Det Heilage Landet. Reisebrev VI frå Jerusalem 2001

Dette er det siste reisebrevet mitt frå Jerusalem. Etter nokre vekers opphald og studium her, er eg i ferd med å pakka kofferten. Når du les dette, er eg på reisefot heim til Jæren. Ein ting er sikkert, eg er ikkje ferdig med dette landet. Eg er knytt til det, både i kjærleik og i fortviling. Kjærleik, fordi dette er Det Heilage Landet, landet der Gud har openberra seg i historia. Fortviling, fordi menneska som bur her, ikkje greier å leva saman i fred.

Kristendomen er ein historisk religion. Gud har gripe inn i vår verd på ein heilt konkret måte. For meg er dette viktig. Gud blei menneske. Det skjedde i dette landet, for om lag 2000 år sidan. Den kristne trua er historisk på den måten at den er knytt til reelle hendingar, og derfor blir eg aldri ferdig med å søkja kunnskap om denne historia.

Hit har folk reist i hundrevis av år for å søkja tilbake til trua sine røter. Det at eg har vore her i nokre veker, er på ingen måte eineståande. Folk har reist hit i store mengder. Og dei har søkt å finna fram til stadane der dei bibelske hendingane skjedde. Akkurat som eg har gjort. Derfor har det og blitt ei mengde med ”heilage stadar”. Her er etter kvart mest kvar bibelsk hending blitt knytt til ein konkret stad. I mange tilfelle er den historiske tilknytinga til staden opplagt, eller i alle høve sannsynleg. Men det er og mange tilfelle der det verkar usannsynleg at nokon kan seia nøyaktig kvar ei spesiell hending skjedde.

Ei anna sak er at min faktaorienterte, europeiske måte å tenkja på, ofte blir utfordra i møtet med desse ulike heilage stadane. Kanskje det viktigaste ikkje alltid er å seia ”nøyaktig her skjedde det”? Kanskje går me oss vill i søkinga etter staden, og kjem aldri fram til takken og tilbedinga? Eg merkar i alle høve at kristne frå andre tradisjonar ofte tenkjer annleis om slike spørsmål. Og eg trur at me har noko å læra av kvarandre.

Eg merkar meg t.d. omtalen av kva som er ein heilag stad, i eit lite hefte om den Via Dolorosa me i dag finn i Gamlebyen i Jerusalem. Her kan kristne følgja i Jesu fotspor på lidingsvegen, frå han blei dømt av Pontius Pilatus til han blei korsfesta og gravlagt. Eg har i mitt studium arbeidd med arkeologisk litteratur og med 1600 år gamle pilegrimstekstar for å finna fram til ein mest mogleg historisk lidingsveg, og dei spora eg finn, peikar mot andre delar av byen enn der dagens Via Dolorosa går. Men ein slik kunnskap tek dette vesle heftet høgde for, og skriv at ein heilag stad ikkje er ein stad der Jesus verkeleg gjekk, men ein stad der ei gåte i Jesu liv blir æra av kyrkja. Vidare står det at ein heilag stad er ein stad som er gjort heilag gjennom dei truande sine bøner.

Men om eg altså meiner at me har noko å læra av kvarandre, held eg framleis fast på at det for meg er viktig å søkja kunnskap om den historie og geografi som Gud valde, då han openberra seg for oss menneske. Og derfor er eg også sterkt knytt til dette landet og til det folket han kom til.

Men nettopp her kjem også fortvilinga inn. Fortvilinga over at menneska i dette landet ikkje greier å leva i fred med kvarandre. Eg har sett utrygge menneske på begge sider av konflikten. Eg har høyrt skyting om kveldane. Og det anar meg kor fortvila dei er, dei menneska som bur i dei områda som ligg utsett til for skytinga.

Kva betyr det då at eg trur på Han som blir kalla Fredsfyrsten? Det betyr at eg, midt i all fortvilinga, har ei kjelde for håp. I tillegg til håpet om ein politisk fred, har eg eit håp om ein fred som går mykje lengre. Og for meg er det eit viktig teikn at det finst Jesus-truande menneske både blant jødane og palestinarane. Dei er riktig nok eit lite mindretal på begge sider. Men dei finst. Og eg veit at det på begge sider av konflikten er menneske som bed og arbeider for fred og forsoning, med utgangspunkt i trua på Jesus.

Så er altså mitt forhold til Det Heilage Landet ikkje bare kjærleik og fortviling, men også håp.

I 2001 budde eg åtte veker i Jerusalem. I denne tida skreiv eg ein serie med reisebrev til lokalavisa Jærbladet heime på Bryne:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: