3. søndag i advent

Denne søndagen er det mykje snakk om Døyparen Johannes i kyrkjene. Korfor har han ein plass i den kristne forkynninga i adventstida? Jo, det dreier seg om at det skjedde noko grunnleggjande nytt då Jesus kom til jorda, og Johannes er ein overgangsskikkelse som peiker på det nye som bryt fram.

Likevel vil eg seia at det er Jesus og hans kome til oss som er i sentrum også på denne adventssøndagen. Bibeltekstane for dagen i dag utfordrar oss bl a på koss me tar imot han når han kjem. Du finn tekstane i Jes 40,1-8 / 2. Pet 1,19-21 og Matt 11,11-19 i Bibelen.

I evangelieteksten frå Matt 11 er det for øvrig eit bibelvers som det er svært omdiskutert koss ein skal omsetja. Eg tar med dette for å visa at NT 05 faktisk ikkje bare fornyar NT språkleg, men at den nye utgåva også følgjer utviklinga i bibelforskinga og gjer enkelte innhaldsmessige endringar der Bibelselskapet meiner det er best. Og eg har faktisk stor tiltru til dei teologane som arbeider med desse spørsmåla i Bibelselskapet!

I 1978/85-utgåva var Matt 11,12 omsett slik: “Frå Johannes døyparens dagar og til no vert himmelriket storma, og dei som stormar det, riv det til seg.”

I NT 05 er verset omsett slik: “Frå Johannes døyparens dagar og til no trengjer himmelriket seg fram, og dei som trengjer på, riv det til seg.”

I omsetjarane sine kommentarar blir det slått fast at dette er eit omdiskutert bibelvers. Bakgrunnen for den nye omsetjinga er at ein ser for seg at det er forma med bakgrunn i den messianske teksten i Mika 2,12f. “Guds endelige inngripen i verdens historieløp nærmer seg med uimotståelig kraft (jfr Luk 16,16), og på samme måte som når en saueflokk trenger på for å komme gjennom grinda fra innhegningen og ut til de grønne gressgangene, slik trenger menneskene på for å komme inn i Guds Rike, til den messianske frihet.” (Kommentar til Matt 11,12 i NTR 3)

Relaterte artiklar:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: