Sabbat i Jerusalem

Ulike former for gudstenestefeiring!

Det er laurdag kveld (09.05.2005), og eg sit på ein internettkafe i sentrum av Vest-Jerusalem for å få bloggen litt oppdatert. Sabbaten er over nå, og byen vaknar til liv etter eit døgn med lite trafikk og folk ute. Sabbaten varer frå solnedgang fredag kveld til solnedgang laurdag kveld.

Eg har opplevd mykje dette døgnet. Eg har vore på gudsteneste i to ulike messianske menighetar (jødar som trur på Jesus), eg har vore og sett på koss dei ultra-ortodoske jødane feirar sabbat midt på natta i bydelen deira, Mea Shearim. Og eg avslutta sabbaten med å gå på ei vanleg jødisk gudsteneste i ein synagoge.

Imorgon er det sundag, då skal eg til Betlehem og møta palestinske kristne både til gudsteneste og samtale, og eg skal gå i Fødselskyrkja og sjå staden der Jesus blei født. Eg gleder meg til dagen i morgon!

Det er 20 menighetar av jødar som trur på Messias her i Jerusalem. Nokre har gudsteneste fredag kveld, då sabbaten startar. Andre har gudsteneste laurdag føremiddag eller ettermiddag.

Fredag kveld var me på ei russisk-språkleg karismatisk gudsteneste som varte tre timar! Me hadde headset med simultan-omsetjing til engelsk, så sjølv om slett ikkje alt blei omsett fekk me med oss det viktigaste. Eg og Bulcsu, den eine av dei ungarske prestane eg er saman med, hadde helsingar til forsamlinga. Me kunne nynna med på lovsongen deira, dei russiske transparentene hadde eg ikkje så mykje nytte av. Men eit par av lovsongane kjente eg heimefrå og eg kunne vera med og syngja på norsk.

Laurdag morgon var me på gudsteneste i ein menighet der alt blei sagt både på engelsk og hebraisk. Eg må seia at denne gudstenesta gav meg mykje meir, både pga det språklege men ikkje minst fordi pastoren deira hadde ein utruleg interessant bibelundervisning. Han var ein flink kommunikator og ikkje minst gjekk han veldig djupt inn i den bibelteksten han preika over. Eg fekk etterpå høyra at dette var den messianske menigheten som var enklast å koma inn i for folk som var i Jerusalem for ein periode, f eks studentar. Det var ca 200 til stades på gudstenesta, og svært mange av dei var i alderen 20-40 år.

Seint fredag kveld gjekk me ut for å oppsøkja det ultraortodokse kvarteret Mea Shearim. Dei jødane som bur her, er dei som går i spesielle svarte klær og med skinnhattar. Me fann ein synagoge der det var ein såkalla hassidisk fest. Det var ingen tvil når me nærma oss huset, me høyrde den spesielle songen deira og det var masse svartkledde ungdomar som stod utanfor. Det var vel eit par hundre samla til denne spesielle formen for sabbatsfeiring, dei fleste under 25 år gamle, men heile spekteret fraa 15 – 70 åringar var representert. Dei var først i ein sal der dei eldste sat rundt bord i midten og dei andre stod rundt, delvis på eit tribunesystem som rundt ein idrettsarena. Det var taktfast song. Langs veggene stod det mat og drikke, og det var stadig trafikk ut og inn. Så var dette plutseleg slutt, og dei forflytta seg inn i sjølve synagogen for å dansa ringdansar. Dei danna store ringar mellom bord og stolar, og dansa ein veldig spesiell form for ringdans. Songen var utan ord, bare nynning, og med ein suggererande rytme. Det heile utvikla seg i nærast ekstatisk retning for ein del av deltakarane. Det heile var slutt kl 01, då gjekk ein del heim og resten fortsatte festen i synagogen. Me gjekk heimover, men tok ein runde så me fekk sett heile hovudgata gjennom Mea Shearim først. Det var masse folk ute og gjekk, alle kledd i dei spesielle kleda til dei ultraortodokse jødane – svarte frakker, svære svarte skinnhatter eller andre formar for hattar. Det var ein spesiell stemning.

I ettermiddag då eg var med på ein vanleg synagogegudsteneste, var det ei heilt annleis forsamling. Det var i ei vanleg synagoge, ikkje ein ultraortodoks. Folk kom fint kledd, men i vanlege klede. Det vil seia at alle har noko på hovudet, anten hatt eller kippa, den litle kalotten. Eg har kjøpt ein slik som gjer at eg kan gå inn i synagogar. Her er det for øvrig bare mennene som er med på gudstenesta. Kvinnene kan venta utanfor, vera heime eller vera på eit galleri i ein del synagogar (ikkje i den eg var i idag). Dei tok fram skriftrullen med GT, og rabbien kalla fram ein mann frå salen for å lesa, akkurat som då Jesus var i synagogen og fekk ordet for å lesa frå den heilage skrifta (Luk 4,16 ff):

Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagoga, som han var van med. Då han reiste seg og ville lesa frå Skrifta, gav dei han boka åt profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:

Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg til å forkynna
ein gledebodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom,
og at blinde skal få sjå,
for å løysa dei trælka or tvang og ropa ut eit nådeår frå Herren.

Dette budskapet er framleis svært aktuelt i dette landet!

Som de forstår, sabbaten her i Jerusalem har vore innhaldsrik. Eg har lært ein del om det jødiske samfunnet, og eg har møtt to menighetar av jødar som trur på Jesus. Det var vore ein flott sabbat!

5 svar til Sabbat i Jerusalem

  1. Heidi seier:

    så spennande det høyrest ut. Det er veldig interessant å vera på stadar der ein ikkje kan kodane for kva som skal skje. Sjølv har eg vore på Mukulamesse i Bryne kyrkja. Det var ikkje så verst det heller… Du har rett
    og slett gitt meg veldig lyst til å oppleva Israel, men trur ikkje det blir sånn type hurtigreis med buss til dei heilage stadane. Ein treng litt tid og rom til å koma på innsida. Ha ein framleis god tur.🙂

  2. Roar Aardal seier:

    Jeg kunne også veldig godt tenkt meg å reise til og oppleve Israel selv om jeg ikke er kristen. Det virker som du har en veldig flott tur, til et land fjernt fra vårt eget.

  3. Anonym seier:

    Hei Roar. Det syns eg du skal gjera ein gong. Det er mykje interessant aa sjaa, og eg er overbevist om at du ville synest det var spanande aa vera her. Heile landet er fasinerande, og spesielt byen Jerusalem er jo i fokus i nyhetsbiletet stadig, den er kulturelt veldig samansett og eg trur faktisk ikkje det er nokon plass i verda at viktige heilage stadar for ulike religionar kjem saa tett innpaa kvarandre.

  4. Arne seier:

    De forstod det sikkert, men kommentaren over kom altsaa fraa meg.

  5. Roar Aardal seier:

    Ja jeg gjorde nok det🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: