Kvar laurdag har Stavanger Aftenblad ein kommentar under overskrifta Medieblikk. Desse artiklane, som er signerte Svein Egil Omdal, pleier vera både interessante og velskrivne.
I dag var kommentaren dessutan i så stor grad prega av bibelske omgrep, at eg tar med eit utdrag. Her blir til og med Paulus tatt inn i varmen, denne gong i kategorien mediekritikar i særklasse.
Vinner Twitter stortingsvalget?
En gang avhang et menneskes frelse av at navnet sto innskrevet i Livet Bok. Nå er det nok viktigere å være omsvermet på Facebook. Følge Jesus? Ja, bare gi meg twitterkontoen hans.
Det står en svart katt og skygger for tastaturet mens jeg skriver. Den vil så gjerne bli klødd bak øret. Mens jeg atspredt småklorer den til murrende tilfredshet, melder det seg bibelske tanker: Paulus skriver i sitt andre brev til Timoteus at folk så gjerne vil bli klødd – ikke bak, men i øret. De skal vende sitt øre fra sannheten, og holde seg til myter, skriver han, og bedre mediekritikk har vel aldri noen formulert. (Les meir)
Og her er Paulusteksten det blir vist til:
For det skal koma ei tid då folk ikkje toler den sunne læra, men etter eige hovud tek seg lærarar i hopetal, for dei vil ha det som kilar i øyret. Dei skal venda øyret frå sanninga og halda seg til mytar. (2. Tim 4,3-4)
Posta av Arne
Posta av Arne
Posta av Arne 







Når det gjeld skapingsberetningane i Bibelen, er dei ein del av Urhistoria (1. Mosebok 1,1-11,26). Dette er ein del av Bibelen som verken kan plasserast i tid eller stad. Etter dette kjem Fedrehistoria (frå kap 11,27). Då kjem Abraham og hans ætt på banen og den bibelske historia kan lettare koplast saman med det me elles veit om historia i Midt-Austen.
Når det gjeld rekkefølgja i skapinga, syns eg det seier ein del at Bibelen uproblematisk lar to ulike forteljingar stå ved sidan av kvarandre (1. Mos 1,1-2,4a og 2,4b-25). I den første blir menneska skapte etter plantar og dyr, i den andre blir mennesket/mannen skapt før plantar og dyr!
Eg ser på Urhistoria som forkynnande forteljingar. Hovudbudskapet i skapingsberetningane er at Gud skapte, ikkje koss han gjorde det. Dette siste trur eg derimot naturvitskapen kan seia oss mykje om. Husk at Gud skapte oss med ein hjerne som han gjerne vil at me skal bruka. Men me bør likevel vera bevisste på ikkje å ta alt naturvitskapen hevdar for endeleg sanning. Dette siste ville vel vera uttrykk for intellektuelt hovmod? Vitskap er jo blant anna at nye teoriar får prøva seg mot gamle og etablerte sanningar!