Tematur til Tyrkia

Oppdatering: Dette er ein omtale av ein planlagt tur, frå 2005. Turen blei gjennomført etter programmet. Det er truleg meir interessant å lesa kva eg seinare har skrive med tilknyting til Tyrkia. Sjå kategorien Tyrkia som viser alle aktuelle bloggnotat.

Nå har brosjyren kome for ein tur eg lenge har planlagt til Tyrkia. Dette blir ein tematur i regi av menighetane i Time prestegjeld, og me skal besøkja stadar som er interessante fordi dei har ein rolle i Bibelen og i kyrkjehistoria. Dessutan får me sjå mykje flott og spanande natur. Og som ein ekstra bonus: Det er jo fint å oppleva sol og varme ei veke når me har kome til oktober! Biletet er frå Efesos.

Turen skal gå i den veka skulane har haustferie, frå sundag 9. oktober til sundag 16. oktober 2005. Turen blir arrangert av Fokus Reiser. Eg skal vera reiseleiar saman med Leiv Roald Thu.

Det ligg nå brosjyrar på Time kyrkjekontor og i Bryne kyrkje, Time kyrkje, Undheim kapell og Lye forsamlingshus.

På turen vil me besøkja

  • Istanbul, det tidlegare Konstantinopel. Ein møtestad mellom vest og aust, mellom islam og kristendom. Ein spanande storby med mange historiske bygningar og med ein stor bazar.
  • Nikea. Staden der eit viktige kyrkjemøte fann stad i 325.
  • Seks av stadane for dei sju sendebrevs-menighetane som det er brev til i Johannes Openberring kap 2-3: Tyatira, Sardes, Filadelfia, Laodikea, Smyrna og Efesos.
  • Pamukkale (bomullsslottet), som er ein stad som er berømt på grunn av eit heilt spesielt naturfenomen; byen ligg på kvite kalksteinsterrassar i terrenget.
  • Efesos. Me vil leggja spesielt vekt på denne byen og ha god tid her. Det er gjort store utgravingar i byen, og me får eit inntrykk av koss byen var på Paulus’ tid. Den hadde den gong 250.000 innbyggjarar. Paulus budde her i 2 år, og apostelen Johannes kom seinare hit som leiar i menigheten.
  • Patmos, øya der Johannes hadde sine openberringar som er gjengitt i den siste boka i Bibelen. Denne øya ligg i Hellas, men nær kysten av Tyrkia. Me skal ha eigen charterbåt over til øya, der me får sjå Openberringsgrotta som etter tradisjonen var opphaldsstad for Johannes då han var forvist til øya.

Påmelding går direkte til Fokus Reiser, som er teknisk arrangør av turen, på skjema som følgjer med brosjyren.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: