Dødehavsrullane

Img_6529_qumran Heilt sidan Dødehavsrullane blei funne i holer i ørkenen ved Dødehavet i 1946 og åra etterpå, har det vore stor interesse for desse skriftene. Dødehavsrullane er gamle handskrift frå ei jødisk gruppering som levde i eit klosterliknande fellesskap ved Dødehavet dei siste hundre åra før Jesus og fram til busetjinga deira blei øydelagt av romerske soldatar under den jødiske krig i år 68 e. Kr. Staden dei levde heiter i dag Qumran. Folket som budde der tilhøyrde den jødiske retninga essearane.

Det første biletet er frå utgravingsområdet i Qumran, med Dødehavet i bakgrunnen. Det andre biletet viser terrenget i ørkenen der holene med Dødehavsrullane blei funne.

Img_6517_qumran_1 Det er nyleg opna ein ny og norsk blogg med stoff om Dødehavsrullane: qumran.no. Denne bloggen har mykje interessant stoff knytt til staden og folket som budde der. Bloggen er skriven av Qumran-spesialisten Anders Aschim, som eg tidlegare har omtalt i innlegget BlixBlog.

Nettsida qumran.no er elles mykje meir enn ein blogg. Her ligg det ein heil del interessant stoff om fellesskapet i Qumran, f eks ein artikkel som ifølgje Anders gir ein kort introduksjon.

Det har tatt svært lang tid å publisera skriftene som blei funne i Qumran. Dels fordi det har vore eit tidkrevjande arbeid å undersøkja dei og dels av grunner som ikkje er så hyggelege, f eks kamp om prestisje mellom ulike forskargrupper. Nå er omsider alle tekstane offentleggjort. Heldigvis. Bokklubben har i 2004 gjeve ut ei norsk utgåve av Dødehavsrullene i serien Verdens hellige skrifter. Det innleiande essayet av Torleif Elgvin er svært godt skrive!

I samband med at det har tatt lang tid å publisera skriftene som blei funne i Qumran, har det blitt sett fram ulike konspirasjonsteoriar. Anders går grundig inn i denne problematikken på qumran.no, og argumenterer mot slike teoriar. Desse teoriane er i dag eigentleg uinteressante, fordi skriftene i Dødehavsrullane nå er offentleggjort, og det er dokumentert at innhaldet ikkje er av ein slik art at det var grunnlag for konspirasjonsteoriane. Likevel viser det seg at slike teoriar har stor overlevingsevne!

Eit meir interessant tema når det gjeld Dødehavsrullane, er om det kan finnast nokon samanheng mellom essearane i Qumran og Det nye testamentet. Det er ikkje funne nytestamentlege skrifter i Qumran, men det var heller ikkje venta med tanke på at Dødehavsrullane er litt eldre enn NT. Den israelske informasjonsfilmen som blir vist til turistar som kjem til Qumran, hevdar at Døyparen Johannes kanskje hadde bakgrunn frå fellesskapet. Dette er ein teori som aldri er blitt påvist. Faktisk trur eg det er mykje som talar mot denne teorien.

Då har eg meir tru på teorien som er kasta fram om at mannen som bar ei krukke med vatn i Jerusalem (Mark 14,13) kan ha tilhøyrt essearfellesskapet i det sørvestre hjørnet av Jerusalem. Normalt var det kvinner som henta og bar vatn. Kan dette vera eit lite signal om at Jesus hadde kontaktar i essear-miljøet?

Img_6082_shrine_of_the_bookEg har tidlegare skrive ein meir dagbokprega artikkel frå ein tur eg hadde til området ved Dødehavet i fjor, bl a til Qumran. Sjå Dagstur til Dødehavet.

Ved Israel Museum i Jerusalem er det ei fantastisk utstilling over Dødehavsrullane: The Shrine of the Book.  Bygningen (biletet) er forma som toppen av ei slik krukke som dei gamle skriftene blei funne i.

For den som vil finna enda meir stoff på nettet, vil eg anbefala The Orion Center for the Study of the Dead Sea Scrolls and Associated Literature (Det hebraiske universitetet i Jerusalem).

Èitt svar til Dødehavsrullane

  1. Takk for interessant lesing og gode linker videre inn i temaet. Dette skal jeg lese mer om.

    Bloggen din – som jeg ikke har lest før – er et friskt pust i en ellers “blogge-om-katten”-kultur som det har blitt en del av.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: