Såmannssøndagen 2006

Informasjon frå Det Norske Bibelselskap:

“På Bibeldagen 2006 vender vi blikket mot dei to gamle misjonslanda Etiopia og Kamerun. Begge desse landa har eit stort tal språkgrupper og vesentlege delar av befolkningane kan ikkje lese og skrive. Behovet for omsetjingar av Bibelen og bibeldelar til nye språk er stort. Dette viktige og langsiktige arbeidet vil Bibelselskapet utfordre kyrkjelydar og enkeltpersonar i Noreg til å ta del i!

Bibelomsetjingsprosjekta har mange og gode konsekvensar: Bibelen kan lesast på stadig fleire språk. Program for leseopplæring gjer det muleg for stadig fleire menneske å kunne få lese Bibelen. Eit skriftspråk betyr mykje for sjølvkjensla til små språkgrupper. Gud talar sitt ord til dei på deira eige språk.

Etiopia og Kamerun er hardt ramma av hiv/aids. I desse og fleire andre afrikanske land har kyrkjelydane, i samarbeid med bibelselskapa, starta prosjektet “Kvar er den miskunnsame samaritanen i dag?” Med utgangspunkt i bibelforteljinga om den miskunnsame samaritanen blir dei kyrkjelege nettverka nytta i kampen mot denne epidemien. Gjennom informasjon, dramatisering av bibelforteljing og samtale tek dei på alvor Jesu oppfordring om å gå ut og vere samaritanar i ein situasjon der heile generasjonar er ramma av den drepande sjukdomen.

På Bibeldagen 2006 vil vi gi gje vidare ei direkte oppfordring frå leiaren i Bibelselskapet i Etiopia til norske bibelvener: “Be for oss!” Vi utfordrar samstudens kvarandre til å vere med og støtte bibelmisjonen i Kamerun og Etiopia, så Guds ord kan høyrast i folk sin kvardag på eit språk dei kan forstå.”

I tillegg til denne informasjonen frå Bibelselskapet, kan eg jo ta med ei lita oppdatering på kyrkjeåret: Søndag 12. februar er Såmannssøndagen, eit namn som har samanheng med dei tekstane frå NT som blir lesne i kyrkjene denne søndagen. I økumenisk samanheng blir dagen enkelt og greitt kalla Bibeldagen. Dei fleste kyrkjene i Norge samlar seg denne dagen om prosjekta som Bibelselskapet legg fram for markeringa av dagen.

Evangeliet for Såmannssøndagen er i år henta frå Markus 4,26-32. Teksten inneheld to små likningar av Jesus, ei om såkornet og ei om sennepsfrøet:

Han sa: «Med Guds rike er det slik: Det er som når ein mann har sådd kornet i jorda. Han søv og står opp, det blir natt, og det blir dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til. Av seg sjølv ber jorda grøde, først strå, så aks, så fulle korn i akset. Så snart grøda er mogen, svingar han sigden, for hausten er komen.» Og han sa: «Kva skal vi samanlikna Guds rike med? Kva likning skal vi bruka? Det er som sennepsfrøet. Når det blir sådd, er det mindre enn noko anna frø på jorda. Men når det er sådd, skyt det opp og blir større enn alle hagevokstrar og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: