Paulus som misjonær

Paulus var truleg født omtrent samtidig med Jesus. Han var først ein motstandar av dei som trudde på Jesus, men begynte sjølv å tru etter at han møtte Jesus i eit syn utanfor Damaskus ca år 33, ikkje så lenge etter Jesu død, oppstode og himmelfart. Paulus blei snart ein strategisk misjonær i den tidlege kristne kyrkja, og han er ein sentral person i Det nye testamentet. Han reiste mykje og grunnla nye menighetar, først og fremst i det som idag er Tyrkia og Hellas. Eg liker å reisa til slike stadar som er omtalt i Bibelen. Seinare skal eg skriva om slike reiser og om det eg har opplevd der.

Me har to hovudkjelder som gjer at me kan vita noko om Paulus. For det første Apostelgjerningane (Apgj), som er skrive av Lukas. For det andre Paulus sine eigne brev. Apgj gir oversikt, mens breva gir situasjonsbestemt og personleg forkynning og skildring. Sjølv om Apgj gir oversikt, er ikkje skriftet ein biografi i moderne forstand. Lukas er mest opptatt av å skriva om enkelthendingar og enkelttalar, og gir dette relativt stor plass.

Generelt kan me seia at Paulus la hovudvekt på å etablera misjon i det som den gong var storbyar, truleg fordi dei var viktige senter for kommunikasjon og handel. Efesos, Filippi, Tessaloniki og Korint er eksempel på slike byar.

Det var nokre viktige forutsetningar som gjorde det muleg å driva misjon i Romarriket. Det greske språket var fellesspråk, som engelsk er det idag. Romarane hadde bygd opp eit godt kommunikasjonsnett og det var relativt trygge forhold for dei mange reisande langs dei romerske vegane. Derfor var det eit ganske “internasjonalt miljø” i byane rundt i Romarriket, og Paulus var ein av dei mange som var på reisefot.

Me er vant med å dela Paulus si reiseverksemd i tre misjonsreiser og ei siste reise til Roma. Det er dei reisene som er omtalt i Apgj, og dei foregjekk i perioden ca år 45-60. I tillegg var han truleg på nye reiser i Hellas ca år 65. Lukas gir forresten inntrykk av at Paulus stadig var på reisefot, men han var nok lenger på kvar plass enn det inntrykket Apgj gir.

Paulus har fått stor betydning for den kristne trua. Viktige tema i hans forkynning finn me i bibelavsnitt som framleis betyr mykje for oss som er kristne. F eks når han skriv slik om grunnlaget for å vera kristen: “For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.” (Efesarbrevet 2,8).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: