Synagogen i Nasaret

27/11/2009

Notat til søndagens tekst: Lukas 4,16-22a

Synagogen i landsbyen Nasaret i Galilea var staden der Jesus heldt programtalen sin. Herrens Ande er over meg, for han har salva meg til å forkynna ein god bodskap for fattige las han frå profeten Jesaia, og la til: Idag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.

Jesus var godt kjent i landsbyen. Her hadde han vakse opp og truleg også hatt tilhald som ung vaksen mann. Nå hadde han vore borte frå Nasaret ei tid, og ryktet fortalde at han drog rundt i bygdene i Galilea og underviste i synagogane. Folk var nysgjerrige og undrande. Koss skulle dei forhalda seg til denne mannen som dei hadde kjent frå han var liten og som nå stod fram som ein utsending frå Gud? Forkynninga hans vekte motstridande reaksjonar. Det heile endte med at han blei jaga frå heimstaden sin. (Kom han forresten nokon gong tilbake?)

Nasaret på Jesu tid

Nasaret var ein liten landsby. Oppslagsdelen i NT05 seier at det truleg budde 120-150 menneske her. Fartein Valen-Sendstad reknar med at det budde omlag 200-400 menneske her, dvs nokre storfamiliar (Palestina på Jesu tid, s 202). Landsbyen låg 6-7 km frå hovudstaden Tsippori, der det er gjetta at Josef (og dermed sikkert også Jesus under oppveksten) arbeidde som bygningsarbeidar. Det er påvist at Nasaret hadde jødisk befolkning, ved at arkeologar har dokumentert spor etter fire viktige indikatorar på jødisk busetnad (reinsingsbad, steinkar, jødiske gravskikkar og mangel på spor etter gris).

Nazareth Village

Nasaret er i dag ein arabisk by. Midt i byen er det bygd opp ein rekonstruert landsby, Nazareth Village, som skal visa tilreisande koss staden kan ha sett ut på Jesu tid. Staden er bygd på YMCA sin eigedom, som må vera den einaste grøne lunga i byen. Dei evangeliske kristne som driv staden, meiner dei har bygd den opp på vitskapleg grunnlag. Synagogen dei har bygd, er forma med utgangspunkt i utgravingane av synagogane i Gamla og på Masada, som begge er frå denne tida.

Based on solid New Testament scholarship and the most up-to-date archaeology, Nazareth Village brings to life a farm and Galilean village, recreating Nazareth as it was 2,000 years ago. (Les meir)

Synagogar på Jesu tid

NT fortel om at Jesus forkynte i synagogen i Nasaret. Vidare finst det fleire tekstar som fortel om at han verka i synagogen i Kapernaum. Forskarar er likevel ueinge om kva form og funksjon synagogen hadde på Jesu tid. Det er ikkje funne mange spor av synagogebygningar frå denne tida.  Det er likevel vanleg å seia at synagogen var ein viktig institusjon i jødisk kultur heilt tilbake til tida etter heimkomsten frå fangenskapen i Babylon 538 f.Kr.

(Nokre få synagogefunn blir datert til det første hundreåret, sjå f eks notatet om synagogen i Magdala.)

Oppslagsdelen i Studieutgåva av NT skriv bl a:

Det er usikkert når man begynte å sette opp egne synagogebygg; muligens var det på NTs tid. I det første årh. e. Kr. fantes det synagoger alle steder det bodde jøder, både i Palestina og i øvrige deler av Romerriket. Synagogene ble brukt til gudstjenester, skriftstudium og skole.

Fartein Valen-Sendstad byggjer si framstilling på arkeologar som meiner at det neppe var eigne synagogebygningar i landsbyane i Galilea på denne tida. Han skriv:

Begrepet synagoge betydde da heller ikke på Jesu tid en fast religiøs institusjon og en bestemt bygning med klassiske kjennetegn. Det skjedde først etter at tempelet falt i år 70 e. Kr. Termen synagoge refererte til offentlige sammenkomster. Folk kom regelmessig sammen på ulike plasser som større husrom, åpne områder, eller gårdsrom. Her ble det inngått ekteskap, utført omskjæringer og oversatt skrifter høyt fra hebraisk til arameisk, og eldre ble rådført og tradisjonene diskutert. (Palestina på Jesu tid, s 205)

Jesus og den jødiske gudstenesta

Teksten i Luk 4 gjev eit levande bilde av at Jesus var jøde og heilt naturleg deltok i jødisk gudstenesteliv:

Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta, og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står: (…) Så rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle som var i synagogen, heldt auga feste på han. (Luk 4, 16-17 og 20)

Studieutgåva av NT forklarer:

Til gudstjenesten i synagogen hørte tekstlesning fra den hebraiske Bibelens to første deler, loven og profetene, etterfulgt av en fri oversettelse til folkespråket og en skriftutlegning tilsvarende vår tids preken. Disse oppgavene kunne i prinsippet overlates til hvilken som helst jødisk mann (jf Apg 13,15). Den som ble kalt fram, stod under skriftlesningen, mens skriftutlegningen ble gjort sittende (v 20-27). Luk 4,16-28 er den eldste kjente beretningen fra en synagogegudstjeneste.

Jesu forkynning

Kva var det Jesus forkynte, og kva var det folket i Nasaret reagerte så sterkt på? Lukas gjengjev dessverre ikkje heile talen hans. Men teksten gjev oss nokre interessante utsegn i versa 21 og 23-27. Dessutan er sjølvsagt Jesu høgtlesing frå profeten Jesaia svært viktig (v 18-19).

Det kan sjå ut som om forkynninga dreidde seg om to tema:

  • Jesus forkynner at han sjølv representerer oppfyllinga av frelsesløftene i GT (v 21). Sitatet frå Jes 61 er viktig. Det gir uttrykk for Jesu syn på seg sjølv og på tenesta som Messias, han som er salva. Det er også interessant at Jesus seier oppfyllinga skjedde der og då, mens han tala.
  • Jesus forkynner at Guds omsorg går ut over det utvalde jødiske folket og han antyder truleg ved dette at ikkje-jødar kan ta i mot bodskapen hans (v 23-27). Her brukar han to kjente gamaltestamentlege historier som eksempel; enkja i Sarepta (1. Kong 17,7 ff) og syraren Na’aman (2. Kong 5,1 ff).

Underleg nok verkar det som om det andre punktet var meir provoserande enn det første!


Ricinusbusken

14/08/2009

Notat til dagens tekst: Jona 4,1-11

Då lét Herren Gud ein ricinus-busk veksa opp over Jona og kasta skugge over hovudet hans, så han kunne verta kvitt mismodet sitt. Jona hadde stor glede av ricinus-busken. (v 6)

Eg skal ikkje gå inn på heile samanhengen her, bare seia at Jonaboka er eit glimrande eksempel på ca 2500 år gamal forteljarkunst og at “boka” (2,5 sider i Bibelen) er overraskande, underhaldande og alvorleg. Dessutan seier den oss mykje om Guds omsorg for menneske (og dyr).

Men kva slags busk er denne ricinusbusken? På hebraisk heiter den kikayon, ei enkel norsk omsetjing er oljeplante.

Store Norske Leksikon skriv:

Oljeplante, Ricinus communis, tropisk planteart i vortemelkfamilien. Spredt overalt i tropene, der den blir treaktig. I kjøligere strøk, som i Norge, blir den dyrket som ettårig. Bladene er håndlappet, og blomstene sitter samlet i topper, nederst hannblomster, øverst hunnblomster. Frukten er en pigget kapsel med tre bønnestore, giftige frø. Av frøene utvinnes ricinusolje, se ricin.

Oljeplante kalles i Bibelen (Jona 4,6) kikajontre, som Vårherre lot vokse opp til skygge og belærelse til profeten.


Tyros og Sidon

08/03/2009

Notat til dagens tekst: Matt 15,21-28

Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyros og Sidon.

Slik begynner det som er preiketekst i dag på 2. søndag i faste, og teksten skildrar dermed ei av Jesu reiser ut av Israelslandet.

Tyros og Sidon er to gamle byar, som nå ligg i Libanon. Dei to byane blir ofte nemnte saman i NT. Byane har sjølvsagt ikkje hovudfokus i teksten, men dei dannar den geografiske ramma for forteljinga om Jesu møte med “den kanaaneiske kvinna”. Eg vil her gjera nokre notat om koss desse byane dukkar opp i ulike samanhengar i NT.

Lukas skriv i evangeliet sitt at det var folk frå Tyros og Sidon i den store mengda med menneske som samla seg om Jesus då han heldt Slettepreika (som tilsvarar Bergpreika hos Matteus):

Så gjekk han nedover att i lag med dei og vart ståande på ei slette. Der var ein stor flokk av disiplane hans samla og ei mengd med folk frå heile Judea og Jerusalem og frå sjøbygdene ved Tyros og Sidon. Dei var komne og ville høyra han og bli lækte for sjukdomane sine. (Luk 6,17-18a)

Apostelgjerningane fortel at det tidleg blei danna Jesustruande forsamlingar, som Paulus hadde kontakt med, i desse byane.

Då Paulus på slutten av den tredje misjonsreisa si var på veg frå Milet (avskjeden med dei eldste i Efesos) til Jerusalem, kom båten han reiste med i land i Tyros. Der oppsøkte han dei kristne, som her blir kalla “disiplane”,  og blei verande hos dei ei veke mens skipet lossa:

Då vi hadde rive oss laus frå dei, la vi frå land og segla beint til Kos, dagen etter til Rodos og derifrå til Patara. Der fann vi eit skip som skulle over til Fønikia. Vi gjekk om bord og la ut att. Då vi fekk Kypros i syne, heldt vi til høgre for øya og segla mot Syria. I Tyros la vi til land, for skipet skulle lossa. Vi leita opp disiplane og vart verande der i sju dagar. Drivne av Anden sa dei til Paulus at han ikkje måtte dra opp til Jerusalem. Då dagane våre der var til ende, heldt vi fram på reisa. Alle følgde oss ut av byen, med koner og born. På stranda bøygde vi kne og bad, før vi sa farvel til kvarandre. Vi gjekk om bord i skipet, og dei vende heim att. (Apg 21,1-6)

Seinare, etter arrestasjon i Jerusalem og fangeopphald og forhøyr i Cæsarea, blei Paulus sendt til Roma. Han hadde, som romersk borgar, anka saka si til keisaren. Den lange og farefulle reisa med båt over Middelhavet blir relativt grundig skildra i Apostelgjerningane (kap 27). Dagen etter at dei har forlate Cæsarea, er dei innom hamna i Sidon. Der får Paulus lov til å besøkja dei kristne, som her blir kalla “venene”:

Då det var avgjort at vi skulle segla til Italia, gav dei Paulus og nokre andre fangar over til ein offiser med namnet Julius frå Den keisarlege hæravdelinga. Vi gjekk om bord i eit skip frå Adramyttium som skulle til hamnene i Asia, og la så ut. Saman med oss var makedonaren Aristarkos frå Tessalonika. Dagen etter la vi til land i Sidon. Julius var venleg mot Paulus og gav han lov til å vitja venene sine og nyta godt av deira omsorg. Vi sette til havs att og segla i le av Kypros, fordi vinden bar imot. Så segla vi over havstykket utanfor Kilikia og Pamfylia og kom til Myra i Lykia. Der fann offiseren eit skip frå Aleksandria som skulle til Italia, og han sette oss om bord i det. (Apg 27,1-6)

Desse to bibeltekstane handlar om Paulus sine reiser på 50- og 60-talet. Dei kristne forsamlingane som han møter i Tyros og Sidon, hadde kanskje bakgrunn i forfølginga i Jerusalem like etter at Stefanus blei martyr på 30-talet, sjølv om byane ikkje låg i Judea eller Samaria:

Same dagen braut det ut ei hard forfølging mot forsamlinga i Jerusalem. Alle så nær som apostlane vart spreidde omkring i Judea og Samaria. (…) Dei som var spreidde omkring, drog rundt og forkynte Ordet. (Apg 8, 1 og 4)

Kanskje er det også ein samanheng mellom desse tidlege kristne forsamlingane og evangelieforteljingane som tyder på at mange i “landet kring Tyros og Sidon” møtte Jesus og høyrde forkynninga hans?

Til slutt vil eg peika på at det dagens tekst eigentleg handlar om, er koss Jesus møtte ei kvinne som ikkje tilhøyrde det jødiske folket. Teksten er ikkje enkel å forstå. Jesus seier tydeleg at hans eige folk (jødane) står i fokus for verksemda hans. Men han hjelper likevel denne kvinna, på grunn av trua hennar. Sidan gjev Jesus disiplane misjonsoppdraget om å gjera alle folkeslag til disiplar.


Apostelen Mattias

24/02/2009

Notat til dagens tekst: Apgj 1,15-26

I første kapittel av Apostelgjerningane står historia om då Mattias blei valt til apostel som erstatning for Judas Iskariot.

I dag (24. februar) er det Mattismesse etter gamal kalender og namnedag for dei som heiter Mattias og Mathias.

Dette veit me ut frå bibelteksten om apostelen Mattias:

  • Han var ein jøde som trudde på Jesus, altså det me i dag ville ha kalla ein messiansk jøde. På dette tidspunktet gjaldt det alle dei som tilhøyrde urkyrkja, det første Jesustruande fellesskapet. Den første ikkje-jøden som blei døypt, møter me først i Apgj 10.
  • Han hadde vore saman med Jesus og disiplane heilt frå den gong Jesus blei døypt i Jordan og til himmelfarten. Kanskje han var ein av dei 72 disiplane i den utvida disippelflokken (Luk 10,1)? Evangelia gjev fleire gonger inntrykk av at det var mange saman med Jesus og dei tolv, men oppgjev sjeldan namn. Mattias er altså ein av dei mange som har gått namnlaus gjennom alle historiene i evangelia.
  • Han blei etter Kristi himmelfart valt til apostel som erstatning for Judas Iskariot, og blei etter dette rekna som apostel saman med dei elleve.

Då Mattias blei apostel, var det Peter som leia utvelginga. Det var 120 menneske samla (v 15). I denne forsamlinga var det “nokre menn” som fylte kriteria (v 21-22) og av desse blei to kalla fram: Josef Barsabbas og Mattias (v 23). Mattias blei valt ved loddkasting. For oss kan det verka merkeleg ved eit så viktig val, men bibelteksten viser oss at det i denne forsamlinga var eit naturleg middel til å avgjera kva som var rett eller i samsvar med Guds vilje, i tråd med gamaltestamentleg tradisjon (jfr historia om då Saul blei konge, 1. Sam 10,20-24).

Den katolske kyrkja har ein helgenbiografi som inneheld mykje tradisjonsstoff om Mattias her.


Paulus sitt juleevangelium

28/12/2008

Notat til søndagens tekst: Gal 4,4-7

Denne teksten er på ein måte Paulus sin versjon av juleevangeliet! Det handlar om at Gud på ei bestemt tid sendte Sonen sin som eit menneske i ein bestemt menneskeleg samanheng og med ein bestemt hensikt.

