Kurs i Israel og dei palestinske områda

I tida 1. – 20. april (2005) er eg på studieopphald i Israel og dei palestinske områda. Me er to norske prestar (Arne Dag Kvamsøe og meg) som saman med to ungarnske prestar skal vera med på eit kurs som blir kalla Pastoral Erfaringsutveksling (PEU).

PEU blir arrangert av Presteforeninga og Israelsmisjonen. Det er Israelsmisjonen som leggjer opp programmet for oss. Det foreløpige programmet eg har fått viser at me skal

  • besøkja kristne menigheter og institusjonar i Israel og dei palestinske områda. Dette dreier seg både om besøk hos messianske (dvs Jesus-truande) jødar og hos kristne palestinarar, og det dreier seg om å delta i gudstenester og om å samtala med menighetsleiarar
  • dra på ekskursjon til bibelske stadar i Jerusalem og andre stadar i landet
  • studera bibeltekstar saman

Ein viktig side ved kurset er det blir lagt stor vekt på felles refleksjon omkring det me opplever i dei ulike samanhengane.

Eg gleder meg, og rekner med at kurset vil gje stort utbytte både personleg og for prestetenesta.

Eg håper det blir mogleg for meg å oppdatera bloggen undervegs. Viss ikkje skal eg i alle høve skriva eit referat etterpå.

Èitt svar til Kurs i Israel og dei palestinske områda

  1. Bjørnar seier:

    Presteforeninga. Kan forveksles med Prestesønnsforeningen, der Pål og Eirik burde vært medlem.

    Men det høres ut som en interessant kurs. Håper du gir litt referat og refleksjoner underveis.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: