Til fjells i Ryfylkeheiane

Dette notatet er skrive i 2005 som eit av dei aller første notata her på bloggen.

På veggen på do heime heng det ein plakat med kart over merka løyper i Ryfylkeheiane og bilete av alle hyttene til Stavanger Turistforening (STF). Dermed har eg sikra meg at eg stadig blir minna på kor fint det er å gå i fjellet om sommaren. Og tankane flyg ofte opp i 1000 meters høgd over havet, fleire dagsmarsjar inn i fjellheimen, inn til ein eller annan stad eg har gode minne frå. Eller strevsame minne frå, for dei finst sjølvsagt òg!

Det er herleg å koma seg til fjells. Og STF har eit kjempegodt tilbod med gode hytter i passeleg avstand frå kvarandre. Dei står alltid opne i sesongen, eg kan koma utan å ha bestilt plass, eg betalar og vaskar etter meg og går vidare neste dag. Og noko av det viktigaste ved desse hyttene, er at det til vanleg er eit flott sosialt miljø der kvar kveld. Menneske som ikkje har truffe kvarandre før, blir fort kjent når ein er langt inne i heia. Og ikkje så reint sjeldan treff eg folk eg kjennar frå før. Det set ofte ein ekstra spiss på kvelden!

Eg har vore på dei fleste av dei 31 hyttene til STF. Nokre gonger tar eg meg ein tur inn til ei hytte ein dag og heim igjen neste dag. Andre gonger dreier det seg om ein tur frå hytte til hytte (eit standarduttrykk i denne samanhengen). Fleire somrar har me lagt opp til ein tur på 7-10 dagar på denne måten, og det har vore flotte feriar.

SandvatnEg har eit par favoritthytter. Skal eg ein kort tur på eit par dagar eller ei helg, står Sandvatn øvst på lista mi. Det er ein 3 timars tur inn til hytta frå Lortabu øvst i Hunnedalen. Når eg er framme på hytta, er eg i skikkeleg høgfjellsterreng 910 m.o.h. sjølv om det bare er nokre timar sidan eg var heime på Bryne.

EidavatnSkal eg på ein lengre tur, prøver eg gjerne å leggja opp ruta slik at eg kjem innom Eidavatn. Hytta ligg 1080 m.o.h. på det eg kallar Norges tak. Normalt går ein fleire dagar for å koma fram dit. Naturen der er bare heilt fantastisk: høg himmel, fjellvidde i alle retningar, eit spesielt lys når sola går ned, isflak som flyt i vatnet midt på sommaren. Hytta er nok ikkje den STF satsar mest på, for det er ikkje så mange som brukar den. Kanskje Inger og eg er mest åleine om å ha slike kjensler knytt til denne staden, kva veit eg?

Når eg går i fjellet, er eg ikkje så opptatt av å gå lengst muleg dagsetappe på kortast muleg tid. Eg treff av og til slike. Dei har knapt tid til å ta ein pause og slå av ein prat. Eg syns faktisk det er godt med i alle høve ein lang pause (og mange korte) når eg går tur i fjellterreng! Og det er jo òg eit poeng å sjå og oppleva mest muleg undervegs!

Noko av det finaste med å gå i fjellet, er at eg kan leggja frå meg så mykje heime. Det gjeld både ting og tang (sekken bør jo ikkje vera for tung) og det gjeld mykje av det som opptar tankane på vanlege dagar. Derfor blir det god tid til å sjå, lytta, tenkja og prata. Det er kanskje det aller mest verdifulle ved denne turformen?

5 svar til Til fjells i Ryfylkeheiane

  1. Maria seier:

    Fjelltura og “heiatura” må ver noge av det besta! E så herligt å bare glemma alt stresse hjemma..legga av seg alt så e pes å bare ver ude i goe friske luft å kjenna at heile kroppen blir fornya! Luktene, friheten, naturen.. det e heilt fantastisk- me e heldige så har STF så legge så godt te rette for at me ska få goe turopplevelsa!
    Sandvatn-hyttå e bra den ja- har sje vært på den andre, men det ska eg jammen gjer nå!

  2. Bjørnar seier:

    Fjellturer er konge. Var på Sandvatn i fjor høst, og det var en veldig fin tur.

    Har du noen hyttetips når det gjelder Hardangervidda?

  3. Hanna seier:

    Kjenne gode følelser når jeg lese dette! Prøvde turisforeningens hytte til hytte for første gang i høst. Det var en utrolig bra tur! Var blant annet innom Sandvatn, fin plass! Når jeg tenker meg om lurer jeg på om jeg ikke så at dere hade skrevet i gjesteboka der..? Kanskje jeg får prøve meg på Eidavatn neste gang?

    Uansett, enig med Bjørnar; fjellturer er konge!

  4. Ommund seier:

    Det med “heia-turar” er noko for seg sjølv, du slappar av, og slepp alt stress rundt deg. Dei finaste områdene og gå i er Setesdals Vesthei, med Njadarheim på topp, dette er eit fantastisk heie område, der du kan overnatta i gamle Heiberghytter, og oppleva atmosfæren i dei. Du må prøva å nytta dette området, det er fantastisk!

  5. Arne seier:

    Bjørnar: Når det gjeld Hardangervidda, kjem det veldig an på kva du er ute etter. Eg ville ha halde meg til dei delane der det er ein del sjølvbetjente hytter, f.eks. i området rett vest for Odda/Kinsarvik. Eg har ikkje vore der, men vil ut frå det eg har høyrt spesielt anbefala Torehytta, som ligg like ved det spesielle fjellet Hårteigen. Obs: På denne delen av vidda er det ikkje flatt! Du må ha nokre dagar disponible viss du skal inn til dette området.

    Trygve og eg gjekk i haust ein helgetur rett nordover frå Haukeliseter, til Hellevassbu. Me var uheldige med veret, det var mykje vind og enda meir regn, så me fekk ikkje det store inntrykket av naturen. Men Hellevassbu var ei fin, sjølvbetjent hytte. Den er jo relativt lett tilgjengeleg, ein (lang) dagsmarsj frå vegen over Haukelifjell.

    Dersom du vil oppleva dei store og opne viddene, kan du gå lenger aust. Det er jo dette Hardangervidda er mest kjent for. Familien Berge gjekk for mange år sidan ei vekes rundtur der. Bilen stod parkert på Fagerheim ved Riksveg 7. Eirik og Pål var 7 år gamle, og det passa fint å gå i eit lett terreng. Det er mange turisthytter i dette området, dei er stort sett betjente (tre retters middag om kvelden!), og det er verkeleg flatt der! Den beste hytta me var innom den gongen, var Stigstuv. Den var liten og hadde miljø, sjølv om den var betjent.

    Elles er eg einig med deg, Ommund, når det gjeld Njardarheim. Dei gamle Heiberghyttene ved Storevatn er vel noko av det mest spesielle turistforeninga kan visa fram! Når du skriv om det, får eg lyst på ein ny tur inn der! Interesserte kan lesa om dette området i STF si årbok for 2003.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: