Ei stolt kvinne og hennar tradisjon. Reisebrev III frå Jerusalem 2001

Justinia vinkar meg inn med eit smil. Eg har funne det eg leita etter i ei bortgøymt bakgate; St. Markus’ kyrkje, ei kyrkje som er sentrum for eit lite samfunn av syrisk-ortodokse kristne i det armenske kvarteret i Gamlebyen i Jerusalem. Dette kyrkjesamfunnet er det einaste som i dag nyttar arameisk språk, det språket som Jesus og andre jødar på hans tid, nytta til dagleg.

Justinia vil ha meg inn i kyrkja, og eg let meg ikkje be to gonger. Ho plasserer meg på ein benk, og så set ho i gang med å fortelja. Ho fortel stolt om ”kyrkja si”, som ho seier, og om tradisjonen som er knytt til dette bygget. Dette var den første kristne kyrkja, seier ho. Her var det fotvaskinga og den første nattverd fann stad. Her var det Den Heilage Ande kom over disiplane.  Og dette er huset der dei første kristne var samla, det huset som det står om i Apostelgjerningane 12,12.

For eit par veker sidan høyrde eg eit foredrag om økumenisk liv i Jerusalem. I dette foredraget blei nettopp desse syrarane nytta som eksempel på kristne som har ein heilt annan type historie å fortelja enn oss vestlege kristne. Me er opptekne av fakta, årstal og namngjevne personar. Dei har ein eigen tradisjon som for dei er objektiv historie, fordi alle i dette samfunnet kjenner denne tradisjonen som si historie.

For Justinia betyr det derfor ikkje noko at det skjer ein lærd samtale blant forskarar om kvar dei ulike nytestamentlege hendingane skjedde. Og at dette forskingsarbeidet nok fører til andre stadar i Jerusalem enn akkurat St. Markus’ kyrkje. Forskarane kan drøfta dette så mykje dei vil. Justinia veit at dette skjedde her. I hennar kyrkje.

Ho fortel om folket sitt. Dei er ikkje meir enn 120 familiar igjen, og dei bur alle rett rundt kyrkja. Kyrkja betyr mykje for dei, fortel ho. Nokre av barna leikar på plassen utanfor den opne kyrkjedøra. Ein gut stikk hovudet inn, og pratar litt med Justinia. Nokre ungdomar spelar bordtennis i den syrisk-ortodokse klubben i nabohuset. Alle dører står opne og eg høyrer lyden av bordtennisballen. Elles er det stille i dette nabolaget. Sjølv om me ikkje kan vera meir enn 100 meter frå dei travle basargatene i Gamlebyen.

Justinia har meir å fortelja. Ho viser meg ikonet som ho og kyrkjelyden hennar er så stolte av.  Ikonet er eit bilete av Jomfru Maria og Jesusbarnet. Det er ikkje så spesielt, det finst mange slike. Det som er spesielt, kan ho fortelja meg, er at det er evangelisten Lukas som har måla dette ikonet. Ho kan og fortelja at Lukas måla dette i tida mellom korsfestinga og pinse. Og ho fortel om nokre av dei under som har skjedd akkurat her, under ho sjølv har fått sjå og som ho meir enn gjerne vil fortelja om. Eg har ingen problem med å tru på under. Eg har sjølv mine historier om det eg opplever som under. Men eg har problem med at ho knyter dette så sterkt til bøna til Jomfru Maria, og til dette spesielle ikonet. Vel. Det er ikkje tid for å diskutera historie eller teologi. Eg veit ikkje om det hadde nytta heller. Eg let mine motførestellingar liggja og let meg fascinera av denne kvinna og hennar kyrkje.

Skal eg syngja Fadervår for deg? Ja, det vil eg gjerne, svarer eg. Justinia går fram i koret i kyrkja, stiller seg halvt vendt mot altaret, gjer korsteiknet og set i gang med å syngja. Og ho syng godt! Vakre, framande tonar. Fadervår på arameisk, det språket Jesus nytta til dagleg. Og samstundes: den kvardagslege og kjende lyden av barn som leikar i bakgrunnen.

I 2001 budde eg åtte veker i Jerusalem. I denne tida skreiv eg ein serie med reisebrev til lokalavisa Jærbladet heime på Bryne:

2 svar til Ei stolt kvinne og hennar tradisjon. Reisebrev III frå Jerusalem 2001

  1. Bjarne seier:

    Hei!
    Du har mye fint på sida di. Denne ertikkelen var interessant.
    Bjarne

  2. Heidi seier:

    Det må ha vore ei fin og underleg oppleving å høyra Justinia synga. Eg samlar på alike opplevingar. Nokre gonger kjem dei når ein minst ventar det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: