Regn

Eg gjekk heim frå Bryne sentrum i kveld. Ikkje så spesielt.  Sjølv om eg jo ikkje akkurat er den som går mest her i verda. Eg som i tenåringstida var medlem av Natur og Ungdom og som hadde sterke meiningar om privatbilismen, eg køyrer nå rundt omkring som om det var den mest naturlege ting i verda.

Det høljeregna då eg gjekk heim. Ikkje så spesielt det heller, det gjer det jo ofte. Men turen heim var faktisk ei god oppleving. Kroppen er jo vasstett, og klærne kunne tørka når dei var komne heim. Så eg gjekk der og tenkte. Og hadde det greitt med meg sjølv.

Eg tenkte på kva som er godt ver og kva som er dårleg ver. Det er jo nokså situasjonsbetinga. I gamle dagar (i denne samanhengen før ca 1980) bad ein kvar sundag i kyrkja om godt og tenleg ver. Nå er heldigvis ikkje den bøna heilt avskaffa, men den er ikkje lenger blant dei bønene som blir brukte kvar helg.

Kva er forresten godt og tenleg ver? Er regn godt ver? Regnet er en venn, syng Lillebjørn Nilsen i ei av visene sine. Det er vel ikkje alle som er einige i det. Men med tanke på alternativet, må me vel seia at regnet er ei velsigning. Eg har gått tur i Negev-ørkenen og køyrt buss gjennom Sinai-ørkenen. Og eg er blitt takknemleg for å få bu ein stad der me har rikeleg med vatn.

Sjølv om eg er blant dei som likar sol og varme mykje betre enn regn, innser eg at me treng begge delar. Og at begge delar faktisk kan vera godt og tenleg ver.

Likevel: Eg gleder meg til våren og sommaren!

4 tankar på “Regn

  1. «Kroppen er jo vasstett, og klærne kunne tørka når dei var komne heim.»

    Det va som eg skulle sagt deg sjøl 🙂
    Alltid kjekt når vi kan finne positive ting om (ved første øyekast) negative ting!

  2. Eg og glede meg te sommaren! Men e enigge i at regn ikkje er så verst, det meste til tross.

    Sånn ellers; kæ blir de te Harald, ska du ver med meg, Eirik, far og Joakim te syden? =)

  3. Vinden er en vandringsmann som aldri tar farvel.
    Solen er en fyrste som kan gjørs som den vil om mårengryet lar den slippe til.
    osb..

    Kjekt at det er bloggarar over 35, slik at eg kan visa kva eg kan!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: