Kveldstur

Du har sikkert hatt slike kveldar, du òg. Ein lang arbeidsdag var over. Eg var trøytt. Gadd ikkje gjera noko. Hadde akkurat sett nyhetene kl 21, og orka ikkje gå igang med noko av det som eg kanskje burde ha gjort. Heldigvis ramla det ein god idé ned i hovudet: Du kan jo ta ein kveldstur!

Det var ingen grunn til å la vera å følgja den innskytinga. Så eg tok på meg jakke og joggesko, og gjekk ut i kvelden. Utan noko spesielt mål, men som så ofte før gjekk eg òg i kveld på gangvegen bort til Eivindsholtjødna, eit lite vatn som ligg i nærmiljøet her eg bur på Bryne.

På turen har eg sett:

  • St. Hans-bålet som er klart til i morgon kveld
  • Sniglar som kraup over gangvegen
  • Kalvar som var ute saman med kyrne og beita
  • Blomster som lyste med fine fargar mot meg i vegkanten
  • Ender som var ute og bada i tjødna

I tillegg til desse observasjonane har eg sjølvsagt tenkt mange tankar. Både vesentlege og uvesentlege tankar. Eg har takka Gud for livet og verda eg får leva i. Dagen i morgon fekk òg sin plass i tankane mine, og ikkje minst gjekk tankane mine til Troms der Inger er på veg sørover med sykkelen sin. Dessutan har eg tenkt på kor utruleg dominerande og malplasserte dei blå, brune og svarte bossdunkane er utanfor alle husa.

Etter ein halvtime var eg heime igjen. Og merkeleg nok: Eg var ikkje trøytt lenger!

Etter kveldsturen har eg prata i telefonen med Inger i Troms og med Trygve i Oslo, og skrive dette på bloggen. Dessutan har eg tenkt konstruktive tankar om morgondagen og har planar om å setja igang litt klesvask før eg går til sengs. Som du forstår: ein kveldstur er ikkje å forakta!

Advertisements

2 Responses to Kveldstur

  1. Heidi: seier:

    Fram for kvardagsfilosofien :)og blikket på dei små ting.

  2. Heidi: seier:

    Fram for kvardagsfilosofien :)og blikket på dei små ting.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: