Patmos

Patmos 1“Velkomen til den nest heilagste staden i verda etter Jerusalem”, sa guiden til gruppa vår då me gjekk i land på den greske øya Patmos (oktober 2005).

Eg er ikkje sikker på om eg er med på å setja opp ei slik liste. Viss eg skulle gjera det, trur eg at eg ville setja både Betlehem og Jerusalem framfor Patmos.

Uansett: Patmos er ein viktig stad i bibelsk perspektiv. Her var det Johannes fekk sine openberringar då han ca år 95 var forvist til øya på grunn av trua på Jesus. Desse openberringane er det me i dag kan lesa i den siste boka i NT.

På biletet ser du ein del av Patmos, med hamnebyen Skala.

Første stopp på øya var Openberringsgrotta, ei grotte som nå er bygd inn i eit kapell. Over inngangen var det eit ikon av apostelen Johannes og over det innskriften: “Kor skremmande han er, denne staden! Her er Guds hus, her er porten til himmelen” (1. Mos 28,17). Johannes budde visstnok ikkje her, tradisjonen fortel at han budde nede ved hamna i Skala. Men han gjekk hit opp og hadde denne grotta som sin bønestad. Her fekk han ro, og her hadde han sine openberringar.

Eg vil ikkje akkurat seia at staden var skremmande. Tvert imot var det ei sterk og fin oppleving å besøkja grotta, men me skulle gjerne hatt betre tid i ro og fred der. Problemet var at nye grupper stod i kø utanfor for å få koma inn.

Me fekk sjå eit stort bilete av Jesus slik han er skildra i Op 1: “Eg snudde meg for å sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju lysestakar av gull, og midt mellom lysestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa. Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og auga som logande eld, føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder. I si høgre hand hadde han sju stjerner, og or munnen hans gjekk det ut eit kvast, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft.”

holy MonasteryNeste stopp var Johannesklosteret på toppen av øya. Klosteret har stått der i ca 1000 år. Me fekk omvisning i klosterkyrkja med mange flotte maleri og ikon. Etterpå fekk me heldigvis tid både til å vera for oss sjølve i bøn og ettertanke og til å gå rundt og sjå nærare på klosteret.

Johannes var eigentleg leiar for kyrkja i storbyen Efesos den siste delen av livet sitt. Men under keisar Domitian, som forfulgte dei kristne, blei han forvist til Patmos. Der var han i halvanna år. Då Domitian blei myrda og den nye keisaren gav fangar amnesti, fekk Johannes reisa tilbake til Efesos. Men han hadde ikkje vore forgjeves på Patmos; i tillegg til å ha mottatt openberringar frå Jesus, hadde han forkynt evangeliet for dei som budde på øya. Tradisjonen fortel at han før han reiste tilbake til Efesos, døypte mange som var blitt kristne i løpet av tida han var der. Og før me reiste tilbake til Efesos-området i Tyrkia, hadde me andakt på Johannes sin dåpsstad.

Slik skildrar han sjølv opphaldet på Patmos og koss det starta då han fekk openberringane:

Eg, Johannes, bror dykkar, som i Jesus står saman med dykk i trengsla og riket og håpet, var på øya Patmos. Dit var eg komen på grunn av Guds ord og vitnemålet om Jesus. På Herrens dag kom Anden over meg, og eg høyrde ei røyst bak meg, sterk som ein basun. Ho sa: «Det du får sjå, skal du skriva i ei bok og senda til dei sju forsamlingane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.» (Op 1,9-11)

Johannes var truleg på Patmos i 1,5 år. Eg var der i 3,5 timar. For Johannes var ikkje opphaldet frivillig. Han ville nok snarast råd tilbake til Efesos. Eg var derimot ikkje klar for å reisa frå øya då båten skulle gå tilbake til hamnebyen Kusadasi nær Efesos. Eg ville gjerne vore der lenger og opplevd meir av det øya har å by på. Men turen til Patmos var denne gong bare ein dagstur i samanheng med ein tur i Tyrkia. Og programmet inne på fastlandet var jo like spennande, for der fekk me blant anna besøkja dei fleste av dei stadane Johannes skreiv brev til.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: