12/08/2009
I dag feires «minoritetenes dag» i Pakistan. Den kristne minoriteten i landet markerer i stedet en «svart dag».
(Les meir i Vårt Land)
Dei kristne i Pakistan har det vanskeleg for tida. Dei er ein liten minoritet som slett ikkje har religionsfridom. Sist veke braut det på ny ut harde forfølgingar. Å bruka den offisielle minoritetsdagen 11.08 til heller å markera sørgedag, er ei tydeleg og uredd handling som det står stor respekt av.
Les sterke historier frå pakistanske kristne om kva som skjedde sist veke her. Nå oppfordrar pakistanske kyrkjeleiarar den verdsvide kyrkja om å stå saman med dei i bøn, og spesielt å bruka førstkomande søndag (16.08.2009) til forbøn for dei kristne i landet. Norsk Misjon i Øst har utarbeidd bakgrunnsstoff og forslag til forbøner til bruk i gudstenester og andre samlingar:
Vi oppfordrer norske menigheter som lever i full trosfrihet om å at inn over seg situasjonen som våre kristne søsken i Pakistan opplever for tiden!
Vi ber om:
- at Pakistans kristne holder ut i lidelsene,
- at de får kraft til å stå imot uretten,
- at de får hjelp til å gjenreise de nedbrente husene sine.
Vi ber også for de pakistanske myndigheter – at de tar på alvor den urett som har skjedd og sørger for lov og rett for alle innbyggere, uansett tro.
Og vi ber om at de som står bak ugjerningen blir dømt og straffet, og at de erkjenner at de har handlet galt og endrer sin atferd i fremtiden.
Den svenske bloggen Rövaren på korset kommenterer saka slik:
Jag måste säga att jag är imponerad av de pakistanska kristna och deras mod. Jag är imponerad av att de litar på Herren – för utan att lita på Herren Jesus Kristus törs du inte framträda som kristen i ett land som Pakistan, och än mindre demonstrera mot förföljelser. (Les meir)
Legg att ein kommentar » |
Nyheter / Aktuelt |
Direktelenkje
Posta av Arne
31/01/2009
Tenner du på ideen om å læra moderne hebraisk? Bur du i nærleiken av Bryne? I så fall kan dette tilbodet vera av interesse for deg.
Journalist Asgeir Ueland, som har budd mange år i Jerusalem, skal ha eit begynnarkurs i moderne hebraisk her på Bryne våren 2009. Det blir samlingar dei fleste torsdagane kl 1900-2045. Kurset startar torsdag 5. februar. Initiativet er tatt i samband med Bryne kyrkjelyd sin planlagte tur til Israel i oktober, men kurset er ope for alle.
Undervisninga følgjer eit opplegg frå universitetet i Jerusalem. Læraren har lova å ta undervisninga i gruppa sitt tempo. Han veit kva det vil seia å læra eit språk der me ikkje kjenner igjen eit einaste ord. Han oppfordrar dei som er interesserte, men som er redd det blir for vanskeleg, til å møta opp første kvelden for å høyra om opplegget.
Interesserte kan ta kontakt med meg (så snart som mogleg!) for å få meir info om pris og kursstad, så kan eg formidla kontakt med Frank, som er initiativtakar og koordinator.
Kontakt meg på mail: berge dot arne (at) gmail dot com
Legg att ein kommentar » |
Jæren, Nyheter / Aktuelt | Merka som: hebraisk |
Direktelenkje
Posta av Arne
18/06/2008
I går passerte jammen Henrik Wergeland sin 200-årsdag utan at eg fekk markert det skikkeleg. Beklager så mykje! Eg lagar ikkje nokon stor sak ut av dette jubileet her på bloggen, for bøkene hans er ikkje av det eg les mest. Men Wergeland har spela ei viktig rolle i norsk kulturhistorie, og han gjorde ein stor innsats for å få fjerna den setninga i grunnlova som stengte jødar ute frå kongeriket vårt. Så ein liten notis i samband med feiringa er heilt naturleg, også her på bloggen.
Som romantikar såg Wergeland det store i det små, og dermed kunne ein liten sommerfugl bera ein viktig bodskap om skaparen bak alt. Eg markerer jubileet med den kjente teksten Den prektig kledde sommerfugl frå 1840, i revidert språkform slik den er gjengitt i Norsk Salmebok (nr 285):
Den prektig kledde sommerfugl
er fløyet fra Guds hånd.
Han gav den gylne ringer
og røde purpurbånd.
Han lærte den å flyve høyt,
høyere enn jeg er.
Den har nok fuglens lyster,
men ei dens dun og fjær.
Og alle verdens mennesker
og alle kongebud
ei gjøre kan en sommerfugl.
Det kan alene Gud.
(via BlixBlog)
Legg att ein kommentar » |
Nyheter / Aktuelt | Merka som: 200 år, Henrik Wergeland |
Direktelenkje
Posta av Arne
28/05/2008
Bob Dylan er aktuell her i Rogaland for tida. Denne veka held han konsert på Viking stadion i Stavanger med 19.000 til stades. Han er ute på sin “Never Ending Tour”.
Dette er ein artist som har levert mange viktige tekstar. Han begynte som protestsongar for ca 45 år sidan og har sidan vore innom mange sjangrar. Ein artikkel på Wikipedia prøver å formulera betydninga han har hatt:
Bob Dylan forandret populærmusikken på to viktige punkter. Han økte betydningen av sangtekstene, og han gjorde det klart at sangstemmen ikke var det viktigste. (les meir)
Eg syns dessutan det er av interesse at han har tydelege bibelske referansar i mange av tekstane sine. Ein periode, etter ei sterk åndeleg oppleving i 1978, var han rett og slett forkynnande på konsertane sine. Dette har han sidan endra på, men han skal likevel ikkje ha tatt avstand frå den kristne trua.
For meg, og sikkert for fleire av lesarane av denne bloggen, er det også av interesse at han er ein jøde som vedkjenner seg trua på Jesus. Det siste nummeret av Misjonsblad for Israel, nr 3/2008, har ein artikkel om denne sida ved artisten. Det er redaktør Ingvill Egeli Olsen som skriv, og ho støttar seg på uttalar frå Sven Aasmundtveit. Ho skriv blant anna:
Bob Dylan vokste opp som en del av det jødiske miljøet i Minnesota, USA. Begge Bob Dylans foreldre var jøder, og artistens fødenavn var Robert Allan Zimmermann. Besteforeldrene var innvandret fra Odessa, Ukraina til USA.
- Familien var et sted mellom nominelle jøder og bevisste. Moren forteller at han fløy rundt på kristne vekkelsesmøter i oppveksten. Men han var nok mest knyttet til det jødiske miljøet, forteller Bob Dylan-kjenner Sven Aasmundtveit.
Aasmundtveit forteller at Bob Dylan allerede før sin radikale omvendelse godt kjente både den jødiske og den kristne Bibelen. I arbeidsrommet lå Bibelen oppslått konstant. Flere av artistens tekster har bibelske referanser.
Dette er Jesusvekkelsens tid, og Bob Dylan samarbeider med flere kristne artister (…)
Og på slutten av 1978 får Bob Dylan sitt åndelige gjennombrudd. Under en konsert kaster en publikummer et kors opp på scenen. Bob Dylan plukker det opp og tar det med seg. Et par dager senere opplever han på hotellrommet at Jesus er på rommet hans. Og der tar Dylan imot troen.
(…)
Samtidig fornekter han ikke sin jødiske bakgrunn. Han har hatt jødisk konfirmasjon for ett av barna sine. Jews for Jesus er aktive rundt konsertene hans.
Etter hvert blir det kristne budskapet mindre framtredende. Bob Dylan forkynner ikke lenger fra scenen. Men Aasmundtveit understreker at han ikke tar avstand fra troen.
- Selv om Dylan forlot den tydelige forkynnelse og det kristne aspektet ble mindre fremtredende, sluttet Dylan aldri å bruke bibelske referanser i tekstene sine, understreker Aasmundtveit.
Eg veit ikkje nok om Bob Dylan til å vurdera hans religiøse utvikling og kan derfor ikkje gå god for desse uttalane. Men eg syns han er ein spennande artist som har mange flotte songar. Og eg syns det er interessant å leggja merke til at han, som høgt profilert artist, har vore tydeleg på at trua på Jesus er aktuell, også for ein som har jødisk bakgrunn.
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Jødisk religion og kultur, Nyheter / Aktuelt | Merka som: Bob Dylan, Never Ending Tour |
Direktelenkje
Posta av Arne
13/05/2008
Narnia vil for alltid ha ein plass i mi verd. Først og fremst i bokformat. Men eg har også gode minne frå filmen Legenden om Narnia frå 2005.
Nå kjem snart Prins Caspian, den andre Disney-filmen over C.S. Lewis sine fantastiske bøker. Christianity Today har ein seksjon med stoff om filmen her, blant anna intervju med regissøren Andrew Adamson og med Ben Barnes som har rolla som Caspian.
Relaterte artiklar her på bloggen frå 2005:
Legg att ein kommentar » |
Nyheter / Aktuelt | Merka som: C.S. Lewis, Narnia, Prins Caspian |
Direktelenkje
Posta av Arne
17/03/2008
Kunstnaren Viktor Sparre er død, 88 år gamal. Eg blei kjent med Viktor Sparre sin kunst då eg var tenåring og gjekk til gudsteneste i Hinna kyrkje. Der er det ein flott altarvegg med store glassmaleri som han har laga.
Seinare har eg blitt kjent med glassmaleria hans i Immanuelskyrkja i Tel Aviv. Der har han laga mange glassmaleri med bibelske tema, fantastiske bilete som fungerer som forkynning for mange israelarar som kjem innom kyrkja.
NTB har sendt ut følgjande melding om dødsfallet:
Victor Sparre er død
Bildekunstneren Victor Sparre er død 88 år gammel. Sparre var født i Bærum i 1919 og var særlig kjent for sine fargesterke malerier og sine glassmalerier.
Hans monumentale glass-utsmykning av østveggen i Jeløy kirke fra 1975
regnes som et av hans hovedverk. Han har også laget glassutsmykninger i
Ishavskatedralen i Tromsø og i Hinna kirke.
Sparres malerier har ofte symbolske og religiøse undertoner. Han var i mange år aktiv i menneskerettsbevegelsen.
Eg kjenner bare kyrkjekunsten hans. Maleria hans har eg ikkje sett. For Viktor Sparres kyrkjekunst vil i alle høve "religiøse undertoner" vera det me kallar eit typisk understatement.
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda, Kyrkjekunst, Nyheter / Aktuelt |
Direktelenkje
Posta av Arne
12/03/2008
Nils Henrik Smith frå Bryne har fått Tarjei Vesaas debutantpris for 2007. Gratulerer, Nils Henrik!
Jærbladet skriv:
Det litterære råd kallar romanen vill og ambisiøs. «Manhatten skyline
er ein roman det er vanskeleg å fange i kortfattede beskrivelser. Det
er en fortelling som nekter å falle til ro, som vågalt søker ut over
grenser den selv setter, og den etterlater leseren undrende, rørt og
begeistret», skriv juryen i si grunngjeving.
(…)
Nils Henrik Smith kjem i godt selskap med denne tildelinga. Av andre
kjende norske forfattarar som har fått prisen tidlegare er Lars Saabye
Christensen, Roy Jacobsen, Tor Obrestad og Tore Renberg. (les meir)
Oppdateringar:
Aftenbladet.no skriv også om pristildelinga:
– Dette var selvfølgelig hyggelig. Det er ikke så mye mer å si om den saken,
sier en beskjeden Nils Henrik Smith (27) til Aftenbladet.no.
(…)
– Da jeg fikk vite at jeg fikk prisen, ble jeg glad og overrasket. Alle som
debuterer går rundt og tenker på at de kanskje kan få debutantprisen. Jeg
vet ikke om noen andre debutantpriser som har en tilsvarende posisjon, sier
Smith. (les meir)
Legg att ein kommentar » |
Jæren, Nyheter / Aktuelt, Nynorsk |
Direktelenkje
Posta av Arne
10/03/2008
Aftenbladet har i dag ein kommentarartikkel av kulturredaktør Tarald Aano der han skildrar Pasjon08 som ein triumf, med mysteriespelet i Domkyrkja som kjerne og tyngdepunkt. Han har forstått kva dette er, på ein heilt annan måte enn ho som meldte spelet for avisa i forrige veke (her), ho som blant anna presterte å omtala mysteriespelet som "en historie vi har hørt mange ganger"!
Tarald Aano skriv etter å ha skildra middelalderaktivitetane utanfor kyrkja:
Kjernen i Pasjon08 er likevel mysteriespillet «Overalt», et klassisk
pasjonsdrama der spillerommet ikke er større enn bibeltekstene og
tradisjonene tillater. Likevel har regissør og forfatter Svein Harry S.
Hauge skapt et fortettet stykke kirkelig teater som utfordrer det sakrale
rommet ved å innføre store doser humor og burleske opptrinn. Samtidig
utfordrer han andre veien ved å gjøre mysteriespillet til en voldsom
kontrast til ablegøyene og forlystelsen utenfor. Ute er morskapen – inne er
smerten. Ute er tempoet – inne er ettertanken. Ute er underholdningen – inne
er en fortelling som ikke gir rom for likegyldighet.
Det skyldes
ikke minst skuespiller Duc Mai-The som er en av de bedre Jesus-skikkelsene
vi har sett på scenen. En Jesus som vil forbi glansbildeklisjeene og inn i
mildhet og sinne, kjærlighet og fortvilelse, glede og angst. Den spenningen
han og mysteriespillet skaper i Pasjon08 gir dybde til det som er blitt en
kunstnerisk triumf for den kunstneriske lederen Anna S. Songe-Møller
allerede tre forestillinger før slutt. (les meir)
Legg att ein kommentar » |
Nyheter / Aktuelt |
Direktelenkje
Posta av Arne
10/03/2008
Jesu lidelseshistorie fortalt med energi og engasjement av 130 aktører i Stavanger Domkirke. (les meir)
(via Pål)
Legg att ein kommentar » |
Nyheter / Aktuelt |
Direktelenkje
Posta av Arne
09/03/2008
Eg vore på Pasjon 08 i Domkyrkja i dag. Inger er med som korsongar og statist.
Forestillinga har mange høgdepunkt og for meg var desse stort sett knytt til Duc Mai-The si tolking av Jesus. Skal eg framheva noko, vil eg peika på innslaga med guten Saul, som var dikta inn i forteljinga og som utvikla eit nært og fint forhold til Jesus. Desse innslaga var nydelege. Elles syns eg scenen med kampen i Getsemane var sterk og talande.
Her er eit lite, men spennande tekstutdrag:
Eg har tala om Guds rike for dykk og alle som har villa høyra. Mange har spurt kvar det er og når det vil koma. Eg seier dykk: det er her, no, midt iblant dykk, over alt og inni dykk. Det er her! Eg er her! De må bare opna opp og ta det inn. Du skal elska Herren din Gud av heile di sjel, men det er like viktig å elska nesten din.
Og din neste er alle som treng deg, alle som treng din hjelp og din kjærleik. Elsk han som du elskar deg sjølv og du må elska deg sjølv slik Faderen elskar deg. Faderen elskar deg som du er. Han har skapt deg i sitt bilete, teikna deg i sine hender. Gjort deg til menneske og han elskar deg som menneske. Som ein far elskar sine born.
Om de kan bringa denne bodskapen ut, slik at alle kan ta imot meg, skapar vi Guds rike.
Les også Heidi sine korte notat om Pasjonsspelet.
Legg att ein kommentar » |
Nyheter / Aktuelt |
Direktelenkje
Posta av Arne
07/03/2008
NRK skriv om pasjonsspelet Over alt og meldaren er gripen av innhaldet:
En gripende, men også springende forestilling, mener vår anmelder om mysteriespillet under Pasjon 2008.
(…)
I alt 130 medvirkende er på scenen. Et fåtall av dem er
profesjonelle – her er barn og unge dansere og flere kor som alle gjør
en formidabel innsats.
I sentrum står likevel Jesus sjøl, spilt
av Duc Mai-The. Han er sterk, men samtidig sårbar, og han gjør akkurat
det det skorter litt på ellers i forestillingen. Gjennom kontrollert
spill, får han fram Jesu indre opprør. Og det er da – når pasjonen blir
en indre kraft, uten utvendige proklamasjoner – at forstillingen blir
virkelig intens. Da er Pasjon 2008 på sitt beste. (les meir)
Legg att ein kommentar » |
Nyheter / Aktuelt |
Direktelenkje
Posta av Arne
07/03/2008
Denne helga blir mysteriespelet Over alt spela i Stavanger Domkyrkje. Dette er ein del av det større prosjektet Pasjon08. Denne oppsettinga har eg høyrt mykje om dei siste vekene, for Inger er med som korsongar. Det er ingen tvil om at ho har det både kjekt og inspirerande i denne samanhengen, sjølv om det blir mange og lange dagar i kyrkja. Sjølv skal eg sjå stykket søndag ettermiddag. Eg gleder meg!
"I Domkyrkja er det bygd opp ein 17 meter brei scene under søylene langs den eine langveggen. Rundt 130 deltakarar er med i den nyskrivne oppsettinga, her er både profesjonelle og semiprofesjonelle skodespelarar, drama- og dansestudentar, musikarar og songarar. – Dette er ei forestilling med veldig mange uttrykksformer, seier kunstnarisk leiar og regissør Svein Harry S. Hauge …" (Stavanger Aftenblad 04.03, papirutgåva)
Stavanger Aftenblad skriv meir om stykket i dag. Avisa sin meldar gjer eit poeng av at dette er "en historie vi har hørt mange ganger" og leitar etter det nyskapande:
Det er kanskje først og fremst myldringen av små og store skuespillere og
sangere, i tillegg til den fantastiske lyssettingen, som gjør dette til en
annerledes opplevelse av en historie vi har hørt mange ganger.
(…)
Det er ingen
lett oppgave å skape noe nytt ut av noe som er både velprøvd og velkjent. I
dette tilfellet er det kanskje omgivelsene som gir den mest uvanlige
opplevelsen. At podiet kommer foran de brede søylene har både fordeler og
ulemper. På den ene siden er lyset nydelig, og scenen hvor en harmdirrende
Jesus velter salgsboder og brøler i tempelet fungerer godt. Men når podiet
befolkes av mange skuespillere samtidig, er det lett å miste oversikten over
hvem som snakker, og ikke minst hvem de henvender seg til.
(…)
Derimot fungerer musikken, og særlig korpartiene, godt. De sakrale
stemningene som bæres fram av lette barnestemmer, er mye mer effektfulle enn
brølingen til fariseere og romerske soldater, som til tider balanserer
farlig nær grensen til det parodiske. På samme måte er det de lavmælte
scenene med mariaene som skaper dynamikk i en velkjent historie hvor det
dramatiske og høylytte dominerer. (les meir)
Sjå også tidlegare oppslag om Duc Mai-The, som har rolla som Jesus.
Legg att ein kommentar » |
Nyheter / Aktuelt |
Direktelenkje
Posta av Arne
23/04/2007
I dag er det femti år sidan Albert Schweitzer (m.a. medisinar og teolog) heldt ein historisk appell mot atomvåpen i NRK under slagordet Ærefrykt for livet. Dette blir i desse dagar markert med at Norske leger mot atomvåpen (NLA) set igang ein norsk del av ein internasjonal kampanje mot atomvåpen. Eldsteson i familien, Trygve, er leiar for den norske kampanjen. Bra, Trygve! Dette støttar eg. Eg har i dag underteikna oppropet.
Utdrag frå NLA sin informasjon om kampanjen:
Atomvåpen er de verste av alle våpen. Kombinasjonen ekstrem sprengkraft, varme og stråling vil i begrensede mengder kunne ødelegge hele byer – i verste fall hele livsgrunnlaget på jorda. (Les meir)
Dette er ei viktig sak. Me treng engasjement og tenkning omkring slike tema. Eg trur på ein Gud som har skapt alt og som står bak alt liv. Om eg ikkje følgjer Albert Schweitzer i heile hans tenkning på dette området, har eg ingen problem med å støtta ein kamp mot atomvåpen i hans ånd. Og kampen for skaparverket er ikkje mindre viktig i dag enn for femti år sidan!
2 kommentarar |
Familien, Nyheter / Aktuelt, Tankar |
Direktelenkje
Posta av Arne
16/04/2007
Pave Benedikt XVI fyller 80 år i dag. Han er ein oppegåande eldre mann og har faktisk skrive bok som blir gitt ut på fødselsdagen. Boka heiter Jesus fra Nasaret. Før Benedikt blei pave, heitte han Joseph Ratzinger. Les meir om Pave Benedikt XVI her.
Nettsida ABC Nyheter hadde før helga ein omtale av den nye boka:
Boka blir beskrevet som et rent personlig verk om Jesu liv, og målgruppen er katolikker flest. I første omgang gis den ut på italiensk, polsk og tysk. Den 448 sider tjukke boka vil være i salg fra mandag, samme dag som paven feirer fødselsdag.
I boka viser paven blant annet til historien om den barmhjertige samaritan og Jesu oppfordring om å elske sin neste, og trekker linjer til dagens verden med enorme forskjeller mellom fattige og rike. Både kapitalisme og kolonialisme kritiseres.
«Hvis vi bruker dette på den globaliserte verden, ser vi at plyndringen av Afrikas folk angår oss. De rike har kledd de fattige nakne og har påført dem åndelige sår,» heter det i et utdrag fra boka som er trykket i avisa Corriere della Sera.
«I stedet for å gi dem Gud, den Gud som er nær oss i Kristus, og ønske velkommen alt det som er godt og stort i tradisjonene deres, brakte vi dem kynismen i en verden uten Gud, hvor kun makt og fortjeneste teller», heter det videre. (Les meir)
Eg vil tru boka er interessant for andre enn "katolikkar flest". Men sjølvsagt, – paven har ein heilt spesiell posisjon i katolsk kyrkeliv, og En katolsk weblog skriv i dag både om fødselsdagen og om boka. Sjølv om eg ikkje høyrer til i den katolske kyrkja, vil eg vera med og heidra ein viktig kyrkjeleiar. Eg stiller derfor meir enn gjerne opp i rekka av dei som seier: Gratulerer med dagen!
Oppdatering 21.04:
Få dagar etter utgjevinga blir det meldt om store salgstal for paven si bok. Paven slår Harry Potter melder Vårt Land i dag.
