Prokoros

På Patmos er folket opptatt av tradisjonane som er knytt til Johannes sitt opphald på øya omkring år 95.

Ein tradisjon som er viktig for dei, seier at apostelen hadde med seg Prokoros som sekretær då han var forvist til øya, og at sekretæren skreiv ned det Johannes såg i openberringane. Prokoros er ein mann som er nemnt i Bibelen ein gong (Apg 6,5), og då i ein heilt annan samanheng.

Eg hadde tidlegare lese om dette i boka Englenes byer (som eg for øvrig vil anbefala på det varmaste!), men ikkje lagt så mykje i det. På Patmos var det derimot tydeleg at han var viktig, det forstod eg både av det guiden sa og av det eg såg på ulike ikon på øya.

Eg kjøpte med meg heim ein reproduksjon av eit ikon frå Johannesklosteret. Det viser Johannes som ser inn i himmelen og Prokoros som sit ved sida av og skriv det Johannes dikterer.

Ein ting som er spesielt ved motivet på ikonet, er at den greske teksten som Prokoros sit og skriv, er opningsorda i Johannesevangeliet, ikkje i Johannes Openberring! Guiden vår fortalde at dette var fordi tradisjonen på Patmos seier at Johannes også begynte å skriva evangeliet sitt på Patmos, og at han seinare gjorde det ferdig i Efesos!

Prokoros er altså nemnt i Apg 6,5 i samband med at sju menn blei kalla til diakonteneste i den første kyrkjelyden i Jerusalem. Han var ein av dei. Den mest kjente av desse er Stefanus som blei den første kristne martyren (Apg 6,8 ff). Ein annan er Filip, som me møter igjen som evangelist i Apg 8. Men dei andre fem (altså Prokoros og fire andre) står det ikkje meir om i NT.

Då eg kom heim, prøvde eg å finna ut om tradisjonen om Prokoros var nemnt i nokre av bøkene eg har om Apostelgjerningane. Og jo då: F. F. Bruce skriv i kommentaren sin: “Later tradition represents Prochorus as amanuensis of John the Evangelist, as bishop of Nicomedia and as martyred at Antioch.”

Eg syns det er interessant å høyra om desse gamle tradisjonane. Dei er nok likevel ikkje så gamle at dei går tilbake til den første kristne tida. Det er nok tryggast å rekna med at desse spesielle tradisjonane som står så sterkt på Patmos, er relativt unge og historisk sett ganske usikre. Eg har i alle høve ikkje funne noko belegg for at dette er historiske teoriar som har støtte blant forskarar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: