Ei lærebok i RLE har tatt bort før Kristus og etter Kristus som omgrep i tidsrekninga. Nå er det etter vanleg tidsrekning som gjeld! Dette fordi faget skal vera religionsnøytralt.
Vårt Land skriv om dette i dag i artikkelen Kaster Kristus ut av tidsregningen.
Det er ikkje første gong eg møter dette. Eg ser det f eks i Biblical Archaeology Review (siste nr kom i posten i går og det er alltid ein fest!). Ved sidan av innhaldslista står følgjande notis:
A Note on Style
B.C.E. (Before the Common Era) and C.E. (Common Era) used by some of our authors, are the alternative designations often used in scholarly literature for B.C. and A.D.
Det er ingen god grunn til at skulen i Norge skal slutta å nytta før Kristus og etter Kristus i tidsrekninga, verken i RLE eller i andre fag! Eg meiner det er fullt mogleg å halda fast på to ting samtidig:
- Norge er eit land som tilhøyrer den kristne kulturen.
- Nettopp den kristne kulturen gjer at me vil vera opne for menneske med ei anna tru og møta dei med respekt.
Det siste punktet betyr at me ikkje treng gje slepp på vår eigen kulturelle ståstad for å kunna møta menneske av anna tru på ein respektfull måte. Det er etter mitt skjønn verken naturleg eller nødvendig å innføra ein religionsnøytral tidsrekning.
Eg meiner forresten også at det var eit feilgrep å innføra det religionsnøytrale faget RLE i skulen. Men det er ei anna sak.
Når eg skriv dette siste, fryktar eg å bli tatt til inntekt for framandfrykt og ei negativ haldning til innvandring. Det ville i så fall vera å misforstå meg fullstendig. Eg meiner at den kristne trua og den universelle kristne kyrkja gir eit svært godt utgangspunkt for å ha ei opa haldning til menneske med ein annan bakgrunn. Til dette temaet vil eg gjerne anbefala bror Arnfinn sin velskrivne og utfordrande artikkel Brunt, kvitt og blått i Klassekampen i dag, gjengjeve på bloggen hans.
Me kan trygt visa til Kristus og halda fast på at me lever i år 2008 etter Kristus.
Posta av Arne Berge 


