Tilbakeblikk

Eit tilbakeblikk på året som har gått vil vel vera på sin plass her på bloggen i dag. Nokon fullstendig årsmelding har eg ikkje tenkt å prestera. Men nokre tankar vil eg gjerne dela.

Prestetenesta

Kva gjer eigentleg ein prest? Det er eit spørsmål eg får ein gong iblant. Av og til er eg klar og har eit fornuftig svar parat. Andre gonger veit eg ikkje kva eg skal seia eller kor eg skal begynna. I dag er det eg sjølv som stiller spørsmålet: Kva er det eigentleg eg gjer når eg er prest?

Hovudoppgåva er å forkynna det kristne budskapet om Jesus gjennom "å forvalta Ord og sakrament". Men kva vil det seia i praksis? Vel, for det første: Ingen dagar er like. Det har dei heller ikkje vore dette året. Dagane er som oftast fylte med mange ulike oppgåver. Det dreier seg sjølvsagt om førebuing og leiing av gudstenester, gravferd og vigslar. Men også om samtalar med menneske i mange ulike livssituasjonar, om forkynning og undervisning, om planleggings- og samarbeidsmøte med andre kyrkjeleg tilsette og frivillige medarbeidarar og mykje meir. For det andre: Midt i alt dette er viktig å sjølv skaffa seg påfyll og inspirasjon gjennom å setja av tid til studium og personleg fornying. For det tredje: Eg treff utruleg mange menneske gjennom prestetenesta. Flotte og interessante menneske. Det er faktisk aldri kjedeleg å vera prest!

Er det mykje å gjera? Har du nokon gong fri? Slike spørsmål får eg også. Eg pleier å svara at periodevis kan det vera ganske travelt. Heldigvis er det også rolegare periodar. Det er forresten mange yrker som er krevjande, så dette er jo ikkje noko spesielt for mi yrkesgruppe. Samtidig må eg seia at me prestar gjennom dei siste åra har fått mykje betre fritidsordningar som sikrar oss fridagar og frihelger, i tillegg til at me sjølvsagt har den same ferien som alle andre.

Familielivet og fritida

Eg har ikkje tenkt å gjera dette til noko veldig privat, så her tar eg bare med det heilt sentrale:  Mine næraste er kona mi, Inger (som er tekstilkunstnar og kulturskulelærar), og våre fire ungdomar; to vaksne ungdomar som har flytta ut som studentar og to vaksne ungdomar som bur heime og går på vidaregåande skule. Året 2005 har innehalde mange gode fellesopplevingar, og me har det bra saman, sjølv om me også finn på litt av kvart kvar for oss (den som har fulgt familien på bloggen veit f eks at Inger har sykla Nordkapp-Lindesnes åleine i år og at eg har vore på diverse turar til sydlege breiddegradar).

Eit høgdepunkt i sommar var ferien på Solgården i Spania, der eg var saman med våre to yngste ungdomar. Me hadde 14 herlege dagar med mykje sol og varme og gode opplevingar, saman med mange flotte menneske. Eg var leiar for opplegget som var ein feriereise for familiar og vaksne i alle aldrar, arrangert av Fokus Reiser.

To andre interessar som eg har dyrka i året som ligg bak, må òg nemnast: Eg trivst svært godt når eg kjem meg opp i fjellet i Ryfylkeheiane, og eg trivst også svært godt når eg set meg ned med ei god bok. 

Fagleg interesse kombinert med reiseliv

Dei siste åra har eg blitt meir og meir interessert i det eg her på bloggen har kategorisert som Bibelsk arkeologi, historie og geografi. Det dreier seg først og fremst og den nytestamentlege delen av Bibelen. Eg syns det er viktig at den kristne trua er ein historisk religion, først og fremst ved at Gud konkret kom inn i vår historie og geografi. Det betyr òg at eg aldri blir ferdig med å søkja kunnskap om Jesu kome og om den tida og det samfunnet han kom inn i. Det nye testamentet er rett og slett ei utruleg interessant bok! Men denne interessen har også ført til ein generell interesse for dagens folk og situasjon i Israel og dei palestinske områda. Spesielt har eg eit engasjement for dei som trur på Jesus i Det Heilage Landet i dag! Dei er ikkje mange, men treng vår støtte. Dette gjer at eg har eit engasjement for Den Norske Israelsmisjon sitt arbeid.

I 2005 har denne interessen ført meg til Israel/dei palestinske områda og til Tyrkia. I april hadde eg permisjon og budde tre veker i Jerusalem mens eg deltok på studieprogrammet "Pastoral Erfaringsutveksling". Eg har skrive nokre artiklar frå denne perioden her på bloggen. Og så har eg vore to turar til Tyrkia på besøk til bibelhistorisk og kyrkjehistorisk interessante stadar. Først i mai/juni på rekognosering og så i oktober då eg var ein av reiseleiarane på ein tematur med deltakarar frå menighetane her i prestegjeldet. Eg har òg skrive ein del frå desse turane her på bloggen. Den som leiter, vil nok finna dette stoffet.

Takk for det gamle …

Då står det bare att å seia "Takk for deg gamle …" til lesarane av bloggen. Eg held meg til tradisjonen og ventar til i morgon med å seia "Godt nytt år"!

One thought on “Tilbakeblikk”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.