomen og seier samtidig noko om korleis me bør oppføra oss mot kvarandre i samfunnet vårt.


Positiv vurdering av internett

06/02/2006

Ei amerikansk undersøking (2006) har konkludert med at aktivt bruk av internett styrkjer, og ikkje svekkjer, dei sosiale banda me har elles i livet. Ikkje verst! Kven har ikkje høyrt folk snakka om kor forferdeleg usosialt det er å sitja framfor skjermen? Men husk: statistikk kan lyga. Poenget er jo nettopp at du ikkje svekkjer den direkte kontakten med andre, men i tillegg til nettbruken byggjer gode sosiale nettverk. Eit både/og er utan tvil det beste her!

Les meir på forskning.no


Samefolket sin dag

06/02/2006

Samefolket_sitt_flagg Gratulerer med dagen! I dag (06.02.2006) er det samefolket sin dag. Dette er ein felles nasjonaldag for samane over heile Nordkalotten. Dagen har vore markert sidan 1993, og har sidan 2004 vore offisiell flaggdag i Norge.

Her er sametingspresident Aili Keskitalo si helsing på dagen:

Dette fellesskapet er en trygghet vi skal bygge framtida på. Det som skiller oss er også en styrke ved det samiske samfunnet. Det vitner om en levende kultur i vekst og i endring.

Det har skjedd store endringer siden det første samiske landsmøtet i Trondheim, 6. februar 1917. Utviklingen for det samiske folk går i riktig retning, selv om mange av sakene våre forfedre drøftet da fortsatt er aktuelle – og uløste.

Jeg håper nasjonaldagen preges av samhørighet og at feiringen skjer i solidaritet med andre folk. Vi er alle likeverdige som mennesker, og trenger å styrke grunnleggende verdier som toleranse og medmenneskelighet. Derfor setter vi pris på at også andre enn samer deltar i feiringen av vår nasjonaldag.

Våre barn og unge er framtidens bærere av samisk kultur. Vår viktigste oppgave er å sikre at de har en framtid å forvalte og tilhørighet til et samisk fellskap. Vi må fokusere på dette både i politikken og i hverdagen, og vi må tørre å ta opp kampen når våre grunnleggende rettigheter blir truet. Det er viktig at også ungdom får innflytelse på utviklingen av egne levekår.

Med disse ordene vil jeg gratulere samefolket med dagen, og ønske lykke til med feiringen. Jeg håper dere får en fin nasjonaldag, hvor dere alle finner noe å glede dere over og kanskje en god historie å le av.

Aili Keskitalo
sametingspresident


%d bloggarar likar dette: