Ordinasjonsdagen min

I dag er det ordinasjonsdagen min. Eg blei vigsla til presteteneste 24. juni 1984. Eg var då 28 år gamal. Ordinasjonen skjedde i heimemenigheten min, i Hinna kirke i Stavanger. Det var biskop Sigurd Lunde som ordinerte meg til prest.

Dette kan høyrast ut som turre facts. Men dette betyr faktisk ganske mykje for meg! Det som skjedde den dagen var bl. a. ei stadfesting av eit kall og ei utrustning til teneste i kyrkja. Eg gav løfter og eg blei bedt for med handspålegging. Den viktigaste bøna den dagen var ei bøn om åndsutrustning til tenesta eg skulle inn i.

Eg har framleis ordinasjonstalen som biskopen heldt for meg og den andre teologen som blei ordinert den dagen. Tre maskinskrivne ark på biskopens brevpapir. Han fokuserte på at prestetenesta har som mål at folk skal bli frelst! Dette talte han om med utgangspunkt i orda frå Rom 10,1 der Paulus skriv: "mitt hjartans ynske og mi bøn til Gud for dei er at dei må verta frelste". I tillegg til at han slik spissa kva som er det aller viktigaste i ei kristen kyrkje, vil eg òg seia at han talte personleg og direkte til oss to om bakgrunnen vår og om gleder og sorger i tenesta me skulle inn i.

Dei ti første åra i prestetenesta hadde eg stillingar der eg først og fremst var prest for ungdom, i forsvaret og i Norges KFUK-KFUM. Sidan har eg hatt ei meir "vanleg" presteteneste som kapellan i Time. Og sjølv om eg aldri kan vita sikkert kva oppgåver som ligg framfor meg, så veit eg at eg alltid vil ha med meg ein identitet som prest i Den norske kyrkja. I den samanhengen er ordinasjonen viktig. Og derfor er 24. juni (St. Hans-dagen) ein viktig dag for meg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: