På kryss og tvers i Gamlebyen. Reisebrev I frå Jerusalem 2001

Heilage stadar for tre religionar. Tronge basargater med mykje folk og mykje lyd. Og roligare bustadområde nokre steinkast unna. Barn som leikar på takterassen, høgt over det myldrande livet på overbygde gater. Gamlebyen i Jerusalem er noko for seg sjølv. Her har eg den siste tida tråla på kryss og tvers, og sett og opplevd mykje spanande. Denne ”byen i byen” er ikkje så stor. Dei gamle bymurane frå 1500-talet er ikkje meir enn 4 km i omkrins. Og innanfor desse murane finn me fire ulike bydelar med kvart sitt særpreg. Eg har lyst å gje nokre små glimt frå dette konglomeratet som Gamlebyen er.

I dei mest turistaktige handlegatene i det kristne eller i det muslimske kvarteret, er det ofte vanskeleg å koma fram. Ivrige butikkeigarar vil nærast dra meg inn i butikken. I alle høve viss eg har vist den minste interesse for varene deira. Dei vil alle gje meg spesielt gode tilbod, anten fordi eg er norsk, eller fordi eg er den fyrste kunden deira denne dagen. Dette siste har eg forresten no høyrt så mange gonger, at det er vanskeleg å tru det.

Når eg har gått nokre gonger gjennom desse gatene, har eg på ein måte blitt metta på lyst til å kjøpa dei mange og fargerike suvenirane som eg fyrst la merke til. Men for den som brukar augo er det likevel utruleg mykje spanande å finna! Sjølv har eg for eksempel eit spesielt vakent blikk for dei som sel ikonar. I ein butikk får eg tilbod om å kjøpa ikonar som ikkje er verdt noko. Nokre meter lenger borte går eg inn i ein spesialbutikk for gamle russiske ikonar, som kostar mellom 3000 og 50000 kroner. Heldigvis er det godt mogleg å finna noko midt på treet; nye ikonar som likevel er handmåla, og som ber vidare den eldgamle tradisjonen som gjer ikonane så spesielle.

Men handel er trass alt ikkje det viktigaste her. Her er det heilage stadar for kristne, jødar og for muslimar, og det er dei som gjer denne byen annleis i forhold til alle andre byar. Dei stadane som er knytt til den kristne trua, betyr mest for meg. Men sjølvsagt er det mykje som er flott og interessant ved dei andre religionane sine heilage stadar og.

Dei stadane som trekkjer til seg flest frå den kristne del av verda, er Via Dolorosa og Gravkyrkja. Via Dolorosa er Jesu lidingsveg og Gravkyrkja er kyrkja som er bygd over Golgata og Jesu grav. Begge desse inneheld så mykje at eg trur dei må få sine eigne reisebrev seinare. No kan eg heller trekkja fram noko av det meir ukjente eg har gjort meg kjent med. Ved Via Dolorosa sin 9. stasjon, kom eg i prat med ein koptisk-ortodoks munk. Munken hadde ansvar for eit vakkert kapell, som også inneheld nedgangen til St. Helenas Sisterne. Eg hadde høyrt om Helena før, ho kom på 300-talet til dette landet for å finna dei heilage stadane. Men sisterna hadde eg ikkje høyrt om. Nysgjerrig gjekk eg ned den tronge steintrappa som delvis var hogd inn i fjell, og kom ned til eit stort ope rom med vatn i botn. Før eg gjekk ned, hadde munken fortalt meg at eg skulle prøva songstemmen der nede. Det gjorde eg. Eg song Fadervår på den vakre melodien som me finn i kyrkja sin liturgi. Og utruleg nok; det høyrdest som eit heilt kor! Det var ei ganske spesiell oppleving. Vel oppe igjen, kunne eg lesa oppslaget med tradisjonen om at sisterna i si tid hadde skaffa vatn til drikke og til bygginga av Gravkyrkja. Det koptiske kapellet ligg nærast på taket av Gravkyrkja, og eg har ved seinare undersøkingar funne fram til kvar sisterna må liggja i forhold til denne uoversiktleg kyrkjebygningen. Men munken hadde fleire skattar han ville visa meg: han tok meg med opp i det koptiske klosteret, som låg enda ein etasje høgare i bygningsmassen over og rundt Gravkyrkja! Der låste han opp døra inn til St. Antonius’ kyrkje, eit vakkert kyrkjerom som er ein del av klosteret deira, og som for meg kjendest uendeleg langt borte frå mylderet som pregar det meste av Gamlebyen. Der fann eg roen som kan vera vanskeleg å finna i det livlege folkelivet. Og der trur eg at eg endar dette reisebrevet. Det skal koma fleire.

I 2001 budde eg åtte veker i Jerusalem. I denne tida skreiv eg ein serie med reisebrev til lokalavisa Jærbladet heime på Bryne:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: