Om å lesa seg opp

“Du lærer ikke noe av å se på gamle ruiner om du ikke har lest deg opp på forhånd. Du skal helst vite før du kommer og ha med deg en som kan fortelle og rekonstruere hus, veier og mer som du kanskje ser små biter av.” Det er Fartein Valen-Sendstad som seier dette i eit intervju i Stavanger Aftenblad (papirutgåva) i dag. Han blir intervjua i samband med at han har gjeve ut bok om Palestina på Jesu tid, ei bok eg tidlegare har omtalt på her på bloggen.

Dette er eit godt poeng. Det er mange nok som har gått på eiga hand og sett på flotte og interessante arkeologiske ruinar utan å få noko ut av det. Dei veit rett og slett ikkje kva dei har sett. Er det merkeleg om dei etterpå sit igjen med inntrykket av at dette var kjedelege greier?

Fartein kjem med to råd i den samanhengen. Det eine rådet er å lesa seg opp før du reiser til ein stad. Det andre er å reisa saman med ein guide som kan fortelja og undervisa på staden.

Å lesa seg opp betyr i denne samanhengen å lesa på førehand om kva du vil sjå og om den historiske og kulturelle bakgrunnen for dette. Kva du les, vil vera avhengig av kor interessert du er og kor mykje tid du vil eller kan bruka. Gode guidebøker er eit flott utgangspunkt for dei fleste, men sjølvsagt vil den som har ein fagleg interesse for stoffet i tillegg lesa noko som går djupare inn i stoffet.

Eg har gode erfaringar med dette. Når eg planlegg reiser, les eg mykje. Og når det gjeld reiser i det bibelske landskapet, som eg har ein spesiell interesse for, er eg ikkje minst interessert i den bibelske historia knytt til dei ulike stadane og til den generelle kulturhistoria i området.

Samtidig er eg slik at eg les enda meir om slike ting etter at eg har vore ein stad for første gong! Då ser eg for meg staden på ein annan måte, og får meir ut av det eg les. Det fører også til at eg oppdagar kva eg ikkje såg då eg var der. Dermed fører det også ofte til planar om nye turar!

Når det gjeld bruk av guide, er det argument både for og mot. Eg syns det er interessant når ein kunnskapsrik person fortel om staden eg er på, men eg likar òg utruleg godt å gå på eiga hand og finna ut av ting sjølv. Likevel: Når det gjeld turar der kunnskap og kultur er det viktigaste, og ikkje sol og avslapning, skal du ha ein del bakgrunnskunnskap for å kunna læra på eiga hand. Og då dreier det seg ikkje minst om dette med å ha lese seg opp på førehand!

Fartein har mykje å fara med på dette området. Han er både faglitterær forfattar og ein svært erfaren reiseleiar bl a i Israel og dei palestinske områda. Om eg ikkje er på same nivå, syns eg det er meiningsfullt å visa andre noko av det interessante stoffet eg sjølv har funne fram til. Derfor skriv eg om bibelsk arkeologi, historie og geografi her på bloggen, og derfor likar eg å formidla gjennom å vera reiseleiar på turar som legg vekt på slike tema.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: