2. søndag i advent

Denne helga er det 2. søndag i advent 2005. Det er ei veke sidan me fann fram den første adventspynten heime hos oss. Det eine lyset i adventsstaken har omtrent brunne ned, og frå søndag morgon skal det brenna to lys i staken. Eg har lese dei første kapitla i Julemysteriet av Jostein Gaarder. Og sjølvsagt har eg (som vanleg) også nokre andre leseprosjekt på gang!

Eg syns adventstida er ei fin tid. Det er mange gode tradisjonar knytt til desse vekene, både heime og i kyrkja. Og sjølv om eg er vaksen, har eg vel lov til å seia: Eg gleder meg til jul!

Adventstida handlar om at Jesus kjem til oss, og det på mange ulike måtar. Den andre søndagen i advent har som sitt spesielle tema at Jesus ein dag skal koma synleg tilbake til jorda. Når me høyrer og les om dette, er det viktig å huska at det er den same Jesus som kjem på denne måten, som me kan lesa om og bli kjent med gjennom Det nye testamentet.

“Julens lille barn, påskens lidende tjener og gjenkomstens seierherre er en og samme person.” Dette skriv ein av dei kristne forfattarane som eg har stor sans for, Knut Grønvik, i ein artikkel der han kommenterer bibelteksten for 2. søndag i advent.

Relaterte artiklar:

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: