Skapinga

Morbus Norvegicus er ein interessant blogg for den som vil tenkja sjølvstendig omkring kristen tru og etikk. Eg las nettopp ein artikkel der om evolusjon og kreasjonisme. Morten Magelssen argumenterer i artikkelen for at kristen skapartru passar betre saman med tanken om evolusjon enn med ein kreasjonistisk tankegang. Evolusjon betyr utvikling og det dreier seg her altså om koss me forheld oss til Darwin si utviklingslære, eller rettare sagt til dagens naturvitskap som i stor grad byggjer på Darwin si forsking. Kreasjonisme betyr ei tenking der ein meiner at Bibelen sine skapingsberetningar skal forstås bokstavleg, også slik at ein trur Gud skapte verda på seks dagar.

Eg kom då til å tenkja på ein kommentar eg skreiv til ein diskusjon på Påls blogg for omlag eit halvt år sidan. Kommentaren kan stå for seg sjølv, og eg tar den derfor med her som eit innlegg til drøftinga av 1. Mosebok 1-2:

Eg opplever ikkje at det er ein grunnleggjande konflikt mellom naturvitskap og kristen tru. Eg vil heller seia at ei drøfting av forholdet er bra for den som vil vera eit tenkjande og samtidig truande menneske!

Når det gjeld skapingsberetningane i Bibelen, er dei ein del av Urhistoria (1. Mosebok 1,1-11,26). Dette er ein del av Bibelen som verken kan plasserast i tid eller stad. Etter dette kjem Fedrehistoria (frå kap 11,27). Då kjem Abraham og hans ætt på banen og den bibelske historia kan lettare koplast saman med det me elles veit om historia i Midt-Austen.

Når det gjeld rekkefølgja i skapinga, syns eg det seier ein del at Bibelen uproblematisk lar to ulike forteljingar stå ved sidan av kvarandre (1. Mos 1,1-2,4a og 2,4b-25). I den første blir menneska skapte etter plantar og dyr, i den andre blir mennesket/mannen skapt før plantar og dyr!

Eg ser på Urhistoria som forkynnande forteljingar. Hovudbudskapet i skapingsberetningane er at Gud skapte, ikkje koss han gjorde det. Dette siste trur eg derimot naturvitskapen kan seia oss mykje om. Husk at Gud skapte oss med ein hjerne som han gjerne vil at me skal bruka. Men me bør likevel vera bevisste på ikkje å ta alt naturvitskapen hevdar for endeleg sanning. Dette siste ville vel vera uttrykk for intellektuelt hovmod? Vitskap er jo blant anna at nye teoriar får prøva seg mot gamle og etablerte sanningar!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: