Yad Vashem

I dag (27.01.2006) er det FNs årlege internasjonale Holocaust-dag. Holocaust er namnet på folkemordet som nazistane under 2. verdskrig stod ansvarlege for. Hovudsakleg gjekk dette ut over det jødiske folket, det blei faktisk drept så mange som seks millionar jødar i løpet av få år før og under krigen.

Yad Vashem i Jerusalem er Israels nasjonale Holocaust-museum. Eg besøkte staden sist i april i fjor, og då var det nettopp opna eit nytt hovudbygg med sterke utstillingar og spesiell arkitektur. Me blir leia gjennom ei utstilling over jødisk kultur, antisemittismen, Holocausts tragediar og jødisk motstandskamp.

Israel oktober 2006 294Når me kjem ut frå bygget, står me plutseleg på ein terrasse med storslått utsikt over skogkledde dalar og busetnad i det fjerne. Kanskje museums-pedagogane med dette vil seia noko om kor mykje dette landet har betydd for jødane som har kome tilbake dit etter krigens redslar?

6a00d8341cb87053ef00e54f6093d28834-640wiElles er det fleire bygg, mellom anna eitt som er reist til minne om barna som mista livet i Holocaust. Her går me inn i mørke. Eit lite lys lyser opp, men ved hjelp av speil plassert rundt i rommet, blir det eine lyset til tusenvis av små lyspunkt. Heile tida høyrer me ein stemme som les opp namn og alder på barn som gjekk bort. Skulpturen på biletet gir eit inntrykk av kunsten som ein møter på staden.

Stavanger Aftenblad har ein stor artikkel om Yad Vashem i vekemagasinenet Pluss idag, skriven av Harald Maaland (i papirutgåva, ikkje på nettet). Her er museet nærare skildra. Eg saksar desse linjene frå artikkelen:

“Vil du prøve å forstå jødene og Israel – og menneskeheten – bør du dra til Yad Vashem. Mange har vært i Auschwitz og Birkenau eller andre tidligere konsentrasjonsleirer og forsøkt å ta tragedien inn over seg. Du slås til marken av ondskapens omfang og grundighet, men hvor lett er det til å trekke trådene til i dag? Yad Vashem gjør det. Derfor er det jødenes og Israels viktigste minnesmerke.”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: