I Paulus’ fotspor i Hellas

Det var på den andre misjonsreisa Paulus reiste over frå Lilleasia til Makedonia, som nå er ein del av Hellas. Dermed var evangeliet for første gong brakt til Europa. Paulus blei kalla over til vår verdsdel gjennom eit syn, fortel Lukas i Apostelgjerningane. Etter dette var Paulus i Hellas i ca 3 år i tida omkring år 50.

Kart PaulusDenne delen av Paulus si misjonsverksemd er omtalt i Apgj 16,11 – 18,18. Les me denne teksten kan me følgja Paulus frå by til by. Det ser ut som om han stadig er på reisefot, men går ein djupare inn i teksten og samanliknar med Paulus sine eigne brev, ser me at han fleire stadar stoppa over lengre tid.

Reiseruta ser slik ut, med tilvising til bibelteksten:

  • overnatting ved øya Samotrake (16,11)
  • Neapolis, idag: Kavalla (16,11)
  • Filippi (16,12-50), truleg opphald på fleire månadar
  • Amfipolis (17,1)
  • Apollonia (17,1)
  • Tessalonika, idag: Thessaloniki (17,1-10), truleg opphald på ca 1 år
  • Berøa, idag: Veria (17,10-14)
  • Athen (17,15-34)
  • Korint (18,1-18), opphald på 18 månadar
  • Kenkreæ (18,18)

Den eldste delen av Det nye testamentet er skrive under denne reisa. Forskarane reknar med at Paulus skreiv 1. Tessalonikarbrev mens han var i Korint ca år 50.

Paulus kom tilbake til Hellas på den tredje misjonsreisa i tida omkring år 55 (Apgj 20,1-9). Ut frå Paulus sine eigne brev forstår me at han kom tilbake til Hellas etter dette òg, sjølv om Apostelgjerningane ikkje omtalar dette.

Koss tenkte eigentleg Paulus når han kom til ein by og ville forkynna evangeliet der? Me får eit lite inntrykk av dette når me les dette som han skreiv til dei kristne i Korint etter at han hadde budd der eit og eit halvt år:

Då eg kom til dykk, sysken, forkynte eg ikkje Guds mysterium med meisterskap i talekunst eller visdom. For eg ville ikkje vita av noko anna hos dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk. Og eg bar ikkje fram bodskapen min med overtydande visdomsord, men med Ande og kraft som prov. For trua dykkar skulle ikkje byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft. (1. kor 2,1-5)

2 svar til I Paulus’ fotspor i Hellas

  1. hei.

    prøver å følge med på bloggen din. Du skriv mykje interessant og du skriv bra. Inspirerande å lesa.

  2. Arne seier:

    Takk, Magnus! Kjekt at du er innom her på bloggen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: