Bergetreff 2008

16/06/2008

Bergjebakken, malt av Olav Gaudesen VignesHer står eg, saman med Harald Gunnar Varland, og held eit maleri av slektsgarden på Berge på Finnøy. Oldeforeldra våre budde i huset til venstre. Driftsbygninga er bygd seinare. Begge desse husa er nå erstatta med moderne bygg. Me er på besøk på garden i samband med slektsstemnet me hadde i helga (her og her). Maleriet er malt av fiskar og tusenkunstnar Olav Gaudesen Vignes, som var gift med ei av søstrene til farfaren min. Gaudesen, som han ofte blir kalla, laga sjølvsagt også ramma sjølv! Harald Gunnar er tremenningen min. Han har vore primus motor for Bergetreffet og har gjort ein utruleg innsats fram til denne helga.

Bergetreffet gjekk veldig godt, det blei akkurat sånn me i komiteen hadde håpt på. Me var i Fleirbrukshallen på Judaberg det meste av dagen, praten gjekk livleg og mange brukte også tid på å sjå på ei stor utstilling av gamle bilete, gjenstandar og bøker som var knytt til slekta. Samtidig kunne ungar og ungdomar vera i aktivitet i idrettshallen når dei ville. Det var flott å treffa så mange frå slekta (ca 80 personar frå 4 generasjonar), både dei som eg kjente frå før og dei eg helste på for første gong. Og det var veldig kjekt å koma til Berge og helsa på dei som bur der nå. (Dersom du klikkar på biletet, får du ein større versjon).

Viss me skal seia at det er noko typisk ved denne familien, kan eg kanskje peika på slike ting som fantasi og evne til å laga ting sjølve (noko som eg ikkje har fått ein snev av), song og musikk (me hadde vårt eige husorkester med el-piano, gitar, fiolin og sag), lysten til å skriva (der er eg med!), gleda ved å samla på ting og tang (der er eg også med!) og kunstnarlege evnar innan bildande kunst. I kvar generasjon er det fleire som spelar fiolin og fleire som driv med teikning og maling.

Utstillinga blei dermed eit kapittel for seg. Her er ei (ufullstendig) oversikt over innhaldet:

  • Ei stor samling brev og bilete frå ca 1910-1970 som var sendt frå familien her i Norge til slekta i USA. Her er det mykje informasjon om slektshistoria! Totalt er det snakk om mange hundre brev som me har fått frå Sandra (tremenningen min) som kom heilt frå Seattle til dette treffet. Her er faktisk mykje som me ennå ikkje har hatt tid til å lesa gjennom.
  • Mange maleri av Elmer Berge (“onkel Elmer”), som var kunstmalar i USA. Bileta er i privat eige i slekta, og det var første gong dei var samla til ei utstilling. I tillegg hadde Sandra med seg mange små maleri etter han. Desse blei i løpet av dagen fordelt til dei ulike greinene av familien. Eg fekk med meg to små maleri. Om det ikkje var av dei flottaste tinga han har laga, er det likevel veldig kjekt å ha noko som kjem frå han. Sandra hadde fått desse maleria etter mormora si, som var syster til onkel Elmer og som hadde tatt vare på det som var igjen etter han då han døde i 1956.
  • Bøker og bilete knytt til Pauline Marta og Ole Tobias Berge, oldeforeldra mine. Pauline Marta var jordmor. Ole Tobias var bonde på Finnøy, omreisande handelsmann og torghandlar på torget i Stavanger. I ungdommen var han omgangsskulelærar. Han likte å skriva, og me har både dikt og ei lang sjølvbiografisk artikkel som stod i Aftenbladet i 1922.
  • Diverse papir og bilete etter farfar, Olaus, som var skraphandlar på kaien i Stavanger. Han var svært knytt til Ryfylke og hadde motorbåt og hytte på Østhusvik, der farmor Petra hadde familien sin. Vidare fleire bilete og gjenstandar etter Olav Gaudesen Vignes, som var gift med Olaus si søster Pauline. Han var som nemnt fiskar og tusenkunstnar. Kanskje eg heller skulle seia oppfinnar? Og så må eg sjølvsagt nemna bilete, gjenstandar og ulike papir etter far, Trygve, som dreiv med småindustri i Stavanger og som bl a produserte tinnknappar, leiketøy og fiskesnellar. Far var som sin far knytt til Ryfylke gjennom båtliv, fiske og hytta.
  • Maleri malt av andre i slekta og mykje anna; som nemnt er det i kvar generasjon folk som har utprega kreative evner og som heldigvis brukar dei.

Dersom du som lesar framleis heng med, trur eg du forstår at dette blei ein spesiell dag for oss. Kanskje eg til og med skulle bruka det herlege uttrykket “ein minnerik dag”?

Foto: Det første biletet har Inger tatt. Det andre har svoger Ivar Lein-Mathisen tatt, samtidig som han på ein uforklarleg måte også er med på biletet.


Slektstreff på Finnøy

13/06/2008

I morgon skal me samlast til det tidlegare omtalte slektsstemnet for Bergefamilien. Me blir ca 80 personar frå 4 generasjonar på samlinga.

I kveld har eg funne fram gamle bøker, bilete og papir som er knytt til slekta. Me skal laga ei utstilling av slike ting i morgon. Det er også mange kunstnarar i slekta, og det vil bli ei heil maleriutstilling, først og fremst med maleri av Elmer Berge (1892-1956), som var bror til farfaren min.

Her tar eg med eit bilete som eg set stor pris på. Far min, Trygve Berge (1912-2001), var i fleire år på 60-talet deltakar på havfiske-festivalen i Tananger, og her smilar han fordi han har gjort det godt i konkurransen i 1964!

Eg kjem nok tilbake med meir stoff frå slektsstemnet i etterkant!

Oppdatering: Les referat frå slektstreffet her.


Berge på Finnøy

16/05/2008

Røter er viktige. Nokre av røtene mine er knytt til Finnøy i Ryfylke. Farsslekta mi kjem derfrå. I juni skal me ha slektsstemne på Finnøy for etterslekta etter oldeforeldra mine, Pauline Marta og Ole Tobias Berge.

Eg er med i komiteen og det har ført til nokre gilde kveldar med planlegging og drøs om felles røter. Det har ikkje vore eit veldig krevjande verv, for tremenningen min (Harald Gunnar) er ein svært aktiv sekretær som gjer mykje av det som skal gjerast.

Planlegginga av slektsstemnet har blant anna ført mange gamle og interessante foto fram i lyset. Dette biletet viser Ole Tobias ca 1935. Då var han mest 90 år gamal! Han var ein spennande kar som levde eit langt og mangfaldig liv.

Eg trur ikkje eg tar for hardt i når eg seier at denne familien er prega av mange kreative personar. Dei som kjem, kan ta med seg bilete og gjenstadar som dokumenterer noko av dette. Eg ser for meg å ta med nokre ting som viser kva far min i si tid dreiv med (og det var ikkje lite).

Elles vil det nok bli ein del fokus på maleria etter Elmar S Berge (ein av sønene til Ole Tobias) som levde som kunstnar i USA.

Det ser ut for at me blir nærare 90 personar når me samlar oss til slektsstemnet. Me skal vera i Fleirbrukshallen på Judaberg. I løpet av dagen skal me også ta turen opp til Berge for å sjå staden og helsa på nokre av dei som bur der nå og som representerer familien som har drive garden sidan Ole Tobias si tid.

Nå ser eg fram til slektsstemnet. Eg ser ikkje bort frå at eg kjem tilbake med meir stoff om dette her på bloggen.

Oppdatering: Eg har seinare skrive følgjande notat relatert til slektstreffet og Bergefamilien:


Kristent ungdomsarbeid for 80 år sidan

20/05/2007

Gabriel_olsens_bibelklasse_ca_1927 Dette biletet fortel ei historie som eg syns fortener å koma fram. Me ser her “Gabriel Olsens bibelklasse” på Storhaug i Stavanger ca 1927. Gabriel Olsen, som sit midt i biletet på fremste rad, samla denne ungdomsgruppa i heimen sin kvar laurdag kveld!

Faren min, Trygve Berge (1912-2001), gjekk i bibelklassen. Han står lengst til venstre i den midterste rekka. Han fortalde meg fleire gonger om at han hadde gått i bibelklassen då han var ungdom, og han omtalte alltid Gabriel Olsen med stor respekt.

Viss du klikker på biletet, får du sjå det i større format. Biletet har kome fram fordi eg denne våren har vore med og rydda i papir, bilete og mykje anna etter at mor døydde i vinter.


Gravferdsdagen

09/01/2007

Mor_sommaren_2006_1 I dag har me fulgt mor til den siste kvile. Det er både godt og vondt. Mor betydde mykje og me skulle gjerne hatt henne lenger blant oss. Me saknar henne alt. Samtidig veit me at ho fekk leva aktivt til sin siste dag og at ho fekk oppfylt sitt ønskje om å sleppa eit langvarig sjukeleie.

Gravferda blei forretta av soknepresten i Hinna. Eg hadde vurdert om eg skulle gjera det sjølv. I dag, då eg sat i kyrkja, var eg veldig glad for at eg hadde valt som eg gjorde. Det var sterkt og godt å få sitja der og bare vera ein av familien.

Dette biletet stod ved mors båre i kyrkja. Foto: svoger Ivar Lein-Mathisen.

Me hadde ope minnesamvær etterpå. Der hadde eg ein tale om mor på vegne av den næraste familien. I tillegg var det mange andre som sa gode ord om henne. Dagen har vore full av sterke inntrykk. Det har vore mange samla, både av familien her i distriktet, av tilreisande familie og av venner av henne og av vår generasjon. Me har kjent på eit sterkt samhald og gleda oss over å vera saman, sjølv om det var på ein gravferdsdag.

Då eg kom heim, var eg skikkeleg trøytt. Eg sov lenge. Så har eg hatt ein roleg kveld etterpå. Det har vore godt.

Dagen har vore prega av det kristne håpet, som betydde mykje for mor. Eg tar med eit vers frå salmen Deg å få skode (Norsk Salmebok nr 479), som me song i kyrkja:

Konge i æva, å lat du meg då
sigrande inn i ditt rike få gå!
Ver du mi tru, den vona eg ber
til eg får skode din herlegdom der.
Amen.


Esther Berge (1920-2007)

04/01/2007

Img Det nye året begynte på ein svært spesiell måte for meg. Mor døydde på nyårsdagen 1. januar.

Mor var ei aktiv og engasjert kvinne heilt til den siste dagen. Kvelden før hadde ho feira nyttår saman med gode venninner. Ho var glad i å vera saman med andre og hadde nær kontakt med oss i familien og med gode venner i Hinna menighet. Ho las mykje, og den siste helga hadde ho, ifølgje eigne dagboknotat, fordjupa seg i boka Sommerlandet og andre fortellinger av Eivind Skeie.

Til å vera 86 år, var mor utruleg frisk og rask. Ho gjekk tur ein eller to gonger dagleg, bortsett frå når det var altfor glatt. Ho tok imot besøk og var ute på besøk. Ho serverte god mat og heldt leiligheten sin rein og ryddig. Og ho elska å ha blomar rundt seg, både inne og ute.

Mor var forberedt på å døy, både åndeleg og praktisk, og ho kunne snakka om dette. Likevel kom det brått på oss at ho skulle døy nå. Ho fekk ein alvorleg hjerneblødning mens ho var ute og gjekk tur i nabolaget om føremiddagen, og døydde ca seks timar seinare på sjukehuset. Då hadde ein stor del av familien rekkt fram og besøkt henne. Eg fekk vera hos henne då ho trakk sin siste pust. Det er eg glad for.

Mor har betydd og betyr mykje for meg. Veldig mykje. Meir er det ikkje å seia om det, akkurat nå.

Eg lyser fred over minnet hennar!

(Oppdatering: Sjå også Gravferdsdagen)


80-årsdag utanom det vanlege

22/07/2006

Fredag kveld feira me svigerfar Reidar sin åttiårsdag. Og han er ikkje som åttiåringar flest, nei. Han inviterte like godt familien på fjelltur til Friluftsgarden Mån! Det er ca 1 time å gå frå parkeringsplassen inst i Frafjord, og den første delen av turen opp er skikkeleg bratt.

Img_0142_1 På biletet ser du heile gjengen utanfor den gamle delen av huset. Me greidde å samla 22 familiemedlemer til turen. Dei som mangla var to barnebarn som er utanlands (Trygve i Sør-Afrika og Karen i Kroatia) og ei kjærast (Påls Hanne Mari). Tre barnebarn (Øystein, Vegard og Eirik) kom ovanfrå fjellet ned til Mån, direkte frå lang fottur i Ryfylkeheiane! Eirik hadde då vore i fjellet i 11 dagar og søskenbarna Øystein og Vegard kopla seg på i Sirdal og var med dei siste tre dagane av denne turen.

Me hadde eit døgn saman på Mån, og det var ein flott måte å samla familien på. Det blei tid til mange aktivitetar; eg nemner bading, grilling, kubbespel og fisking. Men først og fremst var me der, saman. Prata, leika, koste oss. Og fredag kveld hadde me festkveld med taco og talar, sjølvskrivne songar og anna program. Alle barnebarna sa noko med utgangspunkt i “Når eg tenkjer på morfar/farfar, tenkjer eg på …” Det blei mange flotte og gode ord om jubilanten!

Det er spesielt to ting eg har lyst å trekkja fram etter denne turen:

  • Det å reisa på tur saman, på tvers av generasjonane, gir mange gode og verdifulle opplevingar. Reidar er opptatt av slekt og familie og han har alltid likt å koma seg ut i naturen, så dette var ei feiring som stod i stil til jubilanten!
  • Det blei, på ein fin måte, lagt vekt på Reidar sitt engasjement for dei som lid i verda, eit sterkt engasjement med utgangspunkt i nestekjærleiken. Han har blant anna i fleire år vore formann for den norske avdelinga av Food for the Hungry.

I tillegg til alt dette, kan eg ikkje gå la vera å seia nokre ord om plassen me var. Naturen rundt Mån er flott. Månafossen er fascinerande og sjølve sletta med den nedlagte fjellgarden er ein herleg plass. Dette er eit turområde eg trivst godt i og som eg har skrive om før her på bloggen. I dag blei det også rom for litt nostalgi for meg: Eg fann ei gamal hyttebok med notat frå turar eg hadde til Mån då eg var tenåring. Og det er jo slikt som set tankane i gang hos ein gamal femtiåring!


Hanna og Abraham

14/05/2005

Denne forteljinga handlar om Hanna og Abraham, to ungdomar i 1905. Dette er eit år som er mykje i fokus for tida pga 100-årsjubileet for unionsoppløysinga. Men i denne forteljinga dreier det seg ikkje om nasjonen si historie. Her dreier det seg om to jærske ungdomar og det dei skapte saman. Grunnen til at eg er opptatt av deira historie, er at eg er barnebarnet deira. Så det dreier seg altså om røtene mine.

Brudebilete_med_torso På veggen heime har eg eit stort brudebilete som blei tatt då Hanna og Abraham gifta seg i 1905. Det er ei forstørring av biletet du ser her. Dei som bare ser så vidt på det gamle biletet i ei stor gamal ramme, tenkjer kanskje at dette er nokre gamle folk. Men ser du nøyare etter, ser du at det dreier seg om to ungdomar; Hanna og Abraham var 19 og 20 år då dei gifta seg!

Les resten av dette innlegget »


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 205 other followers