Jesus i møte med dei jødiske leiarane

Jesus blei arrestert i Getsemane og etterpå blei han ført til dei jødiske leiarane som var samla hos øvstepresten Kaifas. Der blei det den natta i all hast arrangert ei rettssak mot Jesus.

Eg vil her fortelja om denne rettssaka som ein del av Jesu lidingshistorie, hans veg mot korset. Den vegen som òg har fått namnet Via Dolorosa. Eg vil i eit seinare innlegg skriva om lokaliseringa av denne hendinga. Går det eigentleg an å seia noko om kor Kaifas’ hus låg?

I rettssaka blei det sett fram mange falske vitnemål. Til slutt spurte øvstepresten Jesus om han var Messias, Guds Son. Dette bekrefta Jesus at han var. Etter dette, som blei sett på som den verste spott mot Gud, dømte dei han til døden.

Denne delen av lidingshistoria handlar om den rettslege behandlinga ved dei jødiske leiarane som utgjorde Det høge rådet, eit leiande organ i Jerusalem på denne tida. Vidare handlar dei aktuelle bibeltekstane om koss Jesus blei spotta og mishandla, og om koss Peter fornekta at han kjente Jesus.

Før påske hadde Det høge rådet drøfta kva dei skulle gjera med Jesus. Då hadde øvstepresten Kaifas, faktisk utan å vita det sjølv, profetert om Jesu døds betydning!

Ein av dei, Kaifas, som var øvsteprest det året, sa då: “De skjønar ingen ting. De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne.” Det sa han ikkje av seg sjølv. Men fordi han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket. (Joh 11,49-51)

Nå førte Kaifas igjen ordet. I den første delen av rettssaka denne natta i påsken strevde rådet med å få falske vitnemål til å stemma overeins. Saka utvikla seg så vidare då det kom fram vitnemål om at Jesus hadde sagt han ville riva tempelet og byggja det opp igjen på tre dagar. Dette vekte sterke negative følelser i Det høge rådet. Dei syntes nok det høyrdest ut som galskap! Dei forstod det heilt konkret om det store tempelet i Jerusalem, som betydde så mykje for dei og som var staden for den daglege ofringa i jødedomen på den tida. Det Jesus hadde sagt om å byggja opp att tempelet på tre dagar, finn me i Johannes-evangeliet kap 2:

“Riv ned dette tempelet, og eg skal reisa det opp att på tre dagar.” Då sa jødane: “I førtiseks år har dei bygt på dette tempelet, og du vil reisa det opp att på tre dagar?” (Joh 2,19-20)

Jesus tala her om at han skulle gje livet sitt og stå opp frå dei døde tredje dagen. Han samanlikna seg med tempelet! For han var dette djupe ord om at han var den lidande Messias som skulle ofra seg sjølv:

Men det tempelet han tala om, var hans eigen kropp. Då han hadde stått opp frå dei døde, hugsa disiplane hans at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifta og det ordet Jesus hadde sagt. (Joh 2,21-22)

For øvstepresten og dei andre i Det høge rådet var nok dette bare uforståeleg og provoserande ord om tempelet dei sette så høgt. Og dette førte rettssaka vidare. Nå blei Jesus spurt direkte om han var Messias, Guds Son. Då han stadfesta dette, var det rådsmedlemene trakk den konklusjonen som alt i utgangspunktet var klar.

Då sa øvstepresten: “Eg tek deg i eid ved den levande Gud – sei oss: Er du Messias, Guds Son?” Jesus svara: “Du seier det sjølv. Men det seier eg dykk: Frå no av skal de sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa til Den mektige og koma på himmelskyene. Då reiv øvstepresten sund kleda sine og sa: “Han har spotta Gud! Kva skal vi med fleire vitne? No høyrde de gudsspottinga. Kva meiner de?” Dei svara: “Han er skuldig til å døy.” (Matt 26,63-66)

Jesus blei i varetekt hos øvstepresten den natta. Og i løpet av natta blei Jesus spotta og mishandla. Om morgonen tok Det høge rådet den formelle avgjersla og sendte han over til Pilatus, den romerske herskaren, som oppheldt seg ein annan stad i byen. Dei ville at romarane skulle henretta Jesus.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: