Frans av Assisi

Oppdatering: Sjå også notata Studietur til Assisi 2014 og Cimabue: Frans av Assisi

I dag er det Frans av Assisi sin dag (4. oktober 2005). Det kunne vore utgangspunkt for ein lang artikkel. Det har eg ikkje tid til å skriva i kveld. Men nokre tankar og linkar knytta til Frans vil eg likevel ha med på bloggen i dag.

Frans er ein spennande person frå kyrkjehistoria. Trass i at han levde for 800 år sidan, er han ein person som framleis inspirerer kristne over heile verda med sitt budskap:

  • arbeid for fred
  • kjærleik til naturen
  • ideal om frivillig fattigdom

Her er ei par linkar til meir stoff om Frans:

Eg var i Assisi hausten 2001 på ein studietur for prestar i Stavanger bispedøme. Det var ein spesiell by å besøkja. Ikkje minst den store katedralen som blei bygd over Frans si grav kort tid etter hans død i 1226, gjorde sterkt inntrykk. På veggene og i taket er det malt flott kunst med scener frå Frans sitt liv. Men Assisi var framleis prega av eit jordskjelv som dessverre øydela mykje i 1997.

Her i Norge er han kanskje mest kjent for bøna som me kallar Frans av Assisis bøn. Bøna er ikkje skriven av Frans. Norsk Bønebok oppgir at den er skriven av ein anonym ca 1913. Men den er i alle høve ei bøn inspirert av hans liv og teneste. Eg tar derfor med bøna her, i nynorsk omsetjing som eg har funne i ei anna bønebok.

Herre, gjer meg til ein reiskap for din fred. Hjelp meg å spreia kjærleik der hatet herskar, tru der tvil råder, håp der det er angst og naud. Hjelp meg å få koma med tilgjeving der det er gjort urett, å skapa forsoning der det er strid, å spreia lys der det er mørke, å gje glede der sorg tyngjer.

Meister, hjelp meg å søkja ikkje så mykje å bli trøysta som å trøysta, ikkje så mykje å bli forstått som å forstå, ikkje så mykje å bli elska som å elska.

For det er ved å gje at vi får, ved å tilgje at vi blir tilgjevne, ved å missa vårt liv at vi finn det. Det er ved å døy at vi står opp til æveleg liv.

2 svar til Frans av Assisi

  1. Nils Hesthagen seier:

    Eg leitar etter eit sitat av Frans av Assisi. Eg las dette frå ei tid sidan. mest truleg i Aftenposten. Sitatet handlar etter det eg hugsar om levereglar for ekteskapet eller kanskje meir generelt om samlivet mellom mennesker. Dei få setningane eller utsagna inneheld, slik eg hugsar det, den ultimate livsvisdom. – Kan du hjelpe meg på sporet?
    Helsing Nils Hesthagen

  2. Arne seier:

    Takk for tilliten, Nils! Eg ser ikkje for meg kva sitat dette skulle vera, nei. Eg håper du finn fram til sitatet likevel. Kva med å spørja Aftenposten?
    Veit du forresten at det i morgon (4. okt) er Frans av Assisis dag?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: