Bibelarbeid med engasjement

Eg har denne veka vore på besøk i det palestinske og det israelske bibelselskapet. Begge stadar møtte eg engasjerte kristne som arbeidde for å distribuera bibelen til folket sitt og som ikkje minst var opptatt av å formidla kva Bibelen betyr for livet.

Det mest kreative prosjektet eg fekk med meg, var koss det israelske bibelselskapet arbeidde med tanke på beduinbefolkninga, som stort sett er analfabetar. Utgangspunktet var at beduinane har mykje tid (der dei passar dyra sine i ørkenen) og at dei har mykje sol. Dei hadde fått utvikla ein elektronisk bibel på storleik med ein litt stor mobiltelefon, der heile bibelen var lest inn og der ein lett kunne bla i bøkene, kapitla og versa som i ein annan bibel. Denne elektroniske bibelen hadde solcellepanel, slik at dei var ikkje avhengig av å få lada opp batteria via straumnettet. Altså: Beduinbefolkninga kan ha bibelen med seg på sine vandringar ute i ørkenen og lytta til Guds Ord! Glimrande!

Hovudprosjekta deira var vel likevel for det israelske bibelselskapet å nå det jødiske samfunnet, som jo ikkje reknar NT som heilagt skrift, med Guds Ord. Og tilsvarande for det palestinske bibelselskapet å nå den muslimske palestinske befolkninga med Bibelen. Godt at det finst engasjerte folk som desse her i dette landet!

Liksom regnet og snøen
        fell ifrå himmelen
        og ikkje fer opp att dit,
        før dei har vatna jorda
        og gjeve henne grorkraft og grøde,
        ja, gjeve såkorn til den som skal så,
        og brød til den som skal eta,
        så er det òg med mitt ord,
        det som går ut or min munn.
        Det vender ikkje tomt tilbake til meg,
        men gjer det eg vil,
        og fullfører det eg sender det til. (Jes 55,10-11)

Både det israelske og det palestinske bibelselskapet er tilknytta United Bible Society, som også Det Norske Bibelselskap er ein del av.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: