Damaris

20/11/2005

Damaris er ei spennande nettside som koplar kristen tru og samtidskulturen. Det betyr at her finn du stoff om aktuelle bøker, filmar, fjernsynsseriar, teikneseriar mm. Og det at Damaris koplar det opp mot kristen tru, betyr slett ikkje at nettstaden er negativ til samtidskulturen. Nei, poenget er å sjå etter kva som er bra og kva som ikkje er bra. Her er det mykje å henta for den som har lyst til å ha velbegrunna meiningar om det som er aktuelt i mediebiletet.

Damaris er eit internasjonalt foretak. Damaris Norge er eit nettverk av medarbeidarar over heile landet. Bl a finn du desse lokale bidragsytarane her frå Bryne:

Kanskje det også kan vera av interesse å vita at Damaris har tatt namnet sitt frå ein person i NT? Ho var ei av dei som blei kristne då Paulus møtte sin samtidskultur på Areopagos i Athen. Les meir om dette kulturmøtet her. I Apostelgjerningane 17,34 er dette omtalt slik: "Men det var nokre som heldt seg til han og kom til tru. Mellom dei var Dionysios, ein av Areopagos-domarane, og ei kvinne som heitte Damaris, og nokre andre."


Månafossen og Mån

19/11/2005

Sist sundag var eg på familietur til Månafossen og Mån. Det var ein flott tur opp til Månafossen som har 90 meters høgde og som nå etter alt regnet var utruleg stor. Og ein ikkje mindre flott tur vidare opp til Friluftsgarden Mån. Med det veret me hadde, var det luksus å kunna sitja innandørs i den flotte varmestova med nistepakken og kaffien!

(Dette notatet er skrive i november 2005)

6a00d8341cb87053ef00e54f469c998833-640wi

Eg syns Mån er ein fantastisk plass, med elv og sletter under stupbratte fjellsider, og med Fidjadalen som lokkar innover i fjellet. Dette er eit område eg har mange minne frå. Her reiste eg på turar då eg var tenåring, lenge før turistforening merka løyper i området og friluftsrådet restaurerte den gamle fjellgarden.

Dei lengste og tøffaste turane var nok dei to gongene eg gjekk helgetur frå Eikjeskog i Frafjord til Lysebotn. Det var før vegen mellom Lysebotn og Sirdalen var bygd, og me gjekk då ned til Lysebotn på ein sti som stupte utfor fjellsida omtrent der dagens veg med hårnålssvingar går. På den tida hadde turistforeninga sjølvsagt heller ikkje hytter på Blåfjellenden og ved Langavatn. Det var ein utruleg lang og krevjande tur for ein 14-15 åring, men samtidig noko av det eg verkeleg huskar frå turlivet mitt som tenåring.

Sidan har eg gått mykje i desse fjellområda der turistforeninga nå har bygd hytter og merka løyper. Det er eit fint turområde som ligg lett tilgjengeleg for oss som bur i Sør-Rogaland. Eit heilt spesielt forhold har eg fått til Sandvatn-hytta. Når eg skriv dette, rippar eg forresten opp i det frustrerande forholdet at eg i heile 2005 ikkje har kome meg på tur dit!

Men tilbake til dagsturen sist helg. Det var ein vellukka tur, reint bortsett frå at eg på veg ned frå Mån var uheldig og fekk eit hardt slag i hovudet. Dette førte til smerter i hovud og nakke, som igjen førte til at ”eg skulle ta det med ro ei tid” (les: sjukemelding). Ikkje noko kjekt! Men trass i at eg har kome skada heim frå dei to siste fjellturane mine, meiner eg framleis at det er mykje farlegare å driva med fotball enn med fjellturar!


Danmarks beste kyrkjelege heimeside

16/11/2005

Kristeligt_dagblad_internettkonkurranse_ Koss kan ein best utnytta Internett som informasjonkanal? Det er det mange som er opptatt av. Også i kyrkjelege kretsar. Den danske avisa Kristelig Dagblad har nyleg hatt ein konkurranse der dei ville kåra Danmarks beste kyrkjelege heimeside. Kanskje me i Den norske kyrkja også kan ha nytte av å sjå på resultatet av den konkurransen?

Vinnaren blei nettsida Folkekirken i Roskilde Stift. I tillegg til å sjå på vinnarsida, kan det vera av interesse å lesa vurderinga til juryen i konkurransen.

Karakteristisk for denne heimesida er at den ”rummer en mangfoldighed af informationer. Den er spændende at gå på opdagelse i og overraskende ved sin alsidighed.  Hjemmesiden formår at nå bredt ud. Ved sin grundige beskrivelse af kirken og dens ritualer åbner den dørene for enhver, der måtte have interesse for at vide mere om Den danske Folkekirke. Her bliver man taget seriøst og hjulpet på vej til at finde svar på de spørgsmål, man måtte have om kirken. Samtidig er den inspirerende og tør være nytænkende.”

Kanskje ikkje våre sider hadde nådd opp i den konkurransen? Likevel: her finn du linkar til Den norske kyrkja sentralt, regionalt og lokalt her på Bryne:


NT 05

15/11/2005

I desse dagar blir ei ny utgåve av Det nye testamentet lansert: NT 05. Boka blir gjeve ut samtidig på bokmål og nynorsk. Teksten er alt å finna på www.bibelen.no  Frå neste veke blir bøkene til sals hos bokhandlarane.

Bibelselskapet reklamerer for den nye utgåva slik: "Ei god omsetjing er blitt enda betre. Nærare grunnteksten. Nærare språket vårt. Nærare bileta." Og ut frå det eg har sett og lese, trur eg dei har rett!

I sist veke hadde me som er prestar i Jæren prosti, ein fagdag der me lærte meir om arbeidet som ligg bak NT 05. Me hadde besøk av den teologiske hovudkonsulenten for omsetjingsarbeidet, Gunnar Johnstad. Han er til dagleg førsteamanuensis på Norsk Lærarakademi i Bergen. Han gav oss eit spennande innblikk i dei problemstillingane som ein bibelomsetjar må arbeida grundig med.

Du finn stoff om lanseringa av NT 05 på Bibelselskapets nettside. Her er det linker til mange interessante artiklar om NT og om bibelomsetjing.

For dei som stiller seg spørsmål om korfor Bibelselskapet kjem med ein revisjon av NT nå, anbefaler eg spesielt artikkelen: Hvorfor en ny oversettelse nå?

For dei som er opptatt av diskusjonar om koss NT blei til, vil eg spesielt anbefala følgjande artikkel: Oskar Skarsaune: Det nye testamentets tekst og kanon.


Toleranse

14/11/2005

Toleranse blir ofte oppfatta som å meina at alt er like bra. Men eigentleg betyr toleranse å akseptera andre sine meiningar. Det er noko anna!

Eg meiner at toleranse (i den siste betydninga) er noko bra. Det dreier seg om dette: Skal du vera tolerant, må du vita kva du sjølv står for og vera trygg på det! Då kan du òg akseptera at andre opplever saka annleis.

Toleranse blei i dag eit tema ved opninga av Kyrkjemøtet 2005. Les meir om dette i artikkelen Toleranse i fokus.


Toleranse i fokus

14/11/2005

Thor Bjarne Bore som er leiar i Kyrkjerådet, heldt i dag opningstale på Kyrkjemøtet 2005. Der kom han inn på dette med toleranse. Han kom òg inn på forholdet mellom toleranse og misjon. Eit interessant tema! Hovudtema for Kyrkjemøtet i år er kva det vil seia at Den norske kyrkja er «ei misjonerande kyrkje».

Eg tar med eit par avsnitt frå Thor Bjarne Bore sin tale:

«Den populære oppfatningen av toleranse – at ingen bør holde seg med ”intolerante standpunkter”, altså standpunkter som flertallet kan ha noe imot – vil i virkeligheten føre til at alle må beklippe sine syn, slik at de ikke støter noen. Alle pålegger seg selv, og dermed andre, en flertalls-sensur.
For kirken vil det være en trussel mot egen eksistens. Det budskap som er oss gitt, kan ikke underkastes noe flertallsvotum., Det er ikke garantert mot å vekke anstøt, og skal det lyde i sin bredde, må det også være med krav på universell gyldighet, for det ligger i sakens karakter: Det er et budskap fra Skaper til skapning, derfor må det gjelde alle. At ikke alle opplever det slik, det er den smertelige situasjon vi lever i, i splittelsens og fallets verden.

Toleranse vil i den sammenheng si at budskapet får lyde, men at det aldri må settes makt bak det. Men beklipper man budskapet, svikter man både toleransen og budskapet. Det er jo nettopp derfor vi trenger toleransen: for at alle skal få ytre seg i full bredde, med hele sin oppfatning.»

Bore held fram:

«Av samme grunn blir det galt å spille misjon og toleranse ut mot hverandre. Toleransen må tåle at budskap som gjør krav på universell sannhet, forkynnes. Bare da kan toleransen bli satt på prøve. Og bare da kan budskapet utfoldes i sin bredde. Men til gjengjeld må det ikke stilles en makt bak budskapet som forhindrer motsigelse, debatt og helt andre oppfatninger. Flere krav på å være sannhet må få leve side om side. Løsningen på det dilemma som ligger i forholdet mellom toleranse og pretensjoner om noe allmenngyldig, ligger i at man ikke løser dilemmaet. Lager man et kompromiss – litt mindre ambisjoner med budskapet, og litt mindre enn total toleranse – så blir resultatet ingen av delene: Ingen klare posisjoner, men heller ingen reell toleranse. Da får vi lett et flertallsdiktatur, der innholdet blir en slags trendenes stadig skiftende ti på topp.

Misjon kan i stedet bli en virkelig prøvestein på toleransen, også fordi man ikke kan vite hvordan det kristne budskap vil ta form i en ny kontekst. Det er en del av inkarnasjonen at evangeliet skal forkynnes på alle tungemål, og det vil også si at det virkelig finnes en kristendom på norsk – eller riktigere: det finnes flere kristendomsformer på norsk – en annen på japansk og en tredje på amhari – og det skal være slik. Det samme resonnementet kan gjøres gjeldende i forholdet til kultur. Den tradisjonelt lavkirkelige motstanden mot kultur, som har mistet mye av sin makt også blant lekfolket i våre dager, var ikke en kristendom uten kultur, men en kristendom som tok avstand fra en bestemt type urban kultur, kanskje også en overklassens kultur. I stedet ville man ha en lekfolkets kultur, preget av alvor og nødvendighet.»


Fangar fann gamal kyrkje

09/11/2005

Det er ikkje kvar dag det kjem stort oppslag om eit arkelogisk funn på førstesida i ei dagsavis. I går skjedde det, og eg med mine (litt spesielle?) interesser sette mest morgonkaffien fast i halsen då eg las om funnet av det som kan vera ei kyrkje frå 200-talet.

Ikkje nok med at dette i så fall er veldig interessant for kyrkjehistorisk og arkeologisk forsking. Sjølve historia om koss restane etter den gamle kyrkja kom for dagen, er jo også fascinerande! Eg saksar litt frå artikkelen i Vårt Land:

"Razilo var ein av 60 fangar som vart sett til å grave ut tomta til påbygg av Megiddo-fengselet nord i Israel. Stor var overraskinga då han og medfangane fann mosaikk med bilete av det gamle kristne symbolet fisken og tekstar som kan kaste nytt lys over nattverdfeiringa i den tidlegaste kristne kyrkja.

Israelske arkeologar trur dei har funne restar av ei kristen kyrkje bygd allereie på 200-talet, fleire tiår før keisar Konstantin innførde kristendommen som statsreligion i det bysantiske imperiet.
– Det er ein svært gammal konstruksjon, kanskje den eldste i Det heilage landet, seier sjefarkeolog Yotam Tefer, ifølgje Kristeligt Dagblad."

Den norske forskaren Torleif Elgvin uttaler i ein kommentar til Vårt Land 08.11 at kyrkja, viss dette stemmer, er ei av dei tre eldste kyrkjene som er gravde ut. Dei to andre finn me i Akaba i Jordan og i Dura Europos i Syria.

Meir stoff om funnet:


%d bloggarar likar dette: