Jesus lever!

Preika i påskenattgudstenesta var eit enkelt vitnesbyrd om at Jesus lever i dag. Eg har lyst til å dela det med deg som les bloggen òg. Utgangspunktet for var teksten i Markus 16,1-8.

Eg trur at Jesus lever i dag, at han er her midt blant oss. “Jesus lever” er den grunnleggjande vedkjenninga for oss som er kristne. Han var død, men han lever nå. Han vant over døden og lever i dag. Kvinnene ved grava fann ei tom grav. Seinare møtte dei og disiplane ein levande Jesus.

Den kristne trua byggjer på Jesu oppstode. For meg betyr det at eg kan tru at Jesus lever og er her nå, usynleg og verkeleg til stades. Eg trur han er den same nå som han var då han levde eit menneskeliv for ca 2000 år sidan. Men etter oppstoda har han eit nytt og annleis liv. Han er ikkje lenger bunden av ein menneskeleg kropp. Han er heller ikkje bunden av tid og stad, sånn som du og eg er.

Derfor vil eg nå i påsken, når me feirar at Jesus stod opp frå dei døde, endå ein gong seia til nettopp deg:

  • Jesus lever, og er her nå!
  • Han vil vera din venn, din Herre og din Frelsar!

“Sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står!” var avskjedshelsinga hans til disiplane. Tenk litt på kven dei var, dei som fekk denne flotte avskjedshelsinga. Dei var Jesu disiplar og venner. Dei hadde levd saman med han. Dei hadde lært av han og dei huska alt han hadde sagt og gjort. Likevel hadde dei svikta han tidlegare i påsken. Dei hadde stukke av då Jesus blei arrestert. Peter hadde banna på at han ikkje kjente Jesus. Påskemorgon var dei ikkje saman med kvinnene som hadde tenkt seg til grava for å sørgja. Men kvinnene som kom seg ut til grava, møtte ein engel, og denne engelen hadde omsorg også for dei falne disiplane.

Koss reagerte kvinnene? Akkurat då, med ei open grav og med ein levande engel framfor seg, var dei ganske redde (og det kan me vel eigentleg godt forstå!). Men dei fekk snart mot og kraft og håp, saman med disiplane. For ikkje lenge etterpå møtte dei den oppstandne Kristus sjølv.

Den oppstandne Kristus møter oss òg! Han kjem oss nær, først og fremst i nådemidlene: Guds Ord og sakramenta (dåpen og nattverden). Derfor minnes me påskenatt at alle som er døypte med ein kristen dåp, er døypte til Jesu død og oppstode. Derfor feirar me påskenatt nattverd saman, der Jesus konkret kjem til oss og gir oss del i sin død og oppstode. Me høyrer Guds kjærleiks pulsslag som seier: for deg, for deg!

Når du trur på Jesus, har du fått eit levande håp. Dette håpet er sterkare enn alt som vil ha oss bort frå Gud. Dette håpet er sterkare enn all vondskap som me kan møta hos andre menneske og hos oss sjølve. Det er sterkare enn all nederlagsfølelse og andre vonde tankar som me kan kjenna på. Det er sterkare enn djevelens makt. Ja, dette håpet er til og med sterkare enn døden!

Eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som nå er eller det som koma skal, eller noka makt, korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunne skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre. (Rom 8,38-39)

Det levande håpet er heilt annleis alle andre håp i verda, for det byggjer på Guds kjærleik. Det byggjer på Jesu død og oppstode. Du har gjennom den kristne trua del i eit håp som seier at

  • Jesus vil følgja deg kvar dag gjennom livet
  • Jesus vil følgja deg inn i det evige livet

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. (Joh 3,16)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: