Jerusalems sekulære religion

16/09/2012

Eg les Montefiore sin Jerusalemsbiografi for tida. Det er ei stor bok i alle tydingar av ordet. Eg er fascinert og kjem sikkert tilbake til boka seinare.

I dag vil eg sitera frå eit par avsnitt som blei sjølvransakande for meg i mi interesse for Jerusalems arkeologi. Eg står sikkert i fare for å oversjå menneska mellom alt det som er religions- og kulturhistorisk interessant.

Eg har kome til skildringa av 1800-talet. I kapitlet om 1860-åra skriv han om arkeologien i samband med den engelske prins Albert Edward sitt besøk i 1862:

Prinsens besøk styrket følelsen av at Jerusalem på sett og vis var en liten del av England. (…) Prinsen ble vist rundt til severdighetene av domprosten i Westminster, Arthur Stanley, hvis uhyre innflytelsesrike bok om bibelhistorien og arkeologiske spekulasjoner fikk en hel generasjon briter til å tro at Jerusalem var “et land som fra barndommen er oss mer kjært enn selv England”. Midt på 1800-tallet ble arkeologien ikke bare en ny historisk disiplin innen studiet av fortiden, men også en måte å forme fremtiden på. Ikke rart at arkeologien straks ble politisert. Den var ikke lenger bare en kulturell fetisj, en trend i tiden og en kongelig hobby, men imperiebygging med andre midler og en form for militær spionasje. Den ble Jerusalems sekulære religion og dessuten, i hendene på imperialistiske kristne som domprost Stanley, en vitenskap i Guds tjeneste. Hvis den kunne bekrefte at Bibelen og lidelseshistorien var sanne, kunne kristne kreve Det hellige land tilbake. (side 437-438)

Og litt seinare, om “troskyldige turister”:

Turistene, enten de var religiøse eller ikke, kristne eller jøder, enten de het Chateaubriand, Montefiore eller Twain, var flinke til å se hvor guder hadde stått, men nesten blinde når det gjaldt å se menneskene som nå bodde der. Gjennom historien har Jerusalem eksistert i fantasien til troende som befant seg langt unna, i Amerika og Europa. Nå som de kom i tusentall om bord på dampskip, forventet de å gjenfinne de eksotiske og farlige, pittoreske og autentiske scenene de hadde sett for seg ved hjelp av Bibelen, viktorianske rasefordommer og, etter ankomst, ved hjelp av tolker og guider. (side 442-443)

Dette gir, som sagt, god grunn til sjølvransaking for meg. Og sikkert også for andre som er glade i å reisa til Israel og dei palestinske områda.

Ved nærare ettertanke trur eg likevel eg kan seia at teologistudiet og engasjementet i Den Norske Israelsmisjon har gitt ein god ballast i møte med desse tendensane som Montefiore skildrar så treffande. Arkeologien er ikkje eit middel som beviser noko for meg som teolog. Den er heller med og utvider perspektivet eg har på Bibelen. Og i Israelsmisjonen har eg lært å vera opptatt av dei levande steinane, altså menneska, ikkje bare dei døde. Derfor går misjon og forsoningsarbeid hand i hand med interessa for bibelhistoria.


Bøker i Jerusalem

03/02/2012

Eg interesserer meg for bøker. Gamle og nye bøker. Ser eg ein bokhandel eller eit antikvariat når eg er ute og reiser, kan du vera trygg på at eg gjer det eg kan for å gå inn og bruka tid der. Det gjeld også når eg er i Jerusalem.

Derfor likte eg artikkelen Top 5 Jerusalem bookstores som stod i Jerusalem Post sist veke. Skribenten rangerte butikkane slik:

  1. Book Gallery
  2. Steimatsky
  3. M. Pomeranz Bookseller
  4. Munther’s Book Shop
  5. Olam Qatan

Då eg var i Jerusalem i haustferien i fjor, budde eg på eit hotell like ved Book Gallery. Dermed fekk eg mitt første, men neppe det siste, besøk i denne butikken. Dette var verkeleg ein stad med atmosfære. Sjå nettsida deira her (også for online handel).

Besøket i Book Gallery førte elles til at eg hadde med meg ein godbit heim; George Adam Smith si Historical Geography of Jerusalem (bd 1) og  History of Jerusalem (bd 2) i eit opptrykk av originalutgåva frå 1907. Eit klassisk Jerusalemsverk!

(via BiblePlaces Blog)


Montefiore om Jerusalem

23/09/2011

Den kjente biografen Simon Sebag Montefiore har skrive biografi om Jerusalem.

Gå til boka.

Dag og Tid skriv i dag:

Historia om Jerusalem er eit stykke verdshistorie, meiner Montefiore, som er i Oslo denne veka for å lansere den siste boka si, som ber den ambisiøse tittelen Jerusalem. Biografien.

– Det er ein ambisiøs tittel, og det er ei ambisiøs bok, seier 46-åringen.

– Eg ville skrive ein ny type historie som tek utgangspunkt i personane som skapte byen, ikkje i arkitekturen og bygning­ane, noko som så ofte er tilfellet, kanskje særleg i Jerusalem. Eg skriv alltid bøker for meg sjølv, først og fremst. Dette er boka om Jerusalem som eg alltid har hatt lyst til å lese.

Resultatet er eit kompakt verk på over seks hundre sider som guidar lesaren gjennom tre tusen år med krig, øydelegging, herjing, plyndring, massakrar og valdtekter, sinnssjuke despotar og intrigante elskarinner, men me vert samstundes kjende med briljante leiarar og eventyrlege einskildlagnader, i tillegg til ukjende sider ved kjende historiske personar. Visste du til dømes at kong Herodes farga håret?

– Eg ville skrive ei bok som er tilgjengeleg for alle. Samstundes skulle ho innehalde alle fakta, alle namn, alt som høyrer med når ein skriv om verdas religiøse hovudstad. Eg ville dessutan ha med alt det forfattarar og historikarar aldri skriv om når dei skriv om Jerusalem, nemleg kvinner, sex, mat, poesi og musikk. Jerusalems historie er full av alt dette.

– Det var tre årsaker til at eg ville skrive om Jerusalem, fortel Montefiore, som frå før er mest kjend som forfattar av Den unge Stalin og Stalin. Den røde tsarens hoff, attåt biografien om Potemkin og Katarina den store.

– Eg er sjølv jøde og har eit sterkt forhold til byen, især til Klagemuren, som er ein heilag stad for meg. Dessutan har Montefiore-familien sterk tilknyting til byen, eg har sjølv besøkt Jerusalem frå eg var tre år, kanskje yngre; familiemottoet vårt er «Jerusalem!». Sist, men ikkje minst så må Jerusalem vere den mest interessante byen i verda for ein historikar.

(Les meir)

Oppdatering 10.12.2011: Todd Leopold (CNN) skriv om boka på Belief Blog


Tunnel ved tempelhøgda II

05/02/2011

Her er nøktern og informativ informasjon om dreneringstunnelen som er graven fram i området mellom tempelhøgda og Siloadammen i Jerusalem.

Det er Caspari Media Review 03.02.2011 som formidlar denne teksten frå avisa Ma’ariv:

An ancient drainage tunnel running the length of the Tyropoeon Valley has recently been cleared of dirt and refuse accumulated over the course of 2,000 years, allowing body-height access for the first time since its discovery. The channel is located beneath the main paved and stepped road which traversed Jerusalem in those days, passing alongside the Western Wall in the north and down to the Siloam Pool in the southern portion of the City of David. Neither the road nor the channel pass beneath the Temple Mount itself.

Sjå tidlegare notat om tunnelen her.


Gamle graver i Kedrondalen

16/03/2010

Jerusalems 10 på topp #4

I Kedrondalen i Jerualem står tre store og imponerande gravmonument. Gravene stod her allereie på Jesu tid. Bildet viser Bene Hasirs grav til venstre og Sakarjas grav til høgre. Litt lenger til venstre for desse, utanfor bildet, ligg Absaloms grav. Desse gravene er med på ei liste over Jerusalems 10 på topp for den som er historisk og arkeologisk interessert.

Jesus gjekk her

Dette var sikkert ein stad Jesus ofte passerte på sine vandringar mellom Jerusalem og Oljeberget, slik det f eks er skildra her:

Om dagen var Jesus i tempelet og underviste, men om kvelden gjekk han ut til den høgda som heiter Oljeberget, og var der om natta. Og tidleg om morgonen flokka folket seg om han på tempelplassen og høyrde på han. (Luk 21,37-38)

Jesus og disiplane passerte truleg også dei gamle gravene den natta dei gjekk frå innstiftinga av nattverdmåltidet til Getsemane, der Jesus blei arrestert:

Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med disiplane sine og over til andre sida av Kedronbekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i. (Joh 18,1)

Namna på gravene

Gravmonumenta har gjennom tradisjonen blitt knytt til kjente namn frå Bibelen. Absaloms grav blei i 1170 e. Kr. knytt til Absalom med utgangspunkt i teksten frå 2. Sam 18,18:

Medan Absalom levde, hadde han reist ein minnestein for seg. Det er den steinen som enno står i Kongsdalen. «For eg har ingen son som kan halda oppe minnet om namnet mitt,» sa han. Difor gav han steinen namn etter seg, og sidan har han vorte kalla «Absaloms minne» og heiter så den dag i dag.

Bene Hesir var ein prestefamilie som er nemnt i 1. Krøn 24,15. Grava har fått dette namnet etter orda i ei hebraisk innskrift over dei to søylene. Sakarjas grav er blitt knytt både til den gamaltestamentlege profeten Sakarja og til døyparen Johannes sin far.

Historikarar daterer derimot gravmonumenta til 1. og 2. hundreår f Kr, altså til mellomtestamentleg tid, og gravene har nok ingen historisk tilknyting til personane dei har fått namn etter.

Jerusalems 10 på topp

Det er arkeologen og bibelforskaren Jerome Murphy-O’Connor som plasserer Kidron Valleys Tombs på fjerde plass på si liste over Jerusalems 10 på topp.


Det herodianske kvarteret

01/03/2010

Jerusalems 10 på topp #5

Under eit av dei moderne bygga i det jødiske kvarteret i Gamlebyen, ligg eit museum som viser fram dei arkeologiske utgravingane av seks luksushus frå herodiansk tid (37 f Kr – 70 e Kr). Her kan ein sjå denne flotte mosaikken, bordet og dei to steinkara.

The Palatial Mansion

Spesielt eitt av husa, The Palatial Mansion, skil seg ut. Dette er ein relativt godt bevart bygning på 600 kvadratmeter over to etasjar, blant anna  med ein stor mottakingshall og eit innebygd gardsrom. I tilknyting til bygget ligg The Peristyle Building, ein bygning som utmerkar seg med imponerande søyler som minnar om det som er funne i luksusvillaer i Pompeii og herodianske palass i Masada, Herodion og Jeriko. I kjellaren er det funne rituelle bad som viser at dei som budde her, la vekt på å følgja dei jødiske forskriftene.

Det herodianske kvarteret

Utgravingane av dei seks bygningane blir kalla Det herodianske kvarteret og er tilgjengeleg som Wohl Archaeological Museum. Du finn inngangen like ved Hurva Square.

Kven budde her?

Arkeologen Nahman Avigad var ansvarleg for utgravinga av området. Han meiner at The Mansion kan ha vore bustaden til ein rik øvsteprestleg familie eller ein av familiane i det sekulære aristokratiet i Jerusalem. Bargil Pixner har utfordra dette synet ved å hevda at arkeologane her har funne delar av Det hasmoneiske palasset der kong Herodes den store budde den første tida av regjeringstida si. Dette er eit omstridt synspunkt, men Pixner får støtte frå fleire fagfolk. Teorien er interessant, men eg tenkjer me bør vera forsiktige med ein slik identifikasjon før det evt kjem fram historisk eller arkeologisk kunnskap som gir sterkare støtte til teorien.

Jerusalems 10 på topp

Eg har funne fram ein uavslutta serie om Jerusalems 10 på topp og ser for meg at eg nå vil fullføra serien. Det er den kjende forskaren Jerome Murphy-O’Connor som har laga lista som eg følgjer. Han har rangert Herodian Mansions som nr 5 på denne lista.

Relatert stoff (om det hasmoneiske palasset) her på bloggen: Notatet om Pilatus si borg.


Nattverdssalen på Sionshøgda

01/05/2009

nattverdssalen1Det er mange kompliserte spørsmål knytt til dei såkalla heilage stadane i Jerusalem. Alt ligg så tett og stadane har tilknyting til ulike religionar. Det viser seg svært vanskeleg å finna gode og rause løysingar på slike spørsmål.

Ein av dei stadane der religionane sine heilage stadar ligg tett på kvarandre, er Sionshøgda like sør for Gamlebyen. Ein interessant bygning frå korsfarartida inneheld her både den kristne Nattverdssalen / Øvresalen (The Cenacle) og den jødiske Kong Davids grav. Biletet viser litt av Nattverdssalen.

I går var det forhandlingar mellom Vatikanet og representantar for staten Israel om retten til å disponera denne staden. Møtet i går var bare eitt av mange møte i langvarige og vanskelege forhandlingar mellom Israel og Vatikanet om ulike kyrkjelege eigedomar og stadar i Israel.

Vatikanet skal ha uttrykt sitt ønske slik i 2005:

“The State of Israel hands over to the Holy See the use of the Cenacle [the Last Supper room], of the access path to it, and of the spaces adjacent to it… It is the Holy See’s intention to inform the Bishops – and through them the world’s Priests – that the Catholic Church has been given the use of the Cenacle, inviting them to visit the Holy Place together with their faithful… The Holy See hands over this use of the Cenacle to the Custody of the Holy Land [which acts on behalf of the Holy See]… [which] will keep the Cenacle open from 6 AM to 8 AM for the celebration of the Holy Mass… Official liturgical celebrations of non-Catholic Churches can take place only upon prior written permission by the Custody of the Holy Land.”

Det er ikkje nokon teikn til at Israel har planar om å oppfylla dette ønsket. Situasjonen er som nemnt at Nattverdssalen ligg i andre etasje i eit historisk bygg som også huser Kong Davids grav, ein av dei viktigaste heilag stadane i jødedommen! Heile bygningen er under israelsk herredøme. Nattverdssalen står open for kristne som kjem dit, – eg har vore der mange gonger. Men det vakre rommet er dessverre tomt og utan nokon form for kyrkjeleg innhald eller personell.

Her kan du lesa heile meldinga No Mt. Zion Deal om forhandlingane, sendt ut av IsraelNationalNews.

Den aktuelle bygningen på Sionshøgda har ein viktig posisjon i kristen tradisjon. Staden blir tradisjonelt knytt både til innstiftinga av nattverden og til pinseunderet. Og ikkje nok med det; arkeologen Bargil Pixner argumenterte for at dei eldste murane stammer frå ein synagoge som blei nytta av apostlane og dei første kristne i Jerusalem! Dette kan du lesa meir om i hans artikkel Church of the Apostles found on Mt. Zion. Det skal rett nok seiast at dette ikkje er ein alment anerkjent teori. Det som er sikkert er at bygningen som huser både Davids grav og Nattverdssalen, er frå korsfarartida. Men dei eldste murane er opplagt mykje eldre!


