The Holyland Model

The Holyland Model er ein stor modell (målestokk 1:50) som viser koss ein tenkjer seg at Jerusalem såg ut før byen blei øydelagt av romarane i år 70. Det vil også seia at modellen dekkjer den tidsperioden som Det nye testamentet skildrar, og den er derfor interessant for alle som reiser til Jerusalem for å læra meir om Jesu liv. Du finn ein 3D-presentasjon av modellen her og meir stoff om den blant anna her.

Modellen ligg ved Holyland Hotel i utkanten av Jerusalem. Nå blir det meldt at modellen skal flyttast til området ved The Shrine of the Book på Israel Museum. Eg tar dette førebels som ei ubekrefta melding. Eg har saka frå eit oppslag på Porten til Midt-Østen som igjen byggjer på ein artikkel i den israelske avisa Haaretz. På modellen si nettside er flyttinga ikkje nemnt.

Dersom dette er korrekt, vil det vera ein positiv nyhet for historisk interesserte tilreisande. Det vil gjera modellen lettare tilgjengeleg og eit besøk der vil kunne kombinerast med alt det andre Israel Museum har å by på. Og det er ikkje lite!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.