Originalversjonen av denne artikkelen stod i papirutgåva av Jærbladet 23. desember 2005. Etter avtale med avisa publiserer eg ei bearbeidd utgåve her på bloggen. Eg har bl a endra innleiing og avslutning, slik at artikkelen ikkje lenger er knytt spesielt til julehøgtida.
Biskopane som kom saman i Nikea på forsommaren 325, hadde nok mykje å snakka om! For ei kjensle av fridom dei må ha kjent på! For første gong kunne leiarane for dei kristne kyrkjelydane rundt i Romarriket samlast ope, og det til og med på invitasjon frå keisaren!
Kristendomen var på dette tidspunktet nyleg blitt lovleg religion i den austre delen av det romerske riket. Det var keisar Konstantin som hadde skapt dei grunnleggjande endringane og som nå kalla saman alle biskopane til konsil i Nikea. Forskarane fortel at det var om lag 250-300 biskopar som deltok på møtet. Dei fleste kom frå det austlege middelhavsområdet. Det var nok ei ganske spesiell forsamling. Mange av dei var prega, både med indre og ytre sår, etter tida med forfylging og undertrykking.
Denne artikkelen vil ta deg med til den tyrkiske byen Iznik, byen som tidlegare heitte Nikea. Her blei det første økumeniske konsilet, eller kyrkjemøtet, halde i 325. Og dette møtet blei svært viktig for utviklinga av den kristne kyrkja. Den truvedkjenninga som me kallar ”den nikenske”, fekk rett nok ikkje sin ferdige form på dette møtet. Men grunnlaget blei lagt her og vedkjenninga blei endeleg vedtatt på det neste store konsilet, i Konstantinopel i 381.
Det første biletet viser stranda ved Izniksjøen. Her låg senatpalasset der kyrkjemøtet blei halde i 325. Det andre biletet viser ruinen etter kyrkja Hagia Sofia, der eit seinare konsil var samla i 787.
Les resten av dette innlegget »