Legg att ein kommentar » |
Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Forkynning, Nyheter / Aktuelt |
Direktelenkje
Posta av Arne
07/02/2007
Utanriksminister Jonas Gahr Støre var på Bryne i går kveld og talte på eit ope møte om religionskonfliktar. Han la vekt på at religion i dag er eit svært viktig tema i internasjonal politikk. Globaliseringa gjer at alt som betyr noko for identitet og tilhørighet, får stor betydning. Men tanken på at me kan dela kvarandre inn i ulike sivilisasjonar, er eit blindspor. Utanriksministeren la vekt på at me heller må satsa på kunnskap og på dialog for å motverka religionskonfliktar. Klokt sagt, spør du meg.
Det var eit interessant møte, og positivt at nesten 150 menneske hadde kome til eit politiske møte med eit slikt tema. Det var Time Arbeidarparti som inviterte til samlinga.
Etter Gahr Støre sitt innlegg hadde Jan Opsal frå Den norske kyrkja og Noor Mohamed Hussain frå Islamsk Råd kortare innlegg til temaet. "Dialog er ekte og sunn bare når me kan snakka ansikt til ansikt om dei vanskelegaste tinga" sa islameksperten Jan Opsal (fritt sitert etter hukommelsen). Han hadde eit godt innlegg ut frå stikkorda komplekse konfliktar, tvetydige roller og representativ dialog.
Jærbladet skriv om møtet under overskrifta God, gammeldags debattkveld.
Les Arbeidarpartiet sitt referat frå møtet her.
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja, Nyheter / Aktuelt |
Direktelenkje
Posta av Arne
02/11/2006
Dåpssalmen Du er Guds barn nett no er i dag kåra til vinnar av salmekonkurransen Nye feiringssalmar.
Teksten er skriven av Emil Skartveit frå Stavanger. Melodien er skriven av Stein Skøyeneie. Dei to arbeider saman i Sagene kyrkje i Oslo.
Du er Guds barn nett no.
Eit glimt av skaparverket
så underfullt å skode.
Du er eit barn av Gud nett no.
Du er Guds barn nett no.
Med vatnet på ditt hovud
og krossen på di panne.
Du er eit barn av Gud nett no.
Du er Guds barn nett no.
Me lyftar deg mot himlen
og ber din engel vakte.
Du er eit barn av Gud nett no.
Kanskje dette er ein salme som me skal ta i bruk i kyrkja her på Bryne?
Les resten av dette innlegget »
3 kommentarar |
Den norske kyrkja, Nyheter / Aktuelt, Prestetenesta, Salmar |
Direktelenkje
Posta av Arne
29/09/2006
Denne helga står Arne Garborg i fokus her i heimen. Kantaten Å hjelp meg du skal framførast i Bryne kyrkje av Jærklang saman med fleire musikarar, resitatør og eit anna kor som kjem på besøk, Evje og Hornnes menighetskor. Komponisten Sigvald Tveit kjem for å dirigera det heile. Grunnen til at dette arrangementet er i fokus for oss nå i helga, er at Inger er sterkt involvert (og eg er ein interessert og imponert ektefelle på sidelinja).
Jærbladet skriv i dag:
- Me gler oss veldig til å få synga, ikkje minst skal det bli spanande med Sigvald Tveit som dirigent, seier Inger Bakke Berge, leiar i Jærklang. Dei står som arrangør for Spor-arrangementet saman med Time Mållag.
- Komponisten sjølv synest det er veldig spesielt å koma til Arne Garborg sin heimkommune å få dirigera kantaten, legg Inger Bakke Berge til.
(…)
«Å hjelp meg du» er eit sitat frå Haugtussa, og er eit bilete på Garborg sitt kompliserte forhold til kristendommen. Sigvald Tveit har sett melodiar til utvalde dikt som handlar om diktaren sin kamp i høve til tvil og tru, naturlyrikken er også representert. Musikken ynskjer å avspegla stemningane i tekstane, og fleire kjende dikt har fått nye melodiar.
(…)
- Det er eit veldig bra initiativ Jærklang har teke, seier Tarald Oma, leiar i Time Mållag. Han er og fornøgd med at mållaget vart invitert til å vera med på samarbeidet. – For oss som arbeider med å få til eit Garborg-senter er dette noko av det beste som kunne skje. Hensikta med senteret er å få eit meir moderne fokus på det Garborg har skrive. Det gjer Sigvald Tveit med å setta nye melodiar til Garborg-tekstane. Skal me halda oppe interessa for klassikarane, må me gjera fornyingar.
Leiaren i Time Mållag meiner det er viktig å utvikla samarbeid med andre organisasjonar – som ledd i å skapa eit Garborg-senter. Folk må koma fram med sine idear.
- Di fleire personar som tykkjer at Garborg er viktig for dei, di sterkare står Garborgsenteret, meiner Tarald Oma.
Les heile artikkelen her.
Eg gleder meg spesielt over at Sigvald Tveit kjem til arrangementet, først og fremst fordi eg trur det blir flott å oppleva han som dirigent. Men også fordi me var saman på Solgården i fjor sommar og det skal bli kjekt å treffa han igjen.
Tittelen på kantaten er henta frå Bøn, eit av dei flotte dikta i Haugtussa. Det finst ei utgåve med lett modernisert språk i Norsk Salmebok nr 448, men her tar eg med diktet i Garborg si eiga språkdrakt:
Aa hjelp meg du som hjelpe kann!
Du ser kor saart eg strider.
Mitt Hjarta trøytt i tunge Band
forutan Von seg vrider.
Mi Naud eg kann kje ut faa sagt;
det vonde fekk so stor ei Magt;
som Brand i Barm det svider.
Ja hjelp meg du som hjelpe kann!
Til deg mi Bøn eg sender.
Du stridde sjølv og yvi vann;
du Myrkje-Magti kjenner.
Mi Naud er stor, min Strid er fæl;
ver hjaa meg du som vil meg vel!
Daa veit eg alt seg vender.
Oppdatering 02.10. Jærbladet skriv i dag:
Garborg-kantaten i Bryne kyrkje lørdag kveld trakk 250 publikummere.
– Vi synes det var veldig bra. Også komponist og dirigent Sigvald Tveit var fornøyd, så det var en veldig flott opplevelse. Vi fikk mange positive tilbakemeldinger etterpå også, både på selve verket og framføringen, sier Inger Bakke Berge fra koret Jærklang, som sto som arrangør sammen med Time mållag.
Legg att ein kommentar » |
Familien, Nyheter / Aktuelt, Salmar |
Direktelenkje
Posta av Arne
22/09/2006
Det er Potetfestival på Bryne denne helga. Ein festival "med fokus på poteter, mat, drikke og kultur". Dette er eit årvisst arrangement, og med det sommarveret me har på Jæren nå i desse dagane (25 grader i dag!), blir sjølvsagt dette ein folkefest av dei heilt store. Det er masse aktivitet i gatene og på torget, der eit stort torgtelt er sett opp. Ikkje minst betyr ein slik festival mykje sosialt liv i sentrum, og i morgon skal eg sjølvsagt bort på torget og drøsa med folk!
Torgteltet blir brukt til mykje forskjellig av løpet av helga, det er f eks både underhaldning, servering og dans. Men sundag morgon sørgjer festivalleiinga for å rydda og reingjera teltet så det er klart for gudsteneste! For kyrkja er også med på Potetfestivalen. Sundag kl 11 flyttar Bryne kyrkje gudstenesta frå kyrkja til torget. Kyrkja er "ei vedkjennande, tenande, misjonerande og open folkekyrkje". Derfor er det flott å vera med og prega programmet på ein så folkeleg festival! På same måte som i fjor, har me presentasjonen av dei nye konfirmantane på denne potetgudstenesta.
Nokre kallar Potetfestivalen for Jæren sin hausttakkefest. Ikkje så dumt! Men dette ordet er jo eigentleg eit kyrkjeleg ord. Det er ein gamal tradisjon å takka Gud for "markens grøde" om hausten, for livsgrunnlaget og alle dei goder som me får frå Skaparen gjennom naturen.
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja, Nyheter / Aktuelt, Prestetenesta |
Direktelenkje
Posta av Arne
18/09/2006
I helga blei det skote mot den jødiske synagogen i Oslo. Dette er totalt uakseptabelt, og heldigvis har regjeringa ved justisministeren gripe fatt i saka i dag og markert sin avsky.
Den norske kyrkja har også sagt tydeleg frå om at alle truande må slå ring om jødane i Norge i denne situasjonen. Eit slikt angrep på eit gudshus kan oppfattast som eit angrep på trusfridomen i landet vårt. Her er pressemeldinga som i dag blei sendt ut frå Oslo biskop og generalsekretæren i Mellomkirkelig Råd:
Skytingen mot synagogen i Oslo denne helga er et alvorlig angrep på jødene i Norge. Som representanter for Den norske kirke vil vi på det sterkeste ta avstand fra den handling som nå er utført mot synagogen, og uttrykke vår støtte til Det mosaiske trossamfunn i denne situasjonen.
Denne handlingen skaper frykt og uro i et fellesskap som den senere tid har vært utsatt for både sjikane og alvorlige trusler. Dette er uakseptabelt og forkastelig, og situasjonen kaller på økt oppmerksomhet overfor alle tendenser til anti-semittisme.
Vi har ikke tidligere opplevd skyting mot gudshus i Norge. Derfor kan dette oppfattes som et angrep på trosfriheten i vårt land. Dette er derfor også et angrep på vårt demokratiske samfunn. Det er dermed en utfordring for alle troende i vårt land, uansett religion og trossamfunn, å slå ring om jødene i denne situasjonen. Dette gjelder grunnleggende verdier i vårt samfunn.
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja, Nyheter / Aktuelt |
Direktelenkje
Posta av Arne
16/09/2006
Frå i dag har Stavanger Aftenblad gått over til tabloidformat. Det er bra!
I kveld har eg lese meg gjennom dagens utgåve, som er på heile 168 sider. Sjølvsagt etter den vanlege avislesar-metoden: Noko les eg med ein gong, noko hoppar eg raskt over og noko bestemmer eg meg for å lesa seinare. Spennings-momentet er alltid om dette siste skjer.
Aftenbladet er viktig for meg og eg prøver å få tid til avisa kvar dag. Likevel vil eg seia at to ting har irritert meg ved avisa. Nå var eg spent på om det var nokon endring å sjå på desse områda.
Les resten av dette innlegget »
Legg att ein kommentar » |
Nyheter / Aktuelt |
Direktelenkje
Posta av Arne
07/08/2006
Når eg har vore på ferie, har eg alltid eit prosjekt gåande som går ut på å bla gjennom avisene eg ikkje har lese, for å sjå om det er noko eg må ha med meg før dei forsvinn i papirinnsamlinga. Noko av det eg stoppa ved denne gongen, var ein artikkel i Vårt Land måndag 31.07 (så vidt eg kan sjå bare i papirutgåva) om ein familie eg kjenner her på Bryne. Dei har nyleg gjennomført eit spesielt og utfordrande prosjekt: Dei har reist til Ecuador og vore voluntørar for Misjonsalliansen i fem veker i sommar!
"Familien Schjelderup valgte slum og regnskog i Sør-Amerika fremfor sydenferie og hytte på fjellet. Hva får en helt vanlig familie til å reise til andre siden av jorden for å møte fattigdommen der?"
Slik opnar artikkelen i avisa, og eg trur eg får innblikk i litt av svaret på dette spørsmålet ved å lesa artikkelen, som blir avslutta slik:
"- Jeg vil oppfordre alle som er interessert i bistand og urettferdighet om å gjøre det samme. Det er interessant og spennende å få se Misjonsalliansens arbeid på nært hold, og vi får stadig mer respekt for dem som jobber her nede. Sett med turistøyne er ikke byen vakker, men det er vel ikke derfor man arbeider her, avslutter Ståle."
Det gjer ikkje så mykje at du ikkje kan lesa heile avisartikkelen på nettet. For familien har skrive eigen blogg under planlegginga og gjennomføringa av turen til Ecuador. Les heller bloggen, som dei presenterer slik: Blogg om fem uker i Ecuador sommeren 2006. En feriestudietur for to voksne og tre barn på 9-16 år. Et framprovosert kulturkrasj, en nær-nøden-opplevelse. Og et dobbeltliv satt på spissen. Les bloggen her!
Eg sit her ved pc’en og tenkjer at dette har eg sansen for! Samtidig sit eg og lurer på kva journalisten frå Vårt Land meinte med å kalla desse fem menneska "en helt vanlig familie" …
2 kommentarar |
Blogging, Nyheter / Aktuelt |
Direktelenkje
Posta av Arne
13/05/2006
Eg har hatt ein interessant dag. Hans Austnaberg, prestekollega her i Time, har i nokre år arbeidd med eit doktorgradsprosjekt. I går hadde han prøveforelesingar og i dag har han forsvart avhandlinga si i faget misjonsteologi på ein disputas på Misjonshøgskolen i Stavanger.
Hans har studert ei spesiell vekkjingsrørsle innan den lutherske kyrkja på Madagaskar. Denne rørsla praktiserer eksorsisme, altså demonutdriving, og Hans har undersøkt koss leiarane i denne rørsla sjølve tenkjer omkring dette og koss dei praktiserer det. Dette har resultert i avhandlinga Shepherds and Demons. A study of exorcism as practised and understood by shepherds in the Malagasy Lutheran Church.
Les Hans Austnaberg sitt eige samandrag av doktoravhandlinga her.
Legg att ein kommentar » |
Nyheter / Aktuelt |
Direktelenkje
Posta av Arne
03/04/2006
– Så vidt jeg kjenner til finnes det ingen nasjonale kristne råd med tilsvarende bredde i verden.
Det var Arnfinn Løyning (frå Frikyrkja) som sa dette i samband med at Norges Kristne Råd og Norges Frikirkeråd nå i helga er slått saman til eit nytt felleskristent organ.
Den norske kyrkja er med i dette nye rådet saman med mest alle andre kristne kyrkjesamfunn i Norge. Her samles alt frå pinsevenner til katolske og ortodokse kristne, og det er eit flott tiltak! Namnet blir truleg Nye Norges Kristne Råd.
Jesus ba denne bøna: "Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg." (Joh 17,21). Sjølv om me ikkje er einige i alt, finst det i dag ei grunnleggjande vilje til å snakka saman, be saman og arbeida saman.
Les resten av dette innlegget »
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja, Nyheter / Aktuelt |
Direktelenkje
Posta av Arne
27/03/2006
I dag, 27. mars, har eg ein stor dag. Det er 50 år til eg fyller 100 år, som klokkaren uttrykte det under gudstenesta i går. Dagen i dag er altså av den kategorien bursdagar som sjølvsagt må markerast skikkeleg!
Faktisk har dagen ført til litt oppstuss allereie. Før helga var Jærbladet (papirutgåva) på banen med eit intervju og på familiegudstenesta i går song heile kyrkjelyden bursdagssong for meg!
I dag har eg ope hus heime på Bryne frå kl 15 og utover ettermiddagen og kvelden. Eg håper mange kjem innom!
Oppdatering kl 08.30:
Eg fekk meg ein god lått ved frukostbordet, då eg fann denne helsinga i Jærbladet:
"Kjære Arne Berge. Gratulerer – 50 år i dag! Ein middeladrande mann, men framleis:
- med sjarmerande smilehol når du snakkar
- ikkje heilt snau på toppen; langt mellom grå hår
- utruleg mange jern i elden
- aktiv fjellvandrar (sjå opp for tre!)
Men du
- fungerer ikkje utan kaffi
- har sviktande hukommelse
- er sjeldan ferdig før i siste liten
- har dårleg gangsyn (sjå opp for tre!)
Glad for å jobba med deg! Helsing alle unge, flotte jenter på kontoret."
Og eg er også glad for å jobba saman med ein gjeng som skapar mykje trivsel på kyrkjekontoret!
Oppdatering etter feiringa:
Eg har hatt ein flott dag! Her har det vore masse folk innom, mykje blomster og mange kjekke helsingar, gåver og meldingar på mobilen! Enda ein gong: Tusen takk!
4 kommentarar |
Nyheter / Aktuelt |
Direktelenkje
Posta av Arne
23/03/2006
Eg var i Sandnes i dag og nytta tida i bilen til å lytta på P2. Den eine vegen fekk eg med meg slutten av P2-akademiet som handla om trofaste kvinner og svikefulle menn i Kongs-Emnerne av Ibsen. Den andre vegen fekk eg med meg eit program om Farin Zahedi, ein iransk forskar som hadde studert Ibsen-dramatiseringar i Iran i perioden frå 1909 (første gong Ibsen blei spelt på eit iransk teater) og fram til revolusjonen i 1979. Det var faktisk interessant!
Og då kom eg jo til å tenkja på at eg slett ikkje har har nemnt her på bloggen at me er inne i eit Ibsen-år. Det vil eg gjera noko med, med ein gong:
Herved er det markert at det i år er 100 år sidan Henrik Ibsen døydde!
Det finst sjølvsagt mykje Ibsenstoff på nettet, – eg nyttar nå bare høvet til å peika ei samling av Henrik Ibsen sine skuespel, som eg fann fram til via JonbloGG. Denne sida har òg ein link til StøpeSkien, ei side med Ibsenformidling for barn og ungdom, og til Per-2-Peer.
Og så kan det jo nemnast at NRK Alltid Ibsen sender nonstop Ibsen-dramatiseringar nå i helga!
Legg att ein kommentar » |
Nyheter / Aktuelt |
Direktelenkje
Posta av Arne
12/02/2006
Vårt Land melder at ein muslimsk-kristen delegasjon i dag reiser til Midt-Austen for å roa ned stemninga etter publiseringa av Muhammed-teikningane. Dei vil informera og gje eit riktig bilete av situasjonen i Norge, og dei vil også vidareformidla orsakinga frå Magazinets redaktør.
Ja, nå treng me menneske som er villige til å gå i dialog! Eg ønskjer dei lukke til med turen, og håper dei oppnår å få gode kontaktar og å nå fram med balansert informasjon.
Relaterte innlegg:
Éin kommentar |
Nyheter / Aktuelt |
Direktelenkje
Posta av Arne
06/02/2006
Gratulerer med dagen! I dag er det samefolket sin dag. Dette er ein felles nasjonaldag for samane over heile Nordkalotten. Dagen har vore markert sidan 1993, og har sidan 2004 vore offisiell flaggdag i Norge.
Les meir på Nesteklikk sine sider: Hurra for samefolkets dag, som også har link vidare bl a til Sametinget.
Les resten av dette innlegget »
Legg att ein kommentar » |
Nyheter / Aktuelt |
Direktelenkje
Posta av Arne
15/01/2006
Ragnar Fjeld frå Bryne (for å vera heilt nøyaktig: Lye) har i helga lagt ut på sin store og lenge planlagte tur aleine på ski frå Lindesnes til Nordkapp. Du kan følgja han på nettsida Norge på langs 2006. Fyrvaktaren på Lindesnes skriv i sin omtale av turen at Ragnar på 23 år kanskje er den yngste som har tatt denne turen aleine nokon gong.
Inntrykket eg får på nettsida og omtalen eg har høyrt om turen på førehand tyder på at turen er godt planlagt. Det er nok også nødvendig! Ragnar vil nok få bruk for alt han har lært om friluftsliv, bl a frå fleire år som aktiv speidar i 1. Bryne KFUM!
Etter at Inger i fjor sykla Nordkapp-Lindesnes aleine, har eg fått eit betre inntrykk av kor langt dette eigentleg er, og eg har ikkje noko behov for å prøva meg på turen sjølv, verken på ski eller sykkel. Men eg vil gjerne vera blant dei som ønskjer GOD TUR og eg kjem til å følgja med på koss det går!
Legg att ein kommentar » |
Friluftsliv, Nyheter / Aktuelt, Reiser |
Direktelenkje
Posta av Arne
13/01/2006
Nå er det muleg å stemma på kva som skal reknast som dei sju "nye" underverka i verda. New 7 Wonders Foundation har sett igang denne kåringa og presenterte ved nyttårsskiftet 21 finalistar. Nå er det opp til oss å stemma, og ved neste årsskifte vil resultatet bli kunngjort.
Biletet frå Istanbul viser Hagia Sofia, ein av finalistane. Hagia Sofia blei bygd under keisar Justinian i 537. I 1453 blei den gjort om til moské og frå 1934 museum både for den kristne og den muslimske perioden i bygningen si historie. Hagia Sofia var i ni hundre år rekna som den største og viktigaste kyrkja i verda. For meg er den framleis først og fremst ei kyrkje.
Dei 21 finalistane er
- Akropolis, Athen, Hellas
- Alhambra, Grananda, Spania
- Angkor, Kambodsja
- Chichen Itza, Yucatan, Mexico
- Kristusskulpturen, Rio de Janeiro, Brasil
- Colosseum, Roma, Italia
- Statuane på Påskeøya, Chile
- Eiffeltårnet, Paris, Frankrike
- Den kinesiske muren, Kina
- Hagia Sofia, Istanbul, Tyrkia
- Kiyomizutempelet, Kyoto, Japan
- Kreml, Moskva, Russland
- Machu Picchu, Peru
- Neuschwanstein slott, Füssen, Tyskland
- Petra, Jordan
- Giza-pyramidane, Egypt
- Fridomsstatuen, New York, USA
- Stonehenge, Amesbury, Storbritannia
- Operahuset, Sydney, Australia
- Taj Mahal, Agra, India
- Timbuktu, Mali
Bakgrunnen for denne kåringa er det gamle omgrepet dei sju underverka i verda. Tanken om dei sju underverka kjem frå den greske antikken og kan førast tilbake til 200-talet f. Kr. Men lista har utvikla seg noko sidan den tid. Det som nå er kjent som dei sju underverka, var alle menneskeskapte monument i det som den gong var den kjente verda (med greske auge):
- Fyrtårnet på Faros ved Alexandria
- Artemistempelet i Efesos
- Zeusstatuen i Olympia
- Kolossen på Rhodos
- Mausoleet i Halikarnassos
- Dei hengande hagane i Babylon
- Pyramidane i Giza i Egypt
Desse underverka var bygde mellom år 2500 f. Kr og 200 f. Kr. Det er bare dei egyptiske pyramidane som framleis finst og som dermed har kunna koma med på den nye lista.
Legg att ein kommentar » |
Nyheter / Aktuelt, Reiser |
Direktelenkje
Posta av Arne