Vedlikehald av Klagemuren

06/04/2009

vestmurenIsraelske arkeologar har sett i gang eit tverrfagleg prosjekt for konservering av Klagemuren. Arbeidet vil visstnok pågå i to månadar.

Her gjeld det å ikkje gjera noko feil; alt arbeid her må ta omsyn til at området er eit minefelt, både religiøst og politisk.

Men arbeidet er følsomt, også ut frå reint jødisk tankegang:

In touching the stones of the Western Wall the conservators of the Israel Antiquities Authority are touching what has been the very heart of Jewish heritage for generations.

(Les heile pressemeldinga)

Den israelske avisa Haaretz skriv:

Israeli archaeologists are inspecting the Western Wall stone by stone in a new conservation effort at the Jewish holy site.

The oldest stones were laid 2,000 years ago as part of the retaining wall of the Jewish Temple, and the newest by the Ottomans – who ruled the area until 1917.

Israeli Antiquities Authority archaeologist Jon Seligman says the work aims to make sure stones don’t collapse on those praying below.

On Sunday workers on a platform cleaned stones near the top of the 20-meter high wall, which is a religious flash point. The authority says work will likely continue for two months.

Jews sanctify the raised area above the wall as the Temple Mount, their holiest site. To Muslims it is the Noble Sanctuary, their third-holiest place.

(via PaleoJudaica)

Oppdatering: Sjå dette fotoessayet frå arbeidet ved Klagemuren, frå IsraelNationalNews.


Kristen demografi i Jerusalem

09/09/2008

I dagens utgåve av Caspari Center Media Review fann eg ei interessant demografiske skildring av den litle kristne minoriteten i Jerusalem, henta frå ei israelsk avis.

… According to these, the Christian community in the city numbers around 15,000 persons and constitutes 2% of the city’s population. This has fallen from 31,000 (19%) in 1946 due to the series of wars and the effects of the Israeli-Arab conflict. The Christian population’s birth rate is lower than that of both the Jewish and Muslim communities, standing at 2.14 in contrast to 2.75 amongst the Jewish population and four children per Muslim family on average. The Christian community in Israel in general is split between Arab and non-Arab Christians … (Les meir)

Dei messianske jødane er ikkje med i desse tala. Dei utgjer ein enda mindre minoritet.


Funn frå Davidsbyen

27/08/2008

Her er den offisielle rapporten frå Israel Antiquities Authority med analyse av funna frå utgravingane i Davidsbyen i Jerusalem i 2007. BiblePlaces Blog har ein omtale av rapporten og trekk fram nokre av dei mest interessante avsnitta.


David si borg i Jerusalem?

11/08/2008

Jerusalems #6

I den eldste delen av Jerusalem er det dei siste åra grave fram nokre imponerande og svært gamle murar. Desse murane var alt 200 år gamle då kong David gjorde Jerusalem til hovudstad i riket sitt ca 1000 f.Kr.!

Det er i dag mange fagfolk som seier at dette truleg har vore delar av støttemurane til kongeborga som er nemnt i GT:

Men David tok Sion-borga, som no er Davids-byen. (…) David slo seg ned i borga og kalla henne Davids-byen.” (2. Sam 5,7 og 9).

Dei gamle murane blir kalla The Stepped-Stone Structure. Dei ligg i Davidsbyen, i området sør for tempelplassen. Om det ikkje kan seiast sikkert at dette er restar frå Sionborga, er det i alle høve eit spennande funn som viser at Jerusalem inneheldt mektig arkitektur i så gamal tid, altså i tida før og under Davids overtaking av byen.

Eg har tidlegare skildra ein tur i Davidsbyen i samband med haustferien i fjor, og eg har også anbefalt nettsida City of David. I denne omgang tar eg dette stoffet fram fordi The Stepped-Stone Structure er rangert som nr 6 på lista over Jerusalems 10 på topp. Eg håper eg gjennom denne serien kan inspirera fleire til å utforska Jerusalem, som eg meiner er blant dei aller mest interessante og viktige byane i verda.


The American Colony

27/06/2008

The American Colony Hotel er ein fascinerande stad i Aust-Jerusalem. Det berømte hotellet har ei spesiell historie som går tilbake til Anna Spafford, ei markert kvinne som faktisk var født i Stavanger! Anna var den mektige ledaren i ei eskjatologisk sekt som danna fellesskapet The American Colony. Anna og sekta hennar var igjen utgangspunkt for historia i Selma Lagerløf sin roman Jerusalem.

Eg har aldri overnatta på hotellet. Men det går an å oppleva staden ved å gå innom og ta ein lunch (biletet) eller bare ein kopp kaffi. Eg har gjort begge delar.

Odd Karsten Tveit har skrive den interessante boka Annas hus som går grundig inn i historia om Anna Spafford og The American Colony. Det er nokre år sidan eg las boka, men eg blei minna om den i kveld då eg kom over dette avsnittet i den siste utgåva av Caspari Center Media Review:

The offspring (by marriage) of one of the most prominent and celebrated Christian families living in Israel died this week, at the age of 96 (Haaretz, June 20). Valentine Vester was the proprietor of the American Colony Hotel, a Jerusalem landmark. “Born in 1912 in Britain to a wealthy family, Vester, an Oxford graduate, came to Jerusalem in the 1960s with her husband Horatio, the grandson of the Colony’s founders.” Horatio was the grandson of Anna and Horatio Spafford who, in 1881, “led a small American contingent to Jerusalem to form a Christian utopian society known as the American Colony. Colony members, later joined by Swedish Christians, engaged in philanthropic work in Jerusalem, gaining the trust of the local Muslim, Jewish and Christian communities. A year after arriving in Jerusalem, they bought the pasha’s house from the Husseini family, and turned it into an inn. Over the years it became a luxury hotel.” Horatio himself died in 1985, and while Valentine considered Britain her true home, she devoted herself to the hotel in Jerusalem.


Arkivet i Christ Church

11/06/2008

Christ Church er den eldste protestantiske kyrkja i Jerusalem, bygd i 1849. Kyrkja ligg i Gamlebyen, like innanfor Jaffaporten. Her er det i dag ein engelskspråkleg internasjonal kyrkjelyd som har gudstenester på søndagane og ei hebraiskspråkleg messiansk jødisk forsamling som har gudstenester på laurdagane. Men kyrkja har ei lang og viktig historie, og denne veka har den israelske avisa Haaretz ei interessant artikkel om arkivet i kyrkja:

Tucked away in Jerusalem’s Old City, between the entrance to the David Street market and the Armenian Quarter is one of Jerusalem’s unsung treasures – a small room chock full of books, letters and documents in the historic Christ Church complex. Many of the documents are hand-written in the flowery style of the 19th century or earlier, written by Europeans, particularly the British, who lived and worked here. Coming to the documents’ hopeful rescue is a recently initiated project that applies a combination of cutting edge technology and devotion to history to set them on their way toward digitalization as a means of preserving the stories they tell for future generations.

“Every time I turn a page or unfold an old letter, it’s like opening a window into 19th century Palestine, a window that not many people have been able to look into,” Niek Arentsen, a theologian and the volunteer librarian says of his work for the past two years. (les meir)


Rennande vatn i Davidsbyen

21/05/2008

Hiskias tunnelJerusalems #7

Vatn er nødvendig i ein by. Jerusalem ligg langt oppe i fjella og var frå gamal tid avhengig av kjeldevatn. Byen er 3000 år gamal og vatnsystemet som er funne i Davidsbyen, det eldste Jerusalem, har element som går mest så langt tilbake i historia. Det er fascinerande å sjå nærare på Warren’s sjakt, Gihonkjelda, Hiskias tunnel og Siloadammen. Dette vatnsystemet er rangert som nr 7 på lista over Jerusalems 10 på topp.

Eg har tidlegare skildra ein tur ned gjennom Warren’s sjakt til Gihonkjelda. Denne kjelda forsynte byen med vatn. Her har også viktige historiske hendingar skjedd; Bibelen fortel at kong Salomo blei salva til konge ved Gihonkjelda (1. kong 1).

Frå kjelda er det mogleg å gå gjennom Hiskias tunnel (biletet 1) som blei hogd ut i fjellet under byen på 700-talet f Kr, for å sikra vatn i urolege tider. Gihonkjelda låg nemleg utanfor bymuren og tunnelen enda inne i byen. Tunnelen er ca 600 m lang og går i ein stor bue (som ein S). Her går ein i stummande mørker i rennande, temperert vatn. Vatnet går så vidt opp på leggen det meste av turen, bare eit par plassar er det litt djupare. Tunnelen er trong, men sikker. Og det er umogleg å gå seg vill!

SiloadammenDet rennande vatnet i Hiskias tunnel blei ført fram til Siloadammen. Biletet til høgre viser den dammen som låg der på Jesu tid. Den er funnen for få år sidan, eit lite stykke frå staden der tunnelen endar i dag. Eg opplevde for første gong å koma til det nytestamentlege Siloa i haustferien i fjor og eg syns det var fantastisk! Sjå også BAR sitt biletgalleri frå staden.

Denne dammen er nemnt i NT:

Så sa han: «Gå og vask deg i Siloadammen.» Siloa tyder utsend. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå. (Joh 9,7)

Den vanlege oppfatninga er at Siloadammen hadde ein viktig funksjon som reinsingsbad (miqveh) for folk som skulle opp til tempelet, ikkje minst når det i dei tre jødiske høgtidene kom tusenar av pilegrimar til byen. Men det er også sett fram ein teori om at det var eit offentleg svømmebasseng. Les gjerne Hershel Shanks’ artikkel Ritual Bath or Swimming Pool i det siste nummeret av BAR (3/2008). Han held på at Siloadammen truleg har fungert som eit stort reinsingsbad med rennande vatn og med ein viktig funksjon i forhold til tempelet.

Sjå òg den flotte sida City of David som nyleg har vunne ein pris:

Israel may have missed out at the Oscars in Hollywood, but an Israel website, www.cityofdavid.org.il, won first prize at the UN-sponsored World Summit Awards (WSA) in Venice recently.

Selected as “the best in e-content and creativity in the category of e-culture,” “this outstanding website brings remote visitors face to face with the protagonists and locations of the living Bible,” the WSA stated in its laudatory citation. (les meir)


Kristne korstog?

20/05/2008

(Dette innlegget skreiv eg på den tidlegare TypePad-bloggen min 15.03.2006. Innlegget blei sletta i samband med konverteringa frå TypePad til WordPress, og sidan det er relativt tidlaust, tar eg det inn her på bloggen nå).

Eg har truffe mange interessante menneske når eg har vore ute og reist, ikkje minst i Israel og dei palestinske områda. Ei kvinne som på mange måtar skil seg ut, er Søster Abraham, eller Kirsten Stoffregen Pedersen, som er hennar borgarlege namn.

Søster Abraham er dansk, men har sidan 1967 budd i Jerusalem. Der lever ho eit enkelt liv som nonne på Oljeberget, samtidig som ho er ein lærd forskar og foredragshaldar. For nokre år sidan, faktisk på 45-års dagen min, høyrde eg henne ha foredrag om ikonmaling og om den etiopiske kyrkja på Tantur Ecumenical Institute i Jerusalem. I dag blei eg minna på dette interessante møtet med henne, då eg kom over eit svar ho hadde skrive på den danske sida Religion.dk om koss kristne har kunna forsvara korstoga med utgangspunkt i Bibelen.

KORSTOG: Kirsten Stoffregen Pedersen forklarer, hvordan kristne har kunnet bruge Bibelen til at forsvare korstog. Det er svært at finde hjemmel i bibelen for korstog, siger søster Abraham.

Kære Martin Terkildsen! Man har bedt mig om at besvare dit spørgsmål om synet på anvendelsen af vold i Islam og i Kristendommen. Du vil gerne vide, hvor man har kunnet finde hjemmel i Bibelen for korstogene.

Ja, det er sandelig ikke let! Naturligvis findes der tale om krig til forsvar for Israel (det jødiske folk) i Gamle Testamente. Da Amalekitterne forbyder Israel at passere gennem deres land, fører det til krig mod Amalek fra generation til generation (2.Mosebog 17:16).

Men Jesus var modstander af krig og vold. På et sted, hvor Han forudsiger sin nært forestående lidelse og død, viser disciplene ham to sværd: “Herre, se her er to sværd. ” Men Han sagde til dem: “Det er nok””. (Lukas.22:38).

Da det kommer til stykket, og en af disciplene trækker sit sværd for at forsvare sin mester mod dem, der er ved at arrestere ham, og hugger ypperstepræstens tjeners øre af, så siger Jesus: “Stik dit sværd i skeden. For alle de som griber til sværdet, skal omkomme ved sværdet” (Mat.26:52).

Da Pilatus undrer sig over, at ingen kommer og forsvarer ham, når han nu selv har erklæret, at han er en konge, svarer Jesus: “Mit rige er ikke af denne verden.”

Nej, det er meget svært i det Nye Testamente at finde forsvar for Korstogene.

Selv om Jesus også siger: “I skal ikke mene, at jeg er komet for at bringe fred på jorden. Jeg er ikke kommet for at bringe fred, men sværd.” (Matth.10:34).

Det viser sig dog straks, at den krig, der her er tale om, er den, der foregår i disciplenes eget liv, nemlig at de ikke må foretrække nogen eller noget frem for Gud. Hvad, der gav stødet til Korstogene. var frem for alt den spændte og urolige tilstand i det Mellemste Østen og det Hellige Land fra slutningen af 900-tallet og op gennem 1000-tallet.

Den fatimidiske hersker i området, El-Hakim, som regerede fra Ægypten, havde i 1008 ladet de kristnes hovedkirke, den hellige Gravs Kirke i Jerusalem brænde ned til grunden og ødelagt en mængde andre kirker. De vestlige kristne magter rejste sig – og så rullede bolden videre.

Det var ikke den gang let at se, hvad man burde gøre. Men der var allerede den gang folk, som ikke gik ind for korstogene. Da man sagde til den hellige Birgitta af Sverige (1303-1373), at det måtte være en ukristelig gerning at slå hedninger ihjel, mente hun dog, at det var bedre for en hedning at dø ung, end at han kom til at leve længe og begå mange synder!

Men det var langt fra alle hendes trosfæller, som var enige med hende i dette, og i dag er det heldigvis svært at finde kristne med en sådan indstilling.

Dr. Kirsten Stoffregen Pedersen / Søster Abraham, Jerusalem


Arkeologisk arkitektur

15/05/2008

Dr Leen Ritmeyer er arkeologisk arkitekt med bibelsk arkeologi som spesialitet. The Bible illustration blog har gjort eit interessant intervju med han.

Her er eit utdrag:

Leen, you’re job title is ‘Archaeological Architect specializing in Biblical Archaeology’. In layman’s terms, what exactly does an archaeological architect do?

The work I have done for a long time now, is reconstructing ancient sites. I have done this with pen and ink on paper or as a painting, by designing and building models and also by actually building up ancient sites to show some of their former glory. Before making any reconstruction, one first has to make plans, elevations and sections of the site. One also needs to do a survey of all the fallen or destroyed remains which are no longer ‘in situ’, i.e. in their original location. It is also important to study any available ancient sources and study comparative architectural styles.

(…)

Out of all the archaeological sites that you’ve worked on, which Biblical site has excited you the most?

Undoubtedly the Temple Mount. It was, as it were, love at first sight. I knew the Bible well, since I began reading it carefully in Israel in 1967 and the sacred buildings, such as the Tabernacle and the Temples built by Solomon and Herod, always intrigued me. It was a privilege to have worked there for so many years and to get to know the building details intimately.

(…)

You mentioned to me that part of your work in Israel was to reconstruct actual Biblical buildings. Can you tell us something about the buildings that you’ve worked on?

Yes, I have (partially) reconstructed a Crusader church, a Byzantine colonnaded street, namely the Cardo in Jerusalem, Herodian villas, one of which may have been the palace of Annas the High Priest, who, with his son-in-law Caiphas, condemned Jesus to death, and other buildings, such as monasteries and agricultural installations. The most complete reconstruction was a section of the Cardo, where we assembled complete columns with their capitals and a wooden roof construction on top. Usually, however, the work involved building up walls and doorways a few feet to help visitors with spatial orientation and the repair of floors and approach roads. Special care needs to be taken not to reconstruct anything one is not hundred percent certain of. (…)

Les heile intervjuet her.

Sjå også Dr Leen Ritmeyer’s blog og nettsida Ritmeyer Archaeological Design.


Damaskusporten

02/05/2008

Jerusalems #8

Gamlebyen i Jerusalem er omkransa av ein bymur frå 1500-talet. Det er sju portar i muren. Damaskusporten er den største og flottaste av byportane og den har fått 8. plass på lista over Jerusalems 10 på topp.

Damaskusporten ligg i den arabiske delen av Jerusalem. Heile området, både på utsida og innsida av porten, er som ein stor marknadsplass. Det er eit fascinerande folkeliv i dette området. Like innanfor porten kan du setja seg ned med ein kopp kaffi og sjå på dette folkelivet. Og eg lovar: Du vil ikkje kjeda deg!

Porten er eit flott eksempel på ottomansk arkitektur. Den blei bygd av den ottomanske sultanen Suleiman som også er byggherre for den bymuren som står i dag.

Men den første byporten på staden blei bygd allereie av kong Herodes Agrippa I, som regjerte i år 41-44, altså ca 10 år etter Jesu død og oppstode. Denne kongen er nemnt i Apg 12,20-23. Han utvida byen slik at dette området, inklusiv Golgata og Jesu grav, kom innanfor murene.

Seinare blei byporten bygd opp igjen av keisar Hadrian i 135 då han bygde den romerske byen Aelia Capitolina over ruinane av Jerusalem, som var øydelagt i år 70. Byplanen over området ved porten er i dag frå Hadrians tid, med plassen som var utgangspunkt for dei to romerske hovudgatene. Desse svarer i dag til dei to arabiske marknadsgatene (Suq og el-Wad) som begynner like innanfor porten.

Det er gjort arkeologiske utgravingar under Damaskusporten, og desse er opne for publikum. Eg har dessverre ikkje vore nede og sett på desse utgravingane. Det må eg få gjort noko med!

Gamlebyen med bymurane er ført opp på UNESCO si liste over verdsarven.


The Shrine of the Book

26/04/2008

Jerusalems #9

Dødehavsrullane fascinerer svært mange menneske. Dei gamle rullane som blei funne i leirkrukker i fjellholer i ørkenen nede ved Dødehavet, er utgangspunkt både for utrulege historier og for viktig forskning.

Dødehavsrullane er presentert på ein original måte i utstillinga The Shrine of the Book ved Israels Museum i Jerusalem. Det er mange interessante musear i denne byen; dette er nok det mest unike. Museet har fått 9. plassen på lista over Jerusalems 10 på topp.

Når du kjem til The Shrine of the Book, ser du bare taket som er forma som lokket på ein av leirkrukkene som rullane blei funne i. Anlegget er bygd av skinnande kvit stein. Som ein kontrast må du passera ein høg mur i svart stein. Denne symbolikken peikar på tankegangen til essearane, den jødisk grupperinga som stod bak dei gamle skriftrullene. Dei såg på seg sjølv som barn av lyset, i motsetnad til alle andre som var barn av mørkret. Når du går inn, er det som å gå inn i ei av holene. Der får me sjå nokre av Dødehavsrullane, nokre andre skriftrullar og ei utstilling om miljøet desse rullane blei til i. Det er spesielt å tenkja på at dei er så gamle, og at dei dokumenterer bibelske skrifter og annan jødisk litteratur på ein så spesiell måte.

Du kan lesa meir om Dødehavsrullane her i ein tidlegare artikkel på bloggen.


Jakobskatedralen

19/04/2008

Jerusalems #10

Jakobskatedralen er ein av Jerusalems best bevarte hemmeligheter. Turistgrupper blir svært sjeldan tatt med dit. Likevel er den med på lista over Jerusalems 10 på topp, som nr 10.

Katedralen ligg gøymt bak høge murar inne i det armenske kvarteret og er ikkje opent tilgjengeleg som dei fleste andre kyrkjer i byen. Men armenarane opnar sjølvsagt opp katedralen sin når dei feirar gudsteneste. Eg har fleire gonger deltatt i den korte vesperen som dei har om ettermiddagen på kvardagane.

Jakobskatedralen er hovudkyrkje for det armenske patriarkatet. Kyrkja er frå 1100-talet, men er bygd over eldre kyrkjer som kan førast tilbake til 400-talet. Armenarane knyter staden til to av dei bibelske personane som heiter Jakob; Jesu bror som blei den første biskop i Jerusalem og som i følgje den armenske tradisjonen ligg gravlagt under høgaltaret, og apostelen Jakob, son av Sebedeus, som har eit altar på venstre sida av kyrkjerommet.

Kyrkja er flott og eg vil også seia svært stemningsfull. Det er orientalske teppe på golvet, store mengder oljelampar i taket og fullt av ikonar på veggene. Det er ikkje stolar, men nokre få benkar langs veggene for dei som helst vil sitja. Når gudstenesta begynner, kjem ungdomar i svarte kapper inn. Dette er elevar ved det armenske presteseminaret, dei set seg i to grupper på golvet på kvar siden av altaret og blir etterkvart med som korsongarar i liturgien. Så kjem prestane og munkane, og deretter bølgjer den armenske liturgien fram og tilbake i ei karakteristisk musikalsk form.

Det er fascinerande å oppleva desse gudstenestene. Det kan opplevast underleg, sett med protestantiske auge, at dette er gudstenester utan kyrkjelyd. Det er bare nokre få til stades utanom korgutane, munkane og prestane. Ei rimeleg forklaring eg har høyrt, er at dei ca 1000 armenarane som er igjen i det armenske kvarteret i Jerusalem, helst nyttar ei av dei andre kyrkjene i kvarteret som sin samlingsstad.

Armenarane er eit folk som har ei lang kristen historie. Dei reknar Armenia som den eldste kristne nasjonen i verda, i og med at dei som folk gjekk over til den kristne trua alt i 301. Frå 400-talet har det vore ei armensk befolkning i Jerusalem. Det armenske kvarteret i Gamlebyen er omgjeve av murar ut mot gata, mens armenarane innanfor har sin eigen stille bydel (bilete) med bustadar, kloster og kyrkjer. Ut mot gata er det ein armensk taverna og nokre få butikkar som sel armenske fliser og annan kunst. Og sist, men ikkje minst, det armenske museet, som dokumenterer den armenske kulturen.

Det at Jakobskatedralen er med på lista over Jerusalems 10 på topp, er nok ei overrasking for mange. Eg syns kyrkja fortener denne posisjonen. Den er vakker og spesiell. Og gudstenestelivet i kyrkja, med den tradisjonelle armenske liturgien, er ei flott oppleving å få med seg.

Kyrkja er open i samband med gudsteneste måndag-fredag kl 07-08 og 15-15.30, laurdag-søndag kl 06-09.30. Ein vender seg til vakta i porten inn til det armenske kvarteret. Katedralen ligg like innanfor.

Og her er heile lista over Jerusalems 10 på topp:


Jerusalems 10 på topp

15/04/2008

Jerusalem må vera ein av dei mest spennande byane i verda! Byen som ligg oppe i fjella i Israel, 800 meter over havet, har ein heilt spesiell posisjon både religiøst, politisk og historisk. Den har ei 3000-årig historie. Det er ein fantastisk by å gå rundt i, det er alltid noko nytt å oppdaga. For meg er den delen av historia som er knytt til Bibelen og til kyrkjehistoria mest interessant.

Biblical Archaeology Society har laga eit lite hefte med The Glories of Jerusalem, The Top Ten Sites in the Holy City.

“10 på topp”-lista er sett opp av bibelforskaren Jerome Murphy-O’Connor. Eg vil i tida framover skriva om desse ti høgdepunkta i Jerusalem. Eg begynner med det han plasserer på 10. plass og arbeider meg oppover på lista til nr 1.

Murphy-O’connor har blant anna har skrive den store arkeologiske guiden eg ofte har hatt med meg rundt i Israel. Då eg hadde studieopphald i Jerusalem og arbeidde med Jesu lidingshistorie, oppsøkte eg han på Eqole Biblique og fekk ein samtale om arkeologiske spørsmål knytt til lidingshistoria. Han var lyttande til kva eg var interessert i og kom med tydelege synspunkt på problemstillingane mine. Elles gav han meg ein del tips om litteratur og fortalde også om institusjonen der han arbeider. Interessant!

Oppdatering: Serien er nå ferdig:


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 205 other followers