Neste stopp: Tyrkia!

Eg skal ha ei ferieveke nå i overgangen mai/juni. Måndag morgon reiser eg til Tyrkia for å oppleva interessante bibelske stadar knytt til Paulus sine reiser og Johannes Openberring. I tillegg skal eg til Istanbul, som er ein veldig spennande by når det gjeld møte mellom kristendom og islam. Eg reknar med at dette vil prega bloggen min i dagane framover. Kanskje får eg høve til å skriva noko mens eg er på reise? Viss ikkje, skal eg skriva når eg kjem heim igjen.

Mykje av Paulus sine misjonsreiser som me kan lesa om i Apostelgjerningane, gjekk til område som i dag ligg i Tyrkia. Og mange av breva som han skreiv, gjekk til menighetar i dette området som også blir kalla Lilleasia. Ja, Paulus var faktisk sjølv i frå ein by som heiter Tarsus, som i dag ligg i Tyrkia!

Apostelen Johannes var på sine gamle dagar leiar i den kristne kyrkjelyden i Efesos. Dette var også byen som Paulus hadde hatt som utgangspunkt for mykje av misjonsarbeidet sitt i Lilleasia. Efesos var ein av dei største byane i heile Romarriket. Men Johannes blei, som ein del av forfølgingane mot dei kristne, forvist til øya Patmos. Der fekk han sjå syner som blei utgangspunktet for  Johannes Openberring som står sist i NT. Han fekk bl a beskjed om å skriva brev som inneheldt profetiske bodskap til sju byar i Lilleasia. Eg skal besøkja restane etter Efesos og fleire av desse andre byane i veka som kjem. Det ser eg fram til!

Eg har nettopp lese ei lita bok som heiter Englenes byer, skrive av Geir Harald Johannessen. Den handlar om å reisa til desse sju byane i Tyrkia, og om kva desse sju små breva i Openberringa kap 2-3 kan seia oss i dag. Boka var inspirerande skrive, og eg anbefaler den gjerne til andre som er interessert i bibelsk historie, sjølv om du ikkje har konkrete planar om å reisa til dette området! Du finn ei bokmelding om den her.

Denne turen til Tyrkia er ein del av førebuingane mine til ein Tematur til Tyrkia som eg skal vera reiseleiar for i oktober.

3 svar til Neste stopp: Tyrkia!

  1. Trygve Berge seier:

    God tur far! Gleder meg til å lese og høyre meir om det du opplev i Paulus´ fotspor gjennom Tyrkia. Tenker på deg mens eg sit over bøkene og les til eksamen (idag har eg faktisk og fått tid til ein langtur i Nordmarka!!)

    Helsing Trygve:)

  2. Arne seier:

    Naa er eg for foerste gong innom ein pc, men tyrkisk internett fungerer heller daarleg, i alle hoeve i kveld. Eg opplever utruleg mykje kjekt og interessant, men det faar heller bli bloggartiklar av dette seinare! Saa: ver taalmodige, gode venner, og foelg med!

  3. Roar seier:

    Jeg har vert i Tyrkia 4 ganger, riktig nok i feriebyer, men jeg syns ikke internett var noe problem. Det siste året var det internett kafeer med samme utstyr og internett som vi har hjemme. Kanskje dette er bedre i turist strøk enn der du befinner deg.

    Jeg reiser igjen til tyrkia den 6.7 og gleder meg. Det er et fantastisk land.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: