Besøk i Immanuelskyrkja

20/10/2009

Shalomtur frå Bryne kyrkjelyd 2009Christian, presten i Immanuelskyrkja i Tel Aviv/Jaffa, skreiv nyleg dette på bloggen sin:

Forleden havde vi fornøjelsen af at have en gruppe på 35 mand fra en norsk menighed på besøg. Immanuelkirken har en særlig plads i deres hjerte; de støtter os i forbøn og finansielt. Med udgangspunkt i at de ønskede at besøge os, fik de således stablet en Israelstur på benene. Det var en dejlig oplevelse at møde denne flok varme mennesker, som vi af gode grunde ikke kendte, men som lyste langt væk af kærlighed til denne vores lille menighed. Det giver mig lyst til at udtrykke en generel tak til ALLE, der på en eller anden måde tænker os med i forbøn og/eller givertjeneste. TAK! (les meir)

Dette dreier seg om kyrkjelydsturen som eg nyleg har kome heim frå. Og eg kan bekrefta at “fornøjelsen” var minst like stor frå vår side. For norske lesarar kan eg også bekrefta at gruppa på “35 mand” bestod av både kvinner og menn med stor aldersspreiing, jfr gruppebildet me tok utanfor kyrkja.

Det var kjekt å koma tilbake til kyrkja og fint å få treffa Lisbeth og Christian og barna deira ansikt til ansikt, ikkje bare gjennom bloggen deira. Dei fleste i gruppa var i Immanuelskyrkja for første gong, og mange gav uttrykk for at det var viktig for dei å koma dit. Takk for at du, Christian, og kyrkjelyden tok så flott i mot oss!

Immanuelskyrkja, Tel Aviv/JaffaMe var innom kyrkja to gonger. Først fredag ettermiddag då me fekk høyra om kyrkja og livet i kyrkjelyden. Og så dagen etter (laurdag = sabbat i Israel) var me tilbake på hebraisk/engelsk gudsteneste. Det var mykje som gjorde inntrykk på gruppa vår. Mange la spesielt merke til kor samansett kyrkjelyden i Immanuelskyrkja er, med aktive deltakarar frå alle fem kontinent! Men først og fremst var det ei stor oppleving for oss å delta på ei gudsteneste med fokus på Jesus som Messias, midt i ein jødisk kontekst. Dette var så tydeleg heilt frå opninga av gudstenesta, då alle barna i kyrkjelyden var framme og fekk tenna lys på den sjuarma lysestaken på altaret. I denne samanhengen er det å tenna denne lysestaken i seg sjølv eit viktig vitnesbyrd om trua på Messias.

Tårnet i Immanuelskyrkja blir restaurert, foto: Arne Berge 2009I tillegg er sjølve kyrkjebygget ei lita perle, med eit lyst kyrkjerom med vakre glassmaleri av Victor Sparre og med ein liten hage som blir godt utnytta til kyrkjekaffi og fellesskap etter gudstenestene. Frå gata utanfor er det sjølvsagt restaureringa av tårnet som blir lagt mest merke til for tida.

Tårnet i kyrkja var nå i så dårleg forfatning at det måtte reparerast. Det er Den Norske Israelsmisjon som har ansvar for kyrkjebygget, og som har tatt på seg det økonomiske ansvaret for å få orden på dette.

For den som ønskjer eit besøk i Tel Aviv/Jaffa nå i haust, vil eg anbefala ein langweekend i byen, arrangert av Israelsmisjonen i samband med at det er 60 år sidan organisasjonen sitt arbeid i Israel starta opp.


Heime igjen!

14/10/2009

Er heime igjen etter ein flott haustferie i Israel og dei palestinske områda. Kjem tilbake med meir stoff frå turen etter kvart.


Haustferie i Israel

29/09/2009

Eg skal snart på haustferie til Israel og dei palestinske områda. Inger og eg skal vera reiseleiarar for ei gruppe på 35 personar frå Bryne kyrkjelyd. Me har saman med den lokale guiden ansvar for programmet, det sosiale livet i gruppa, forkynninga og for passelege doser med bibel- og kulturhistorie.

Eg lover ikkje oppdatering av bloggen undervegs. Skjer det, så skjer det. Men det kan vel tenkjast at eg i etterkant har med meg historier, opplevingar og bilder som kan bli utgangspunkt for nokre notat på bloggen, om tida strekk til.

Her er nokre stikkord frå programmet:

Torsdag 01.10

  • Reisedag

Fredag 02.10

  • Cæsarea ved havet
  • Besøk i Immanuelskyrkja i Tel Aviv/Jaffa
  • Gamle Jaffa

Laurdag 03.10

  • Messiansk gudsteneste i Immanuelskyrkja
  • Besøk i Beit Eliahu (messiansk forsamling) og EbenEzer (aldersheim) i Haifa
  • Muhraqa på Karmelfjellet (Elia sitt møte med Baalsprofetane)

Søndag 04.10

  • I Jesu fotspor ved Gennesaretsjøen
  • Saligprisingsfjellet
  • Tabgha (Jesu møte med disiplane etter oppstoda)
  • Kapernaum
  • Båttur på sjøen

Måndag 05.10

  • Betsaida
  • Cæsarea Filippi
  • Katzrin på Golanhøgdene

Tysdag 06.10

  • Nasaret
  • Sachne (bading i varme kjelder)
  • Jordandalen
  • Genesis Land

Onsdag 07.10

  • Besøk på Caspari Center (messiansk studiesenter i Jerusalem)
  • Betlehem (Fødselskyrkja og Hyrdemarkene)
  • Palestinsk luthersk kyrkjelyd i Beit Jala
  • Herodion
  • Gravhagen

Torsdag 08.10

  • Klagemuren / Vestmuren
  • Tempelplassen
  • Davidsbyen med Hiskias tunnel og Siloadammen
  • Yad Vashem (Holocaustmuseum)

Fredag 09.10

  • Oljeberget
  • Getsemane
  • Via Dolorosa
  • Gravkyrkja
  • Gamlebyen

Laurdag 10.10

  • Ein Gedi (oase ved Dødehavet)
  • Masada
  • Bading i Dødehavet

Søndag 11.10

  • Til disposisjon i Jerusalem

Måndag 12.10

  • Heimreise

Jerusalemsguide

21/08/2009

The Jerusalem Insider’s Travel Guide er ei nettside som inneheld mykje og (så langt eg kan sjå) god informasjon om Jerusalem.

Discover Jerusalem, the Most Unique City on Earth

“The view of Jerusalem is the history of the world; it is more, it is the history of earth and of heaven.”

– Benjamin Disraeli (1804–1881)

No other city in the world ignites passions like this one. For three of the world’s major religions, it is a holy, sacred place.

(via BiblePlaces Blog og Biblical Paths)


Jerusalem som turistmål

15/07/2009

Oljeberget. UtsiktFor meg er Jerusalem eit favoritt-reisemål.

Byen som ligg oppe i fjella i Israel, 800 meter over havet, har ein heilt spesiell posisjon både religiøst, politisk og historisk. Den har ei 3000-årig historie. Det er ein fantastisk by å gå rundt i, det er alltid noko nytt å oppdaga. For meg er den delen av historia som er knytt til Bibelen og til kyrkjehistoria mest interessant.

Biletet er tatt på Oljeberget med utsikt over Tempelhøgda og Gamlebyen. Det moderne Vest-Jerusalem ligg langt bak, så vidt mogleg å skimta.

Travel + Leisure Magazine har sett opp ei liste over dei beste turistbyane i verda. Jerusalem er plassert som nr 17 på denne lista. Det må kunne kallast ei god plassering, sjølv om eg ville sett byen enda høgare på mi private liste! Reisemagasinet har plassert Udaipur i India heilt på topp, med Cape Town og Bangkok på 2. og 3. plass.

Arutz-7 kommenterer:

Jerusalem Mayor Nir Barkat released a statement Wednesday thanking Travel and Leisure for its contest. He noted that the award comes in recognition of the tremendous efforts that his office and Israel’s Ministry of Tourism are making on behalf of Jerusalem’s tourism infrastructures and marketing efforts.

“Jerusalem is a special place to more than 3.4 billion people of faith from around the world,” Barak said, “and my vision is to open up Jerusalem for everyone to enjoy.” He said his goal is to increase tourists to the city fivefold, from this year’s number of two million to 10 million each year.

(Les meir)


Tilbake frå Hellas

13/10/2008

I går kveld, eller rettare sagt i natt, kom eg heim frå haustferie. Det har vore ein innhaldsrik og herleg ferie saman med ei gruppe som reiste i Paulus’ fotspor i Hellas. Eg kjem nok tilbake med meir stoff frå turen etter kvart. Men nå ventar først ein travel periode med heilt andre oppgåver, og eg reknar derfor ikkje med å skriva så mykje dei næraste dagane.

I kveld har eg sett gjennom nokre av dei 600 bileta Inger og eg tok i løpet av turen. Dette biletet får vera ein smakebit på det me har med heim av minne. Her ser me Lechaion-vegen, som var ei hovudgate i Korint i romersk tid. Vegen gjekk frå hamna Lechaion til det sentrale torget i den store byen, og me kan rekna med at Paulus ofte gjekk på desse steinane då han var i Korint.

I bakgrunnen ser me fjellet Akrokorint (575 moh). Mange i gruppa blei også med på ein fottur opp til toppen, der det er ein fantastisk utsikt over Korintområdet.


Haustferie i Paulus’ fotspor

01/10/2008

Om få dagar reiser Inger og eg som reiseleiarar for ei gruppe som skal på haustferie i Paulus’ fotspor i Hellas. Det skal bli kjekt å koma tilbake til dette interessante landet!

Paulus besøkte Hellas fleire gonger i løpet av ein tiårs periode på 50-talet e.Kr. og store delar av NT er knytt til dette landet. Me skal i hovudsak følgja reiseruta hans slik den er skildra i Apg 16-18. I løpet av turen skal me setja kjente bibeltekstar frå Apg og breva inn i ein geografisk og historisk samanheng. Erfaringa mi er at dette er med og gjer bibelforteljingane levande på ein ny måte.

Turen vil også innehalda mykje meir enn det bibelske perspektivet. Me vil koma til viktige historiske stadar frå den klassiske greske og den hellenistiske kulturen og me vil få eit møte med den gresk-ortodokse kyrkja med kloster og ikonar. Me skal til Thessaloniki, Kavalla, Filippi, Vergina, Veria, Kalambaka, Meteora, Delfi, Loutraki, Korint og Athen. Eg ser fram til spennande dagar fylt med interessant kultur, historie og flott natur.

Her er eit utdrag frå eit tidlegare notat om Paulus si verksemd i Hellas:

Det var på den andre misjonsreisa Paulus reiste over frå Lilleasia til Makedonia, som nå er ein del av Hellas. Dermed var evangeliet for første gong brakt til Europa. Paulus blei kalla over til vår verdsdel gjennom eit syn, fortel Lukas i Apostelgjerningane. Etter dette var Paulus i Hellas i ca 3 år i tida omkring år 50. (les meir)

Denne hausten kjem det ei ny bok som handlar nettopp om å reisa i Paulus’ sine fotspor i Hellas. Dessverre blir den ikkje til sals i butikkane før me er heime igjen frå haustferien. Forfattarane Ernst Baasland, Bjørn Helge Sandvei og Karl Olav Sandnes skriv om akkurat dei stadane me skal på denne turen, så det hadde sjølvsagt vore kjekt å kunna den med seg. Det får bli til neste tur i same området!

Oppdatering: Etter turen prioriterte eg å skriva om opplevingar frå Korint:


Tur til Helberghytta

03/08/2008

Det er befriande å koma seg til fjells. For Inger og meg er det ein av dei beste ferieformene som kan tenkjast. Denne sommaren valde me ei lite krevjande form for fjelltur. Me køyrde til Rjukan, tok Krossobanen til fjells og gjekk inn til Helberghytta. Då var me faktisk, på ein lettvint måte, komne inn på Hardangervidda. Me låg to netter på Helberghytta og fekk dermed tid til ein dagstur opp til Storfjellet (1314 moh). Sjølv om turen verken var lang eller tung, opplevde me mykje og hadde det fantastisk i det strålande sommarveret.

Biletet er tatt på veg tilbake frå Storfjellet til hytta. Du ser Gaustatoppen i bakgrunnen.

Krossobanen er ei oppleving for seg sjølv. Banen blei i si tid bygd av Norsk Hydro som ei gåve til innbyggjarane i Rjukan for at dei skulle få sjå sola også om vinteren! Den går opp til Gvepseborg (886 moh). Der er det ei fantastisk utsikt over Rjukan, Gaustatoppen og Vemork. Spesielt Gaustatoppen, der me var i fjor (her), tiltrakk seg oppmerksomheten vår. Frå denne sida ser me godt kor spiss toppen er.

Helberghytta er ei relativt lita sjølvbetjent turisthytte. Det betyr at me steller oss sjølve og at det er mat til sals. Det er hyttevert til stades det meste av sommaren, og han sørgjer for at alt fungerer på hytta. Kurt Vidar og systera Berit gjorde ein framifrå jobb som hyttevertar, også på det sosiale planet! (Takk for oss, viss de les dette!). Eg kan jo også ta med at hytta ligg på ca 1100 moh, like ved Våervatnet. På turkartet Hardangervidda Øst 1:100000 står det at dette vatnet ligg 989 moh, noko som er 100 m feil! Hytta tilhøyrer DNT Oslo og Omegn.

Hytta er oppkalla etter Claus Helberg. Då kan det passa å ta med eit lite utdrag frå eit intervju med han:

“Det fineste ved å være i naturen er at du selv betyr så lite. Har en sorger og bekymringer, kan en bare stresse det av seg; slikt betyr lite i fjellet. Og så er det stillheten som er så fantastisk, sier Claus Helberg.”


Bokbyen ved Skagerrak

25/07/2008

Nokre timar i Tvedestrand, bokbyen ved Skagerrak. Det var eitt av mange ferieønskje for den turen Inger og eg er på nå. Ein bokby er ein liten stad med mange antikvariat og bokutsal. Så vidt eg forstår, er det visse kriterium som skal til for at ein stad kan kalla seg ein bokby. I Norge har me to slike bokbyar; Fjærland og Tvedestrand. 

Inger valde å sjå på kunsthandverk i Risør den dagen, og eg hadde nokre timar då eg bare kunne gå og sjå i bokhyller og bøker. Ja, eg fann også eit par bøker eg kjøpte, men det er ikkje hovudsaka ein slik dag. Det er spennande i seg sjølv bare å gå og leita, lesa, tenkja, drauma og sjå. Sola skein både ute og inne!

Kvart bokutsal har sin sjarm. Skal eg dela ut blomar, vil eg seia at Skagerrak Antikvariat og Ex Libris gav dei største opplevingane. Slik skildrar dei seg sjølve:

  • Skagerrak Antikvariat – bokhus i tre etasjer med 60.000 eksponerte bøker. Allment antikvariat med spesialkompetanse på nynorske bøker.
  • Ex Libris – “i antikvariatet med 67 hjørner finner du sikkert en krok etter ditt hjerte. Ti rom fulle av bøker og godstoler som innbyr til lesing, filosofering og kaffe”
Då eg kom tilbake til bilen, kom eg fort ned på jorda igjen. Eg hadde fått parkeringsbot.

Ein innhaldsrik dag

12/07/2008

Sist laurdag reiste Inger og eg på dagstur ut av Praha for å besøkja konsentrasjonsleiren Terezín (Theresienstadt).

Det blei ein innhaldsrik og lærerik tur. Den første delen av dagen hadde fokus på Holocaust, triste skjebnar og jødisk lidingshistorie. Men det er likevel ikkje dette bloggen skal handla om nå. I kveld vil eg heller skriva om turen tilbake til Praha på ettermiddagen, ei reise med forviklingar som verkeleg gjorde dagen innhaldsrik.

Kortversjonen er slik: Denne ettermiddagen gjekk ikkje bussane frå Terezín til Praha. Ei tilfeldig samansett gruppe av turistar frå fleire land reiste derfor med lokaltog tilbake til hovudstaden.

Denne kortversjonen er på ingen måte usann. Samtidig yter den ikkje reisa nokon form for rettferd. Kortversjonen fortel lite om det som eigentleg skjedde. Den fortel ikkje om vandring langs landevegen, om tjekkiske småbyar og nedslitne lokaltog. Og den fortel slett ikkje om fellesskapet som oppstod mellom oss som hamna i denne situasjonen, heller ikkje om gode samtalar og mykje latter. For å seia det slik: kortversjonen fortener ikkje ein gong å bli nemnt.

Eg tar derfor med ein litt meir omfattande versjon om denne reisa som gjekk via Bohusovice nad Ohri og Roudnice nad Labem. (Dessverre greier eg ikkje å få pc-en til å skriva alle desse teikna som det tsjekkiske språket krydrar orda med. Det teiknet eg akkurat nå saknar, er ein mindre versjon av ^, med spissen ned.)

Reisa begynte med at Inger og eg sat på busshaldeplassen i Terezín og venta på bussen tilbake til Praha. Me prata med Frank frå Canada, ein gild kar som me hadde blitt kjent med tidlegare på dagen. Nå sat me og prata om alle inntrykka frå besøket i konsentrasjonsleiren. Dessutan kom me i prat om heimlanda våre, om levekår, natur og potensielle reisemål. Som de forstår: me ante fred og ingen fare.

Då kom ei kvinne bort til oss og fortalde at det ikkje ville koma nokon buss her i dag! Ho kunne litt tsjekkisk og hadde oppdaga at oppslaget på haldeplassen (med lita skrift) sa at ruta ikkje blei køyrt på ettermiddagen 05.07 og 24.12! Me kom raskt i kontakt med dei andre som venta på bussen, og etter litt usikker drøfting gjekk ein liten delegasjon inn til billettdisken på museet like ved. Det viste seg å vera heilt korrekt oppfatta. Bussane gjekk ikkje fordi det var kvelden før heilagdagen til minne om Jan Hus! Men me kunne gå til ein småby 2 km unna og ta tog til Praha derfrå. Me fekk til og med vita at toget gjekk om bare 40 minutt.

Gruppa bestod nå av tre kinesiske ungdomar, eit tysk ektepar, ein engelskmann, ein ire og den russiske kvinna som kunne litt tsjekkisk, i tillegg til Frank, Inger og meg. Me fann ut at me var godt rusta for situasjonen; engelskmannen hadde GPS og russaren kunne som sagt det lokale språket. Kva trong me meir? Humøret var på topp frå første augeblink.

Russaren tok rolla som reiseleiar. Den litle byen med jernbanestasjon heitte Bohusovice nad Ohri. Ho kjøpte gruppebillett til oss (bilete 1), og etter ei stund kom toget (bilete 2). Då billettøren hadde stempla billetten, spurte me kva tid toget ville koma til Praha. Han kunne fortelja at dette toget slett ikkje skulle dit! Men me kunne gå av i Roudnice nad Labem. Der kunne me skifta til eit tog som skulle til Praha. Like etter var me i Roudnice (mon tru kvar me hadde hamna dersom me ikkje hadde spurt om ankomsttida til Praha?). Det viste seg at hurtigtoget som me skulle følgja vidare, ville koma ein og ein kvart time seinare. Dermed blei det tid til ein tur på byen, som var riktig vakker (bilete 3). Me fann oss ein spisestad, sjølvsagt like ved ein skulptur av Jan Hus.

Det som var så flott, var at gruppa hadde det så fint saman. Ho som budde i Praha var nok mest frustrert, for ho hadde eigentleg ein avtale for kvelden. Me andre var jo på ferie og hadde tida disponibel. Samtalen veksla mellom det heilt seriøse og det heilt useriøse. Det var mykje lått og løye. Plutseleg sat den samansette gruppa og snakka om emne som koss det var for tyskarar å koma til den tidlegare konsentrasjonsleiren og få høyra forteljinga om kva som var skjedd der. Me var også innom koss det var for den russiske kvinna å busetja seg i Tsjekkia, eit land som har lidd under kommunismen i 40 år (og det i nyare tid).

Hurtigtoget vidare frå Roudnice var ikkje nytt og det gjekk heller ikkje hurtig. Men det stoppa ikkje på alle småstasjonane. Ca kl 19.30 stod me i sentrum av Praha, ca tre timar seinare enn det me hadde berekna.

Inger og eg hadde eigentleg tenkt oss på konsert i Smetana Hall med musikk av Mozart og Vivaldi den kvelden. Det hadde me på eit tidleg tidspunkt slått frå oss. Nå stod me plutseleg der, nær konsertsalen, og såg at me likevel kunne rekka det viss me lét vera å eta og å gå heimom og skifta. Så eg gjekk på konsert i kortbukse og med ryggsekk. Det var visst heilt greitt. Det var alle variantar av antrekk i salen. I pausen tok eg buksebeina på! Det var ein flott konsert der eg sette spesielt stor pris på å få høyra Dei fire årstidene av Vivaldi.


Litterær leik

10/07/2008

Søren Holst skriv bloggen PergaMent, ein spennande dansk blogg om “bibelforskning og det der ligner”. Eg er ofte innom og les kva han har skrive. Nå har han blitt med på ein litterær selskapsleik og har “tagga” meg. Reglane, sjølvsagt i dansk språkdrakt, er slik: Man …

1. Rækker ud efter den nærmeste bog
2. Slår op på side 123
3. Finder den femte sætning på siden
4. Lægger denne og de følgende to sætninger ud på webloggen (sammen med instruktionerne)
5. Kommenterer citatet
6. Sender legen videre til fem andre personer og krediterer den som sendte legen til en.

Eg har akkurat kome heim frå ferie i Praha. For mitt vedkomande har det sjølvsagt, i tillegg til alle dei vanlege turistmåla som Karlsbrua, slottet og Gamlebytorget, blitt ein del fokus på bøker og på det jødiske Praha.

Og faktisk blir den næraste boka akkurat nå den eg sist har lese i: Ctibor Rybár: Jewish Prague. Notes on history and culture. Praha 1991. Boka kan karakteriserast som ein relativt omfattande, men litt utdatert guide til det jødiske Praha. Eg har kjøpt andre og nyare bøker om temaet, men det blei likevel denne som fekk vera med i den litterære leiken. Eg fann boka i ei tilbodshylle for 49 CZK, altså ca NOK 16.

Det aktuelle avsnittet handlar ikkje om Praha, men om Terezín (Theresienstadt), garnisonsbyen som under krigen blei gjort om til ein jødisk ghetto og konsentrasjonsleir:

The cynicism of the Nazi management of the Terezín ghetto is also witnessed by a case in June 1944 when the Nazis granted permission for a commission of the International Red Cross Committee to visit the Terezín camp, which was supposed to be presented to the world public as an “exemplary German camp for the re-education of Jewish citizens.”

The Germans put up a cruel show in front af the commission and thus also in front of the world and after so-called beautifying activity (Verschönerung) the members of the international commission saw only buildings which had been carefully prepared for inspection in advance, including a selected group of prisoners or individuals.

It is a tragic fact that many members of the commission were successfully convinced that everything was in order.

Sjølv om tyskarane på dette tidspunktet greidde å kamuflera den eigentlege situasjonen i Terezín, forstod kommisjonen på slutten av krigen at byen var det den heile tida hadde vore, ein konsentrasjonsleir.

Inger og eg tok ein dagstur til Terezín mens me var i Praha. I Det litle fortet fekk me blant anna sjå eit rom som var innreia som “model barbershop” i 1944. Det var fullt av vaskar og speil langs veggane. Delegasjonen frå Røde Kors blei ført gjennom dette rommet. Det dei ikkje fekk vita, var at rommet aldri hadde vore i bruk. Vaskane var ikkje eingong kopla til nokon røyr!

Denne litterære leiken minnar forresten om blogge-tikken, som eg var med på for eit drøyt år sidan. På same vis som den gong, kjenner eg meg fri til å tolka spelereglane litt fritt. Den gong løyste eg oppgåva, men lét vera å senda det kjedebrevsliknande tiltaket vidare. Denne gongen sender eg under tvil leiken vidare, men i mindre omfang enn reglane tilseier. Leiken går nå, saman med ei venleg helsing, til tre utvalde og litteraturinteresserte medbloggarar: den levande boka Bjørnar, salmediktaren Heidi og biografiforfattaren Anders.


Heime igjen

09/07/2008

Eg kom heim frå Praha i natt. I dag har eg oppdatert dei to små bloggartiklane eg skreiv undervegs med bilete, korrekte teikn (æøå) og nokre andre små endringar i teksten.


Jan Hus

06/07/2008

Det er reformatoren Jan Hus sin dødsdag og dermed heilagdag her i Tsjekkia. Jan Hus er svært viktig i tsjekkisk historie, sjølv om den protestantiske kyrkja ikkje står sterkt her (sjå her).

Biletet viser skulpturen av Jan Hus på det mektige monumentet over han på torget i Gamlebyen i Praha.

Me har ikkje merka nokon markering av dagen i dag. Me var på katolsk messe i St. Vitus, den store katedralen inne i borga i formiddag. Her blei han nok ikkje nemnt (men det må også seiast at eg neppe hadde fått det med meg, om det hadde skjedd). I går ettermiddag merka me derimot til gagns at det var ei spesiell helg. Me var på dagstur til Terezin. Då me skulle tilbake til Praha, gjekk det ikkje fleire bussar, fordi det var dagen før denne heilagdagen. Dette gav oss ein ettermiddag me seint vil gløyma. Den skal etter kvart få sin eigen bloggartikkel!


Globe

06/07/2008
The Globe

The Globe

Eg sit på Globe kaffibar og bokhandel i Praha i kveld. Det regner ute. Globe er ein god stad å vera ein slik kveld. Den som kjenner meg, veit forresten at kombinasjonen kaffibar og bokhandel i seg sjølv verkar tiltrekkjande, også på dagar utan regn. Det at Globe er engelskspråkleg, gjer ikkje staden mindre aktuell, spesielt ikkje når den ligg i same nabolaget som leiligheten me har leigd i ferien, i ei roleg bakgate ikkje langt frå dei hektiske turiststroka.

Me har det herleg her i denne fantastiske byen. Mykje flott å sjå, masse kulturelle opplevingar og flott ver (bortsett frå styrtregn eit par kveldar). Det er flott å vera paa ferie med Inger! Hittil har det derfor ikkje blitt nokon aktivitet på bloggen. Det er trass alt så mykje som er enda meir tiltrekkjande enn The Globe her! Men eg har mange inntrykk og opplevingar i hovudet, og noko av dette vil nok få uttrykk her i tida framover. Når eg kjem heim, kan eg jo også krydra bloggen med bilete.


Studietur til Israel

18/02/2008

I morgon reiser eg til Israel, på studietur med landsstyret i Israelsmisjonen. Me har eit innhaldsrikt program framfor oss. Eg ser fram til ei interessant veke med mange spennande kontaktar.

Oppdatering: Eg kom heim tysdag 26.02, dessverre med influensa i kroppen. Håper det snart går over. Det blir derfor bare ein kort rapport her og nå: Landsstyret har blitt godt oppdatert på arbeidet me er involvert i og har ansvar for, me har hatt møte med mange samarbeidspartnarar og me har blitt mykje betre kjent med kvarandre! Dessutan har me fått bli godt kjent med vår fungerande generalsekretær Jorunn Andestad Langmoen, som er nytilsett, og med nokre andre medarbeidarar som var med på turen. Og det vil eg bare seia: Jorunn er kjempebra og eit funn for organisasjonen!


Turen til Egypt

20/01/2008

Eg har i dag sett gjennom bileta mine frå studieturen til Egypt. Eg sit igjen med mange gode minne og nokre gode bilete. Eg vil nå prøva å gje ei oversikt over noko av det eg har opplevd.

Img_4320
Programmet dei første dagane var knytt til det gamle Egypt. Og her kjem verkeleg ordet gamal til sin fulle rett! Det dreier seg om 5000 års kulturhistorie! Her er ei slik mengde med arkeologiske utgravingar at det i denne samanhengen sjølvsagt bare blei snakk om ei innføring i stoffet.  Dette er historie eg har høyrt om sidan eg var liten, og det var rett og slett ei utruleg flott oppleving å koma dit og få sjå nokre av funna og bygningane.  Me besøkte gamle graver med fantastiske relieff frå dagleglivet, imponerande pyramidar i Sakkara og Giza og sjølvsagt den spesielle Sfinxen (biletet). Dessutan hadde me omvisning på det egyptiske museet med vekt på funna frå Tut-ankh-Amon si grav.

Img_4394
Dei neste dagane var knytt til det muslimske Egypt. Kairo er byen med 1000 moskear og med ein svært sentral posisjon i den islamske verda i dag. Gjennom forelesingar, byvandringar og moskebesøk lærte me om den muslimske historia i Egypt, om muslimsk arkitektur og om ulike mosketypar. Biletet er frå Sultan Hasan-moskeen. Dessutan møtte me dagens islam f eks gjennom besøk og samtale i Al-Azharmoskeen som blir rekna som det viktigaste teologiske senteret for sunnimuslimane. Ei oppvisning med intens sufidans stod forresten også på programmet!

Hovudinnhaldet i turen var likevel å bli kjent med det kristne Egypt. Det er ca 10 % kristne i landet. Dei fleste høyrer til den koptisk-ortodokse kyrkja (koptisk = egyptisk), mens ein mindre del høyrer til forskjellige katolske eller evangeliske kyrkjesamfunn.

Img_4475
Dette blei verkeleg eit inspirerande møte med eit livskraftig kyrkjeliv, både i historisk og dagsaktuelt perspektiv. Det historiske blei ivaretatt gjennom besøk i fleire gamle kyrkjer og stadar med stor tyding for den lokale kristne tradisjonen. Dei som kjenner meg, veit at eg syns dette er svært interessant. Biletet viser fasaden i Mu’allaqa-kyrkja, kanskje den viktigaste av dei historiske kyrkjene i Kairo.

Me fekk også eit glimt inn i noko som gjorde uutsletteleg inntrykk;
livet i Søppelbyen der fattige menneske bokstavleg talt lever og
arbeider i søppelet. Mange av desse er kristne, og me fekk høyra
om arbeidet som blir drive for dette folket i dei spesielle
Holekyrkjene i området.

På flyet heim sat eg og tenkte på det eg hadde høyrt om søndagsskulerørsla som gjennom det 20. hundreåret har fornya den koptiske kyrkja radikalt. Plutseleg såg eg ein inspirerande parallell til vår trusopplæringsreform! Søndagsskulane deira har verkeleg nådd ut til breidda av den kristne befolkninga, i alle aldrar. I dag sit det barn av søndagsskulen i alle dei leiande stillingane i kyrkja. Og sjølv om dei er svartkledde og gamle, er dei framleis opptatt av barn og unge sin plass i kyrkjelivet! Ein biskop me besøkte, biskop Youannes, sa det slik: “Ei kyrkje utan ungdom er ei kyrkje utan håp. Ein ungdom utan kyrkje er ein ungdom utan håp.”

Det er eigentleg dei mange møta med ulike kyrkjeleiarar som betyr mest
for meg når eg nå ser tilbake på turen.  Det gjorde eit sterkt inntrykk å møta
menneske med engasjement og innsikt i den kristne trua. Skal eg trekkja fram ein enkelt person framfor andre, er eg ikkje i tvil. Då vil eg nemna biskop Thomas som me traff på retreatsenteret Anafora ute i ørkenen mellom Kairo og Alexandria. Me budde der det siste døgnet. Biskopen representerer den koptiske kyrkja på ein heilt spesiell måte. Han har karismatisk utstråling, stor åndeleg innsikt og pedagogisk teft. Me får besøk av han i Stavanger bispedøme i september 2008. Det gleder eg meg til.


Heim frå Egypt

19/01/2008

Eg har i dag kome tilbake frå Egypt. Har deltatt på ein tur som gav enda meir inspirasjon og ny kunnskap enn eg hadde drøymt om på førehand! Eg satsar på å koma tilbake med meir stoff frå turen etter kvart, sjølv om eg dei næraste vekene vil ha mest fokus på rydding, pakking, oppussing og flytting til ny bustad her på Bryne.


Studietur til Egypt

12/01/2008

Eg er paa studietur i Egypt, og er innom ein pc ein liten stund.  Opplever utruleg mykje spennande. Laerar baade om faraonisk religion, islam og det kristne Egypt, med vekt paa det siste. Det blir nok lite aktivitet her paa bloggen den naeraste veka. Men eg reknar med aa koma heim med mange inntrykk. Kanskje det ogsaa vil prega bloggen ei tid framover?


Pluss om å reisa til Det heilage landet

22/12/2007

Då Inger og eg var reiseleiarar på tur til Jerusalem i haustferien, var jounalisten Finn Våga frå Stavanger Aftenblad med for å skriva om korfor folk drar til Det heilage landet.

I går var artikkelen hans hovudoppslag i Pluss, avisa sitt fredagsmagasin. Her er eit lite utdrag:

17 mennesker. Noen for første gang i Jerusalem, andre er tilbake med et håp om kanskje å finne svar på spørsmål de knapt våger å stille. Hva har de felles? En organist, en mild bibeloversetter, en pensjonert og nysgjerrig fysiker, en lavmælt og ung ingeniør? Presten Arne Berge kan ikke svare, men han skal lede den store flokk gjennom trange gater, støyende markeder og 3000 års fargerik og blodig historie. (Les meir i papirutgåva)

Det var flott å bli kjent med Finn og det var spennande å lesa hans refleksjonar om det å reisa til Israel og dei palestinske områda. Dessutan er han ein eminent fotograf.


Heime igjen

16/10/2007

Img_3674
Eg kom i kveld heim igjen etter haustferie i Israel. Inger og eg var reiseleiarar for ei gruppe på 18. Me hadde først ei innhaldsrik veke med utgangspunkt i Jerusalem. Deretter hadde me eit par rolegare dagar ved Dødehavet. Eg sit igjen med mange opplevingar. Nokre av desse vil heilt sikkert bli utgangspunkt for innlegg her på bloggen i tida som kjem.


Haustferie i Jerusalem

26/08/2007

Israel_oktober_2006_202 I tida 6.-16. oktober skal Inger og eg vera reiseleiarar for ein tur til Israel. Nå har det kome ein heil del påmeldingar, men det er ennå plass til fleire deltakarar.

Her er eit utdrag frå brosjyren for turen:

Bli med på ”ein annleis storbyferie” i Jerusalem, ein av dei mest spennande byane i verda! Byen har ei 3000-årig historie og den har ein heilt spesiell posisjon, både religiøst, politisk og kulturelt. Vi legg hovudvekta på stadar som er viktige i ein kristen samanheng og vi skal også møta menneske som står midt i eit viktig misjons- og forsoningsarbeid i regionen i dag. Vi skal bu sentralt i det jødiske Vest-Jerusalem, i gangavstand til Gamlebyen og til hovudgatene i den moderne delen av byen, og det vil også bli noko tid til å utforska sentrale delar av byen på eiga hand. I løpet av veka skal vi dessutan dra på to dagsturar, til Jaffa/Tel Aviv og Betlehem. Mot slutten av ferien forlèt vi storbyen og reiser til ørkenområdet nede ved Dødehavet. Der skal vi oppleva fascinerande natur og historie, og dessutan få høve til å bada både i det spesielle Dødehavet og i bassenget på hotellet.

Fullstendig program for turen finn du her.


Interesse for fyrtårn

19/08/2007

Skomvr_fyr_fr_bten Har nyleg hatt kontakt med Charles, ein amerikanar som lagar ei nettside med informasjon om norske fyrtårn. Denne sida er igjen ein del av ein større nettstad med fyr frå heile (?) verda. Han ville nytta dette biletet frå Skomvær fyr ytterst i Lofoten. Sjå resultatet her.


Sju av Nordlands underverk

08/08/2007

Lofotkatedralen Framleis ligg bunken med bøker, kart og brosjyrar frå ferien i Nordland framme her i heimen. Eg syns det er kjekt å sjå i dei og i bileta som me tok undervegs. Me kom heim med svært mange bilete på pc-en, truleg eit par tusen. Nokre av desse er nå sletta, nokre er lagt ut på flickr og der vil eg nok leggja ut nokre til.

Biletet eg tar med her, tok eg ein flott morgon i Kabelvåg. Lofotkatedralen ser fin ut på avstand. Men eg nemner bare at vedlikehaldet av den store kyrkja har vore eit hett tema denne sommaren.

Sjølv om eg framleis blar i bøker og brosjyrar, avsluttar eg med desse linjene serien Sommarminne frå Nordland. Alt har si tid, og sju er jo eit passande tal. Serien, som eg då kan kalla Sju av Nordlands underverk, består av desse innlegga: Torghatten, Vega, Dønnes kyrkje, Skulpturlandskap Nordland, Svartisen, Midnattssol og Langt til havs.


Langt til havs

05/08/2007

Sommarminne frå Nordland VII

Skyssbten_ingerhelen Røst ligg langt til havs, ytterst i Lofoten. Men me var ikkje nøgde med å koma til Røstlandet, øya der dei omlag 600 innbyggjarane i kommunen bur. Me skulle lenger ut enn som så. Målet vårt var å sjå skulpturen Il Nido (reiret) som er plassert på Vedøya, ei av fugleøyane i havet utanfor. Denne skulpturen er truleg den mest utilgjengelege i Skulpturlandskap Nordland. For å nå dette målet, sikra me oss plass på skyssbåten Inger-Helen som tar interesserte ut på Sea Bird Safari til fuglefjella og Skomvær fyr. Me rekna ikkje med å få koma i land på Vedøya, men var fornøgde om me fekk koma så nær at me i alle høve kunne ta bilete av skulpturen.

Det blei ein minnerik tur, for å nytta eit sjeldant ord som eigentleg seier ganske mykje. Guiden Finn Olav frå Kårøy var ein eminent forteljar. Han var eigentleg på verdsomseiling nokre år, men hadde tatt turen heim frå Trinidad i sommar for å vera lettmatros og guide på Inger-Helen.

Krykkjekoloni Først dreidde det seg om fugl. Me reiste utover mellom øyane og såg utruleg mykje sjøfugl; lundefugl, krykkje, skarv og havørn. Her på desse øyane held visstnok 25 % av sjøfuglane i landet til. Ei "folke-teljing" for nokre år sidan kom til over 2 millionar fuglar! Det var imponerande med dette fuglelivet som me fekk sjå på relativt nært hald.

Skomvr_fyr Så dreidde det seg om Skomvær fyr. Fyret ligg på ein holme lengst ute i havet utanfor Lofoten. Her blei me sett i land med lettbåt og fekk høyra mange gode historier frå tida då det budde folk på fyret. Om morgonen hadde det, for første gong på over ei veke, vore grått ver. Men mens me var på Skomvær, forsvann dei siste skyene og himmelen var igjen like blå som havet. Før me forlét øya fekk me også ein interessant prat med eit par kunstnarar som budde og arbeidde der ute i havgapet denne sommaren.

Deretter dreidde det seg om Pietro Querini. Denne handelsmannen frå Venezia redda seg (og følgjet sitt) i land på ei av fugleøyane her ute, ein vinterdag i 1432. Me fekk sjølvsagt historia på staden, i det me passerte Sandøy. Querini og folka hans blei på mirakuløst vis redda, og dei blei utover våren tatt godt hand om av folket på Røst. Italienaren har fått ein plass i historia, dels fordi han seinare skreiv om opplevingane sine og om koss folket på Røst levde, og dels fordi han truleg var den som først tok med seg tørrfisk frå Lofoten til Italia.

Il_nido_reiret Så kom høgdepunktet for oss. Me fekk forhandla oss fram til at me kunne bli sett i land på Vedøya og bli henta med båten seinare på kvelden. Dermed nådde me eit viktig mål for ferien, i alle høve for Inger, og det på ein enda betre måte enn me hadde tenkt oss. Det var ei flott oppleving å gå opp bakkane til skulpturen Il Nido, reiret, og vita at her kunne me vera i ro og fred eit par timar før båten kom tilbake for å henta oss. Eigentleg hadde me nok, i følgje kunstnaren Luciano Fabro, ingenting der å gjera. Han meiner at skulpturen er laga for fuglane (les meir) og ville visst helst at den skulle stått på ein enda meir utilgjengeleg stad! Det var forresten eit utruleg fugleliv på staden; det må ha vore tusenvis av krykkjer som budde i fjella like ovanfor skupturen, dessutan var her mykje ørn. Eg tok bilete av åtte på ein gong!


Midnattssol

01/08/2007

Sommarminne frå Nordland VI

Midnattsol_nord_for_reip Eg syns midnattssola er fascinerande. Her sit eg i strandkanten og nyt sola og havet. Klokka er 00.48. For å få denne utsikta, reiste me seint på kvelden litt nordover frå Reipå Camping ved Ørnes. Det blei ein svært vellukka nattleg ekspedisjon. Ei stor mengde mygg var det einaste som trakk opplevinga ned eit par hakk. Staden ligg for øvrig heilt vest i Gildeskål kommune (heimbygda til Elias Blix, – så fekk eg til ære for BlixBlog så vidt fletta diktaren inn i denne Nordlandsserien).

Midnatt_ved_eggum Den flottaste opplevinga med midnattssola hadde me kanskje på Eggum "på yttersida" av Lofoten. Me slo opp teltet i strandkanten og var oppe lenge. Her var det ikkje mygg. Kameraet fortel at biletet blei tatt tidleg om morgonen, ca kl 02.30. "Du skal ikkje sova burt sumarnatta!"

Hode_x_2

Her ved Eggum står skulpturen Hode som ein del av Skulpturlandskap Nordland. Det er vanskeleg å skildra denne skulpturen skikkeleg, den må rett og slett opplevast! Frå ein vinkel ser den ut som ein heilt vanleg byste av eit mannshovud på ei søyle. Men går du rundt den, skiftar den form 16 gonger, og frå ein annan vinkel står faktisk hovudet opp-ned! Her ser eg nærare på dette utrulege kunstverket. (Les meir)

Ruinkyrkja_p_rst Den siste kvelden i Lofoten sykla me ein liten midnattstur til nordsida av Røstlandet for å sjå på denne kyrkjeruinen. Klimaet er barskt på Røst, og det har ikkje vore lett å få nokon kyrkje til å stå over lengre tid. Tidleg på 1800-talet prøvde ein seg med denne steinkyrkja, men heller ikkje den blei gamal. I år 1900 var ho i så dårleg stand at ho måtte tas ut av bruk, og treverket blei brukt andre stadar. Tilbake står dei spesielle murene som ein vakker kyrkjeruin.

For meg er midnattssola eit fenomen eg opplever og lar meg fascinera av. Men like fascinerande er det jo å sjå at dei som bur der nord, f eks malar huset eller vaskar bilen midt på natta!


Svartisen

29/07/2007

Sommarminne frå Nordland V

Engenbreen Svartisen er imponerande! Det vil seia, eg såg jo eigenteg bare Engenbreen, ein brearm av sjølve Svartisen. Me tok skyssbåt over Holandsfjorden og sykla vidare på grusveg innover mot breen. På biletet ser du den nederste delen av Engenbreen. Dette er den lågast liggjande isbreen i fastlands-Europa, ca 20 moh.

Me brukte mest ein halv dag på den litle avstikkaren over fjorden. Tida går fort når me har med mat og drikke (les: kaffi), godt lesestoff, og dessutan oppheld oss i den naturen!

Her er forklaringa på det underlege namnet på breen:

Navnet "Svartisen" kommer fra "svartis", et gammelt ord som betegner den dype blåfargen i denne isen og kontrasten til den hvite sneen og nyere is på selve isplatået. Ismassene byr på et spekter av ulike fargenyanser fra blank krystallklar is, til turkis – hvit – lys og mørke blåfarger. (les meir)

Brygga_ved_engenbreen_3 På brygga der båten la til inne ved breen, møtte me ei frimodig måke. Ho hadde lagt reiret sitt ytterst på bryggekanten, akkurat der båten la inntil sånn ca kvar time. På biletet ser du måken og reiret. Det som ikkje kjem fram på biletet, er at ho med høge skrik gav klar melding om at dette var hennar brygge!


Skulpturlandskap Nordland

27/07/2007

Sommarminne frå Nordland IV

Varde Ferien i Nordland var også ei kunstreise. Me var sjølvsagt innom fleire galleri og verkstadar, men først og fremst var det ei kunstreise fordi me oppsøkte flest mulig skulpturar som høyrer til i Skulpturlandskap Nordland. Dette var Ingers store prosjekt for turen. Og sanneleg: eg blei fascinert av dette, eg òg, sånn at eg på slutten av turen var like ivrig som henne i jakta på fleire skulpturar.

Eg gir ordet til Inger:

Skulpturlandskap Nordland er ei internasjonal kunstsamling som omfatter 33 kunstverk i like mange kommunar, med inviterte kunstnere frå 18 land. Fylket har ikkje eige kunstmuseum. Derfor blei det lansert den ideen om at fylket skulle få si eiga samling samtidskunst: ein skulptur i kvar kommune, med naturen som galleri. (Les meir, dette er henta frå Ingers sykkelblogg frå 2005.)

Me fann 19 skulpturar på turen i år. I tillegg var eg, nokså tilfeldig, innom ein i fjor. Eg har altså sett 20 av dei 33 skultpurane. Inger har sjølvsagt vore på fleire, for ho begynte si systematiske skulpturjakt på sykkelturen for to år sidan. Dei fleste ligg lett tilgjengeleg ved ein veg, om enn ikkje alltid ein hovudveg, mens andre ligg plasserte vekk frå vegen. Den minst tilgjengelege fann me på ei fugleøy utanfor Røst.

Varde_som_utsiktspunkt Skulpturen på bileta heiter Varde. Den ligg ved Bjerangsfjorden i Meløy kommune. Skulpturen er laga av den danske kunstnaren Per Kirkeby. Som de ser, gjekk eg inn i skulpturen for å sjå ut. Maaretta Jaukkuri skriv:

Kunstneren refererer til verket som en paviljong, en bygning ment til å gi tid og ro for refleksjon. Konstruksjonen gir ikke beskyttelse, men skaper snarere et utkikkspunkt hvor vi kan se oss rundt og skue landskapet i dets stadig skiftende lys, rammet inn av vindusåpningene i paviljongen. (Les meir)

Eg er glad for at Inger fekk meg med på skulpturjakta. Det gav ferien ein ekstra dimensjon. Ho er fast bestemt på å koma seg til alle dei 33 skulpturane, anten eg er med eller ikkje. Og det håper eg verkeleg ho får til!


Dønnes kyrkje

23/07/2007

Dnnes Sommarminne frå Nordland III

Eg var innom ein heil del kyrkjer på ferien i Nordland. Den kyrkja som gjorde sterkast inntrykk, var Dønnes kyrkje, ei flott mellomalderkyrkje nord på øya Dønna. Kyrkja blei bygd på 1200-talet på storgarden Dønnes. I tidlegare tider var dette ei privatkyrkje knytt til Dønnesgodset, men nå er det ei vanleg soknekyrkje. Me fann oppslag om at me kunne få omvisning i kyrkja ved å venda oss til folket på garden. Det gjorde me, og då traff me faktisk kjentfolk som var på besøk der, og i tillegg fekk me god omvisning i kyrkja ved kona på garden!

Dnnes_kyrkje Denne kyrkja har faktisk eige mausoleum for folket på Dønnesgodset! Ein kjem inn i det gjennom ei gamal kopardør i det indre koret. På biletet ser me mausoleet som eit tilbygg som står vinkelrett på sjølve kyrkja. Her inne står det 22 kister med blant anna seks generasjonar av Tønder- og Coldevinslekta som i si tid dreiv garden. Eg syns kistene hadde halde seg forbausande godt. Den eldste kista var amtmann Peder Tønder si kiste frå 1694; den var kledd med geiteskinn. Den yngste kista var frå 1869.

Men sjølv om mausoleet var spesielt, vil eg først og fremst seia at det var sjølve kyrkja som gjorde så sterkt inntrykk. Sjølv om den var påbygd fleire gonger, var det ein fin heilskap over bygget. Og det var tatt vare på relativt mykje gamal kyrkjekunst her, for eksempel ein 1200-tals trefigur av Jomfru Maria med Jesusbarnet og ein figur av St. Laurentius frå 1400-talet.

Turistavisa Opplevelser på Helgelandskysten 2007 fortel meg at Dønnes kyrkje blir kalla den vakraste kyrkja i Nord-Norge. Eg har dessverre ikkje samanlikningsgrunnlag nok til å kunna skriva under på dette, men det var i alle høve ei flott oppleving å besøkja kyrkja.

Utsikt_fr_dnnesfjellet Etter besøket i kyrkja var me oppe på Dønnesfjellet (127 moh) og hadde fiskesuppe og fantastisk utsikt ut over havet, blant anna med øyane Lovund og Træna i det fjerne.


Vega

22/07/2007

Sommarminne frå Nordland II

Ehuset_vega Eg var nysgjerrig på å finna ut meir om Vega. Denne øya er med på UNESCO si liste over kultur- og naturarv av eineståande verdi, saman med pyramidane i Egypt, Akropolis i Athen, Masada i Israel, den kinesiske mur og mange andre spesielle stadar i verda.

Før me begynte å planleggja ferien, hadde eg bare høyrt om øya, men visste ingenting om den. Då eg var på veg nordover, hadde eg fått med meg dette med verdsarv-lista i tillegg til at øya har ein skulptur i serien Skulpturlandskap Nordland. Skal eg vera ærleg, var det nok dette siste som gjorde at reiseleiaren Inger hadde tatt øya med i ferieplanen vår.

Rfugl Me sykla over øya, studerte skulpturen (eigentleg tre skulpturar som står i eit forhold til kvarandre), såg på kyrkja, og drog så til É-huset på Nes på nordsida av øya (huset til venstre på biletet). Dette er eit lite museum som blant anna dokumenterer den spesielle tradisjonen med å ha ærfugl som husdyr. Ja, du las rett! Dette var noko eg aldri hadde høyrt om før, og det er altså så spesielt at det har ført Vega inn på verdsarvlista. Ærfuglane på biletet fann eg i utstoppa tilstand på museet.

Eigentleg er det Vegaøyan, eit stort øyrike (arkipelag) med 6.500 små og store øyar og skjær, som er listeført. Her er grunngjevinga frå UNESCO:

Vegaøyan har enestående universell verdi på grunn av
• en unik egg- og dunnæring som har eksistert i området i mer enn tusen år
• det menneskeskapte landskapet som er et testament til mennesker som utviklet en enestående og nøysom levevei i et ekstremt utsatt område rett sør for Polarsirkelen
• den lange og vedvarende interaksjonen mellom menneske og landskap som viser en usedvanlig kulturkontinuitet
• nøkkelrollen som kvinner spilte i edderdunnæringen og derved deres part i produksjonen av et høyverdiprodukt som ble en del av Hansa-handelen (les meir)

Det var forresten her i É-huset eg fann plakaten om Presten og kjærleiken.

Sjå også sida til Stiftelsen Vegaøyan verdensarv.


Torghatten

18/07/2007

Sommarminne frå Nordland I

Torghatten Eg syns det var mektig å gå gjennom hòlet i Torghatten. Og det var spesielt å kunne gjera det seint på kvelden, ved midnatt. Dette var første kvelden vår i Nordland, og sjølv om staden ikkje ligg så langt nord at det er midnattssol, var det heilt lyst då me gjekk opp ca kl 23.00.

Her står Inger i opninga ut mot havet, mens eg tar biletet inne frå hòlet. Som du ser er det store dimensjonar over hòlet gjennom fjellet. Det er 166 meter langt, gjennomsnittleg 18 meter breitt og høgda varierer mellom 28 og 75 meter.

Segna seier at det var Hestmannen sin pil som skapte hòlet. Nyare undersøkingar fortel oss at det er isen som som har vore på ferde. Uansett har hòlet alltid gjort inntrykk og det har blitt kommentert av mange skribentar, f eks Petter Dass, Fritjof Nansen, Karel Capek og Arne Garborg (les meir).

Sjå òg omtale på Wikipedia.