Israelske bokbål

June 4, 2008

Det har denne veka vore avisoppslag om det som kan tyda på ein aukande motstand mot messianske jødar i Israel. Det er enkelte ortodokse miljø som går hardt ut mot dei Jesustruande jødane, og dei er villige til å bruka sterke verkemiddel.

Vårt Land skriv:

Politiet i Israel etterforsker nå hvorfor flere hundre nytestamenter ble brent i byen Or Yehuda for to uker siden.

Byens viseborgermester, Uzi Aharon, har uttalt at han samlet flere hundre testamenter for å hindre spredning av kristen litteratur. Foreløpig benekter han å stå bak bibelbålet. Aharons har sagt til CNN at tre tenåringer tente på nytestamentene, og at han ikke var tilstede da det skjedde.

– Bibelbrenningen er ett av flere eksempler på ortodokse jøders reaksjon på misjonsvirksomhet. De opplever Det nye testamentet som en bok som angriper jødedommen, sier Rolf Gunnar Heitmann, generalsekretær i Den Norske Israelsmisjon. (les meir)

Det er ikkje vanskeleg å vera kristen i Israel, bare ein ikkje er jøde! Det som skapar uro er at dei messianske jødane hevdar at det er fullt mogleg å vera jøde og samtidig tru på Jesus. Ja, dei seier at Jesus er den Messias som profetane har talt om, og at dei slett ikkje blir mindre jødiske når dei trur på oppfyllinga av profetiane!

Nå er det positive teikn som tyder på at dei messianske jødane gradvis blir meir aksepterte i det israelske samfunnet. Men samstundes tilspissar altså situasjonen seg i forhold til dei sterkaste motstandarane av denne utviklinga.

Eg ønskjer å følgja med i denne situasjonen. Det er svært viktig å halda fram at religionsfridomen i Israel også må gjelda for dei messianske jødane. Og det er viktig å støtta dei i deira syn på at det ikkje er ein motsetnad mellom å vera jøde og å tru at Jesus er jødane sin Messias og verda sin Frelsar.

For den som vil vera godt orientert om dei messianske jødane sin situasjon i Israel, anbefalar eg Caspari Center Media Review, eit nyhetsbrev med samandrag frå aktuelle israelske aviser:

The Media Review, a Caspari Center exclusive, is an English-language synopsis of articles originally published in the Israeli press and focusing on Messianic Jews and Christianity.


Gjev fred på jorda

May 17, 2008

Fredsbøna til kyrkja

Allmektige, evige Gud, du som kan leia og bøya menneskehjarte, vi bed deg: Hjelp og styrk alle dei som i dag har det store ansvaret for fredssaka i verda. Ta i di mektige hand leiarane i nasjonane, vend hjarta deira til deg og gjev dei kraft i striden mot alt det som vil forføra oss til det som vondt er.

Gjev fred på jorda, og hjelp di kyrkje til å fremja freden mellom folka. Vern vårt folk og våre heimar mot krig og splid, og lat oss byggja og bu i fridom og fred i dette kjære fedrelandet vårt som du har gjeve oss. Hjelp oss å tena deg med truskap og saman med alle folk på jorda å stå faste i striden mot det vonde, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.


Meir om israelsk bibelkonk.

May 15, 2008

Eg har tidlegare skrive om den uventa publisiteten dei messianske jødane har fått i Israel pga ei ung messiansk jente si deltaking i ein populær bibelkonkurranse. Nå har eg fått litt meir informasjon om koss denne saka har utvikla seg. Det er tydeleg at rabbinarane ikkje har fått særleg oppslutning om oppfordringa til boikott. Det er bra, syns eg.

Misjonærane Else Brit og Håvard Kleppe i Haifa skriv i sitt siste nyhetsbrev:

Kanal 1 sender alltid den store Bibelkonkurransen for jødisk ungdom på nasjonaldagen. I forkant var det stor oppmerksomhet om ei ung, Jesustroende jødinne som hadde nådd finalen. 16 år gamle Bat-El Levi vakte rabbinernes vrede, bare pga av det faktum at hun er messiansk jøde. Begge sjefsrabbinerne ba alle de andre deltakerne om å boikotte hele konkurransen på grunn av Bat-El. En av deltakerne valgte å følge rabinernes oppfordring. Undervisningsminister Julia Tamir, var tydelig på at det var uaktuelt å avlyse konkurransen. ”Ungjenta er registrert som jøde og arrangørene gransker ikke den enkeltes tro; — vi er bare interessert i å prøve deltakernes kunnskap.”

Nå nådde ikke Bat-El helt opp i finalen, men de Jesustroende jødene fikk stor mediaomtale. Antimisjonsorganisasjonene hevder at misjonærene kaster seg over de som ikke får det til i livet. De har etter hvert problem med de mange velutdannede jødene som er medlemmer i messianske menigheter.


Jesaiarullen

May 13, 2008

Den som skal til Jerusalem dei næraste vekene, bør prioritera å besøkja The Shrine of the Book og sjå den originale Jesaiarullen frå Qumran. Dette er ein av dei viktige Dødehavsrullane, og den er tatt fram i lyset i samband med staten Israel sitt 60års-jubileum.

Haaretz skriv i dag:

2,100-year-old Isaiah Scroll on rare public display for two months

For the past 40 years, the 2,100-year-old Isaiah Scroll has been kept in a dark room with temperature and humidity controls, far from the public eye. A few days ago, in honor of Israel’s 60th anniversary, the Israel Museum put the parchment scroll on display in the Shrine of the Book - for two months only.

This is the only complete scroll among the 220 biblical scrolls, known as the Dead Sea Scrolls, discovered at Qumran.

The scroll, whose message became “a foundation stone for humanity,” according to Dr. Adolfo Roitman, director of the Shrine of the Book and curator of the Dead Sea Scrolls, was removed from display in 1967 after only two years, for fear it would disintegrate. Many scholars believe it was copied from an even more ancient scroll by the Essenes, a Jewish monastic sect from the Second Temple period. Others believe it was brought to the desert with other scrolls on the eve of Jerusalem’s destruction, and hidden in a cave. (les meir)

Oppdatering 15.05: Det har vore mange medieoppslag om denne utstillinga dei siste dagane. Eg vil spesielt anbefala ein titt på Artdaily.org sin artikkel med eit flott foto av Jesaiarullen!

Oppdatering 16.05: Nå har også norske medier slått opp saka: Vårt Land skriv idag om utstillinga. Dei har fått kommentar til saka frå Torleif Elgvin, vår fremste ekspert på Dødehavsrullane. Han går litt nærare inn på samanhengen mellom den nasjonale feiringa og utstillinga:

Utstillingen i Israels-museet er en del av feiringen av staten Israels 60 årsjubileum. Elgvin forteller at funnet av de enestående tekstene i Judea-ørkenen i tid falt sammen med statens opprettelse.

– For Israel var dette et funn som var med på å legitimere statsdannelsen. Dødehavsrullene var et bevis på jødisk tilstedeværelse i dette området helt tilbake til det første århundret etter Jesu fødsel. At man nå velger å stille ut en så stor og viktig del av en av Dødehavsrullene, er også en markering av dette, sier Elgvin. (les meir)


Boikott pga messiansk jøde?

May 4, 2008

The beauty of the Jewish world is the diversity.

Dette er sagt av ein israelsk advokat som argumenterer for dei messianske jødane sin rett til å sjå på seg sjølv som jødiske.

Men dette er ikkje allment godtatt i Israel. Tvert imot blir dei messianske jødane i enkelte mektige miljø heller oppfatta som ein rød klut. Spesielt er antimisjonsorganisasjonen Yad L’Achim ein aktiv motstandar. Dette dreier seg om ortodokse jødar som ikkje godtar at det er mogleg å vera jøde og samtidig tru at Jesus er Messias.

Nå har motstanden mot dei messianske jødane fått ny publisitet i Israel. Jerusalem Post fortel at antimisjonsorganisasjonen har gått til det uvanlege skrittet å oppfordra til boikott av ein årleg og populær bibelkunnskapskonkurranse, fordi det viser seg at ein av finalistane er messiansk jøde.

Vårt Land har saksa saka frå Jerusalem Post (men omtaler den aktuelle kvinnelege finalisten Bat-El Levi som mann!):

Calev Myers, leder for en gruppe advokater som representerer messianske jøder, kaller boikottaksjonen et tegn på svakhet.

– Hvis deltakelsen til én messiansk jøde er nok til å ryste verdenen til disse rabbinerne, er det et tegn på at fundamentet deres er svakt, sier han.

– Det er på tide at de blir fratatt monopolet på å definere hvem som er jøder, sier Myers. (les meir)

Den avsluttande kommentaren til advokaten Myers er litt meir utfyllande i den israelske avisa. Han framhever her mangfaldet i den jødiske verda som noko verdifullt:

“It is about time that they stop having a monopoly over determining who is a Jew. The beauty of the Jewish world is the diversity. If you can still be considered a Jew even if you believe that the Lubavitch Rebbe [Menachem Mendel Schneerson] is the messiah, the same thing should hold true if you believe Jesus is.” (Les heile meldinga i Jerusalem Post her)

Sjølv om den veksande messianske rørsla framleis utgjer mindre enn 2 promille av den jødiske befolkninga i Israel, har den i det siste blitt meir synleg og faktisk også i større grad enn tidlegare blitt akseptert. Det skal derfor bli interessant å sjå kva som vil skje i opinionen i denne saka.


Jesus og romarane

April 28, 2008

Den israelske avisa The Jerusalem Post har i dag ein kronikk om Jesus! Det dreier seg om skribenten Shmuley Boteach som skriv om Jesu forhold til den romerske okkupasjonsmakta, inspirert av den britisk-jødiske forskaren Hyam Maccoby. Eg kjenner verken Boteach eller Maccoby frå før. Det er tydeleg at skribenten meiner han har grunnlag for ei fullstendig omskriving av den Jesushistoria som me kjenner frå NT. Han meiner det må vera heilt feil at Jesus ikkje var meir kritisk til romarane enn det NT gir inntrykk av.

The Jerusalem Post fortel av Boteach arbeider med ei bok om den jødiske Jesus. Prosjektet med å forstå Jesus med utgangspunkt i det jødiske har eg stor sans for, og det er slett ikkje unikt for Boteach. Eg tenkjer at Jesu forhold til romarane er ein studie verdt, men eg er likevel noko usikker på dette skriveprosjektet. Det verkar som Boteach meiner Paulus er den store, stygge ulven som har fjerna Jesus frå sin jødiske kontekst. Dette er etter mitt skjøn ei grov forenkling og heller ikkje nokon revolusjonerande eller ny ide. Sjølv om Paulus blir kalla heidningane sin apostel, skal me ikkje gløyma at også han var jøde og at han alltid forkynte Jesus som Messias (med utgangspunkt i GT) i synagogen før han utvida perspektivet til det ikkje-jødiske samfunnet.

Boteach skriv:

Either the night before Passover, or the Seder night itself, is the time Christians believe to have been Jesus’ Last Supper. So, as I sat on Pessah rereading the New Testament in preparation for an upcoming debate in the UK on whether belief in Jesus is compatible with Judaism, I was struck by a powerful insight made by the brilliant British-Jewish scholar Hyam Maccoby.

I shall sum it up, as he does, in a single word: Romans. How could it be that Jesus, the man who defended the innocent and condemned the wicked, the man who drove the moneychangers out of the Temple with a whip, the man who declared it his objective to be the light of the world, never opened his mouth against the Romans? Here was Jesus, a man impassioned in his commitment to justice, a man of extreme sensitivity to the sufferings of others, condemning the Jews, but never the Romans.

(…)

IT IS for this reason that we have to rethink Jesus’ mission and what he was trying to accomplish. I have written many articles arguing that it is time for the world Jewish community to reclaim the Jewish Jesus by understanding his original mission and his great love for his people before his story was later edited by Pauline writers and before he was made into an enemy of the Jews and a friend of the Romans.

In my next column on this subject I intend to summarize Maccoby’s conclusions that will, based on the sources, make the real Jesus known not as an enemy of Judaism but as a Jewish patriot who sought to win Jewish independence from Rome, and who was thus cut off mercilessly by Pontius Pilate for his act of rebellion. (les meir)

PaleoJudaica kommenterer artikkelen i Jerusalem Post slik:

Shmuley Boteach presents a revisionist reading of Jesus in the Jerusalem Post.

(…)

It’s an interesting idea and I look forward to reading the next column or columns. (I haven’t read any of the articles he mentions.) But the implied moral equivalence between the Nazis and the ancient Romans is very overdone. The Romans ran an empire in a brutally efficient way, but they didn’t engage in systematic genocide for genocide’s sake. And whether death by crucifixion was worse than many of the deaths people died in the Nazi death camps is at the very least open to debate.

That said, it’s entirely possible that Jesus had criticisms of the Romans that were censored by his earliest followers for the sake of their own safety. But I’d like to see some positive evidence.


God jul!

December 25, 2007

Jula inneheld eit stort mysterium. Gud blei menneske. Han kom inn i vår samanheng, han tok bustad mellom oss.

Eg helsar alle lesarar av bloggen GOD JUL med nokre ord frå juledagens evangelium, med ønskje om at me aldri blir ferdige med å undra oss over mysteriet i jula:

Og Ordet vart menneske
og tok bustad mellom oss.
Og vi såg hans herlegdom,
ein herlegdom som den einborne Sonen
har frå Far sin,
full av nåde og sanning. (Joh 1,14)


Biblical Studies Carnival XXI

September 7, 2007

Biblical Studies Carnival XXI er for få dagar sidan publisert på bloggen Abnormal Interests. Sjå også heimesida til Biblical Studies Carnival.


Biblical Studies Carnival XX

August 1, 2007

Biblical Studies Carnival XX blei i dag publisert på bloggen Dr. Claude Mariottini. Sjå også heimesida til Biblical Studies Carnival.


Feriemodus

July 15, 2005

Villajoyosa_photos_11 Må bare innsjå at bloggen min, i likhet med meg sjølv, har gått over i feriemodus. Men ein liten oppdatering er vel likevel på sin plass.

Veret er herleg her på Costa Blanca, etter ein kort periode med overskya ver og til og med noko regn for ei veke sidan. Det blir mange turar ned i byen Villajoyosa (biletet) som ligg like ved Solgården. Stranda i byen er framleis heilt førsteklasses. Og det er mange fine turmål for kortare eller lengre turar ut i området her. Det dreier seg om alt frå fottur i 1000 meters høgde i Sierra Bernia til det eg skal ut på i kveld, ein tur på byen i Altea, der det er eit yrande folkeliv på kveldstid.

Når eg skriv at eg har gått over i feriemodus, er det sjølvsagt bare ein del av sanninga. Eg er her som leiar på ein ferietur med 150 deltakarar og har sjølvsagt ansvar for mykje i den samanhengen. Men me er mange som delar på oppgåvene, og eg opplever verkeleg at eg nyter livet her. Det er flott å vera tilbake på Solgården og å oppleva det spesielle fellesskapet som blir skapt her i løpet av eit par ferieveker. Ja, me har det herleg!