Paulus skriv:

Men då tida var fullkomen, sende Gud sin eigen Son, fødd av ei kvinne, fødd under lova. Han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så vi kunne få retten til å vera Guds born. (v 4-5)

Eg merkar meg at Paulus tar med to spesielle uttrykk som forklarer ulike sider ved Jesu kome:

  • fødd av ei kvinne, det vil seia at Guds Son kom som eit menneske
  • fødd under lova, det vil seia at han kom som jøde

Desse to versa frå Galatarbrevet er blitt kalla “den fortellingsmessige grunnstrukturen i Paulus’ teologi”:

Når vi skal se nærmere på hva grunnstrukturen i apostelens teologi er, tar vi utgangspunkt i en iakttagelse som vi henter fra tekstene ovenfor: Vi finner biter av en fortelling: Jesus som døde, ble oppreist fra de døde, Gud står bak det hele. Alt dette er elementer i en fortelling. Det dreier seg om biter av grunnfortellingen som representerer det univers som all Paulus’ teologi utfolder seg i rammen av: det er fortellingen om Guds handling til frelse i Jesus Kristus. Den fortellingsmessige grunnstrukturen i Paulus’ teologi kommer klart frem i Gal 4,4-5. I denne teksten finner vi de elementer som skal til for å tale om en fortelling. Her er ulike aktører. Scenen settes ved en tidsangivelse, og fortellingen har et klart mål eller hensikt. Det samme kan vi si om Rom 8,3: “For syndens skyld sendte han (Gud) sin egen Sønn i syndige mennesker skikkelse og holdt dom over synden i vår natur”. Vi er så fortrolige med dette som tunge teologiske utsagn, at vi knapt legger merke til at det er grunntrekkene i en fortelling Paulus gjengir: Fortellingen om hvordan Gud gjorde opp med synden. (…) Paulus gjengir aldri denne fortellingen in extenso, det vil si i sin helhet. Men han siterer stadig deler av den, og viser til den som basis og utgangspunkt for det han skriver.”  (Karl Olav Sandnes: I tidens fylde. En innføring i Paulus’ teologi. Oslo 1996, side 82-83)

Eg merkar meg også at professor Sandnes faktisk brukar eit uttrykk frå desse versa som tittel på boka si.

Eg vil seia at eg undrar meg litt over bibelomsetjinga på akkurat dette punktet. Der den nynorske teksten har uttrykket “då tida var fullkomen”, blir bokmålsteksten omsett “i tidens fylde”. Har ikkje eigentleg desse to uttrykka litt ulik valør?

Men då tida var fullkomen, sende Gud sin eigen Son, fødd av ei kvinne, fødd under lova. Han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så vi kunne få retten til å vera Guds born.



Siloadammen

28/09/2008

Notat til dagens tekst: Joh 9,1-7 og 35b-38

Så sa han: «Gå og vask deg i Siloadammen.» Siloa tyder utsend. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå.

(Joh 9,7)

Delar av Siloadammen frå nytestamentleg tid er i dag graven fram og gjort tilgjengeleg i Davidsbyen i Jerusalem. Eg tok dette biletet på staden i oktober 2007.

På Jesu tid låg denne dammen innanfor bymurene og dette var kanskje den einaste staden med friskt og rennande vatn. Vatnet blei ført fram til dammen gjennom Hiskias tunnel frå Gihonkjelda i Kedrondalen.

“Den vanlege oppfatninga er at Siloadammen hadde ein viktig funksjon som reinsingsbad (miqveh) for folk som skulle opp til tempelet, ikkje minst når det i dei tre jødiske høgtidene kom tusenar av pilegrimar til byen.” (Les meir)

Bibelteksten i Joh 9 handlar om ein mann som var født blind og som fekk synet igjen ved eit møte med han som er lyset i verda (Joh 8,12). Mannen møtte mykje motgang og vanskar fordi helbredinga hadde skjedd på ein sabbat. Forteljinga sluttar med at han møter Jesus igjen og blir ein disippel av han. På den måten blir bibelteksten eit møte med ein mann som ser lyset i dobbelt forstand.

Det er 20. søndag etter pinse i dag, og teksten er ei forkorta utgåve av forteljinga frå Johannesevangeliet. Ein bør helst lesa heile kapittelet for å få med seg alle poenga i teksten. I forslaget til ny tekstbok for Den norske kyrkja er denne teksten flytta til 4. søndag i openberringstida (2. rekkje).