Beit Eliahu

Frå studietur 2005

Den siste helga i Israel var me i Haifa, ein av dei større byane i landet. Her fekk me eit møte med Beit Eliahu – menigheten som har vakse fram frå Israelsmisjonen sitt arbeid i byen. Møtet med dette menighetsarbeidet var viktig for meg. Eg har høyrt og lese mykje om Beit Eliahu tidlegare og nå fekk eg sjølv gå til gudsteneste denne staden!

Det var flott å koma til kyrkja og møta dei norske misjonærane og menigheten der. Dette er ein veksande menighet med låg gjennomsnittsalder, det er mange familiar og ungdomar med, men òg eldre som har vore med gjennom mange år.

Alt foregjekk på hebraisk, men språksituasjonen i menigheten gjer at dei har simultanomsetjing til fleire språk, mellom anna engelsk. Så me følte me fekk med oss det som skjedde.

Songane blei sunge på hebraisk. På skjermen fekk me teksten både med hebraiske bokstavar og “vanlege” bokstavar (i tillegg til omsetjing til russisk og engelsk), så det gjekk fint å vera med og syngja på hebraisk! Songen på biletet skulle vera vel kjent også her i Norge!

Pastoren i Beit Eliahu heiter Samuel Aweida. Han er arabar frå Haifa og pastor i ein messiansk-jødisk menighet. Eit teikn på forsoning i seg sjølv! Det var inspirerande å høyra han forkynna i gudstenesta. Han hadde ei spennande preike om å vera ein tenande menighet.

Israelsmisjonen presenterer Beit Eliahu slik på sine nettsider:

Jøder og arabere hånd i hånd

  • Stadig flere mennesker i Israel lever i frykt, med økonomiske problem og brutte relasjoner. Beit Eliahu-menigheten blir derfor et viktig åndelig og sosialt holdepunkt for mange mennesker i en utfordrende hverdag.
  • I menigheten er det sabbatsskole, ungdomsgruppe, ukentlig bibelundervisning på tre forskjellige språk, besøkstjeneste, evangeliseringsteam og kvinnearbeid.
  • Hver uke på sabbaten samles omtrent 200 mennesker til gudstjeneste i Beit Eliahu. Spesielt gledelig er det at flere unge familier har funnet sin tilhørighet i menigheten de siste årene.
  • Menighetsarbeidet i Haifa ble startet i 1949. I 1970 ble Beit Eliahu-senteret bygd. DNI eier selve kirkebygget og støtter den messianske Beit Eliahu-menigheten økonomisk.
  • Kirken benyttes av fem andre menigheter; en arabisk baptistmenighet, to russisktalende menigheter, en rumensk gruppe, samt en etiopisk menighet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: