Bibelsk arkeologi, historie og geografi

6a00d8341cb87053ef00e54f5676d98834-640wi01.10.2005: Det er lenge sidan eg har skrive artiklar på bloggen innanfor kategorien Bibelsk arkeologi, historie og geografi sjølv om dette er eit tema eg liker veldig godt å arbeida med. Men eg har stoff til mange nye innlegg som nok vil koma i tida framover! Den siste tida har eg lese ein heil del om historia til den første kristne kyrkja i Lilleasia, knytt til apostlane Paulus og Johannes. Om ei veke reiser eg til Tyrkia med ei gruppe som bl a skal besøkje aktuelle stadar i den samanhengen.

Biletet viser ein døypefont som er funnen i utgravingane i byen Sardes. Dei kristne i denne byen var blant dei som mottok budskapet som me finn i Johannes Openberring i Det nye testamentet.

Det er mange av lesarane som finn fram til tidlegare artiklar under denne kategorien. Det kan eg sjå av statistikken som eg har tilgang på. Men det er vel ikkje alle som er klar over det stoffet som ligg arkivert i bloggen. Eg har tidlegare skrive artiklar knytt til bibelske stadar i Israel og Hellas, og til spesielle tema som Jesu lidingshistorie og Paulus si misjonsverksemd. Dette stoffet finn du ved å gå inn på kategorien Bibelsk arkeologi, historie og geografi.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: