Gravkyrkja. Reisebrev V frå Jerusalem 2001

Gravkyrkja i Jerusalem er ei merkeleg kyrkje. Det er ikkje eit spesielt vakkert kyrkjehus som er bygd over Golgata og den tome grava. Kyrkjebygget som i dag står på denne viktige staden, appellerer ikkje så mykje til vår estetiske sans, slik mange andre kyrkjebygg gjer. Her er det heller nettopp staden som er viktig.

Det er ein stor grad av semje mellom arkeologiske og teologiske forskarar om at Gravkyrkja er plassert på rett stad. Historia tek eg ikkje med her. Den som er interessert, vil alltid kunna finna den. Eg får bare nemna at bygningen, slik den står i dag, går tilbake til mellomalderen, men at den er bygd over restane av den ein gong imponerande bysantinske kyrkja.

Kyrkja er spesiell på mange måtar. Den kan vera vanskeleg å finna, fordi den er bygd heilt inn mellom andre bygningar. Og den består ikkje av eitt stort kyrkjerom, men av mange og halvmørke kapell. Dei som besøkjer staden for fyrste gong, blir nok som oftast skuffa. Ein må bruka litt tid på å vandra i kyrkja for å få oversikt. Og det helst på dagar då ho ikkje er overfylt av tilreisande. For min eigen del har eg fått meir ut av besøkja i kyrkja, etter kvart som eg har vore der nokre gonger, og etter at eg også har lese meir om historia til dei ulike delane av kyrkja.

Det er påfallande at det aldri er ro å finna i denne bygningen. Her er det alltid prestar og munkar i aktivitet. Og det ser alltid ut som dei har det travelt! Alltid har dei nokre lys dei skal tenna, nokre kar med røykjelse som skal fyllast, eit område som skal ryddast for folk og ein prosesjon som skal takast imot. Eg tek meg i å tenkja: Roa dykk ned, venner!

Dessutan er det ei mengd med pilegrimar som kjem hit. Dei søkjer kyrkja som ein heilag stad, dei korsar seg og står gjerne i kø nokre timar for å koma opp på Golgata-høgda eller for å koma inn i den tome grava. Men sjølvsagt er det ikkje alle som kjem med ein pilegrims tankegang; her er mange turistar som utan blygsel pregar kyrkja med eit teppe av hastverk, småprat, plastikkposar, fotoapparat og colaboksar. Ved nærare ettertanke ser eg at grensene mellom pilegrimar og turistar kanskje ikkje er så opplagte likevel. Mange turistar nok er skjulte pilegrimar, og at mange pilegrimar er nok også turistar i skjul. Eg ser elles at eg sjølv med glans går inn i begge rollene.

Det er ei bratt og trong trapp som fører opp til Golgata. Vel oppe finn eg to kapell; eit gresk-ortodoks og eit romersk-katolsk. Dei er prega av kvar sin stilart. I forhold til i kyrkja heime på Bryne, er det utrulege mengder med gull og glitter. Under altaret i det ortodokse kapellet, er det ei opning i golvet, og der kan du ta på sjølve klippa. Det er som oftast lang kø for å koma fram dit. Fyrste gongen eg var der oppe, såg eg bare gullet og glitteret. Sidan har eg fått eit betre forhold til staden. Eg ser at oljelampar, røykjelse og ikonar kan peika på Han som er sentrum i den kristne trua. Han som døydde på korset for vår skuld, på nett denne staden.

Når eg kjem ned frå Golgata, er det naturleg å søkja mot Den Heilage Grav. No må det seiast at denne i dag ikkje minner mykje om ei grav. Den minner meir om ein liten bygning inni den store kyrkjebygningen. Men grava skal ha fått si form ved at ein har hogd bort fjellmassen rundt, og latt den tome grava stå igjen som ein eigen bygningsstruktur. No skal me hugsa at kyrkja har blitt meir eller mindre øydelagt fleire gonger opp gjennom historia, og utforminga av grava har nok også blitt endra mange gonger.  Men historikarane slår altså fast: Me er truleg på den rette staden, der Jesus blei gravlagt, og der me kristne trur at det grunnleggjande underet skjedde fyrste påskedag.

På gresk heiter kyrkja Anastasis. Oppstodekyrkja. Eg skulle gjerne ha byrja å bruka det ordet på norsk, heller enn Gravkyrkja. Men det er vanskeleg å stå imot ein lang språkleg tradisjon. Likevel: Det er spesielt at når me søkjer til Jesu grav, er det ikkje for å hylla ein død person, men for å tilbe ein som har vunne over døden. Og det er difor logisk at eit besøk her, ikkje bare blir eit besøk ved ei grav, men i ei grav. Dei besøkjande, anten dei no fyrst og fremst er pilegrimar eller turistar, går bokstavleg talt inn i den tome grava. Og der inne finn dei eit altar med lys, blomar, ikonar og røykjelse.

Når eg i dag er ved grava, lyfter eg blikket opp i den store kuppelen. Øvst der oppe under taket, var det eg påskeaftan stod på eit galleri og såg på feiringa ved denne grava. Den fyrste kyrkja som bysantinarane bygde her, skal ha vore utan kuppel. Over tilbedinga ved Jesu grav var det den gong open himmel. I dag kan ein gå til Gravhagen like utanfor Gamlebyen, og sjå ein hage med ei tom klippegrav under open himmel. For min del har eg hatt gode opplevingar begge stadar. Gravhagen får meg til å tenkja: Slik kan det ha sett ut ved Jesu grav. Gravkyrkja får meg til å tenkja: Her skjedde det, det grunnleggjande underet som eg byggjer trua mi på.

I 2001 budde eg åtte veker i Jerusalem. I denne tida skreiv eg ein serie med reisebrev til lokalavisa Jærbladet heime på Bryne:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: