Konfirmantleir

Bilde_076_1 Denne veka har eg vore på ein fem dagars konfirmantleir på Åpta Misjonssenter på Lista. Det er 40 ungdomar (over halvparten av årets konfirmantar i Bryne kyrkje) som er sommarkonfirmantar og som dermed har det meste av konfirmanttida si på leir om sommaren. I tillegg var me ein heil gjeng med ledarar, både ungdomar og vaksne.

I løpet av desse dagane opplevde me mykje saman. Det blir mykje sosialt liv i tilknyting til konfirmantarbeidet på ein leir. Me har hatt god tid til avslapning, bading, idrett og mykje anna. Me har vore saman både når me er opplagte og når me er trøytte! Sjå meir om det sosiale i Påls blogg der det òg er linker til andre som har skrive om leiren eller tatt bilete på leiren.

Me hadde mange forskjellige undervisningssamlingar om kristen tru og etikk, og desse samlingane var lagt opp på mange forskjellige måtar. Me jobba med kreativt bibelarbeid, med trusvandringar og i samtalegrupper og me såg fleire forskjellige filmar som ein del av undervisninga. Dessutan hadde me nokre meir tradisjonelle undervisningssamlingar (om Jesus som historisk person og om dei ti bud).

Men å vera konfirmant er ikkje bare å læra om den kristne trua. Me praktiserer også trua! Derfor betyr det noko koss me er mot kvarandre (Jesus sa: Alt det de vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de òg gjera mot dei.) Og derfor har me vore samla til song og forkynning i kapellet. Siste kvelden hadde me gudsteneste med bønevandring og nattverd.

Eg syns leiren var vellukka. Det var ei god stemning og me hadde det kjekt saman. Det betydde veldig mykje at me hadde med oss mange unge ledarar som ikkje er så mykje eldre enn konfirmantane. Dei var ein kjemperessurs for leiren!

Då eg kom heim var eg veldig trøytt og veldig godt fornøgd! Nå ser eg fram til sjølve konfirmasjonsdagen som er 4. september.

2 tankar på “Konfirmantleir

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: