Caspari Center, 12/2009

05/12/2009

Caspari Center i Jerusalem har lagt ut eit norsk nyhetsbrev her.

  • Knut Helge Høyland skriv om koss han ser for seg at senteret best mogleg kan tena den messianske bevegelsen dei komande åra.
  • Alec Goldberg skriv om jula i Jerusalem. Jul er ikkje ei jødisk høgtid, men han fortel at det er blitt meir vanleg at sekulære jødar oppsøkjer kristne kyrkjer i jula for å oppleva feiringa der.

Besøk i Immanuelskyrkja

20/10/2009

Shalomtur frå Bryne kyrkjelyd 2009Christian, presten i Immanuelskyrkja i Tel Aviv/Jaffa, skreiv nyleg dette på bloggen sin:

Forleden havde vi fornøjelsen af at have en gruppe på 35 mand fra en norsk menighed på besøg. Immanuelkirken har en særlig plads i deres hjerte; de støtter os i forbøn og finansielt. Med udgangspunkt i at de ønskede at besøge os, fik de således stablet en Israelstur på benene. Det var en dejlig oplevelse at møde denne flok varme mennesker, som vi af gode grunde ikke kendte, men som lyste langt væk af kærlighed til denne vores lille menighed. Det giver mig lyst til at udtrykke en generel tak til ALLE, der på en eller anden måde tænker os med i forbøn og/eller givertjeneste. TAK! (les meir)

Dette dreier seg om kyrkjelydsturen som eg nyleg har kome heim frå. Og eg kan bekrefta at “fornøjelsen” var minst like stor frå vår side. For norske lesarar kan eg også bekrefta at gruppa på “35 mand” bestod av både kvinner og menn med stor aldersspreiing, jfr gruppebildet me tok utanfor kyrkja.

Det var kjekt å koma tilbake til kyrkja og fint å få treffa Lisbeth og Christian og barna deira ansikt til ansikt, ikkje bare gjennom bloggen deira. Dei fleste i gruppa var i Immanuelskyrkja for første gong, og mange gav uttrykk for at det var viktig for dei å koma dit. Takk for at du, Christian, og kyrkjelyden tok så flott i mot oss!

Immanuelskyrkja, Tel Aviv/JaffaMe var innom kyrkja to gonger. Først fredag ettermiddag då me fekk høyra om kyrkja og livet i kyrkjelyden. Og så dagen etter (laurdag = sabbat i Israel) var me tilbake på hebraisk/engelsk gudsteneste. Det var mykje som gjorde inntrykk på gruppa vår. Mange la spesielt merke til kor samansett kyrkjelyden i Immanuelskyrkja er, med aktive deltakarar frå alle fem kontinent! Men først og fremst var det ei stor oppleving for oss å delta på ei gudsteneste med fokus på Jesus som Messias, midt i ein jødisk kontekst. Dette var så tydeleg heilt frå opninga av gudstenesta, då alle barna i kyrkjelyden var framme og fekk tenna lys på den sjuarma lysestaken på altaret. I denne samanhengen er det å tenna denne lysestaken i seg sjølv eit viktig vitnesbyrd om trua på Messias.

Tårnet i Immanuelskyrkja blir restaurert, foto: Arne Berge 2009I tillegg er sjølve kyrkjebygget ei lita perle, med eit lyst kyrkjerom med vakre glassmaleri av Victor Sparre og med ein liten hage som blir godt utnytta til kyrkjekaffi og fellesskap etter gudstenestene. Frå gata utanfor er det sjølvsagt restaureringa av tårnet som blir lagt mest merke til for tida.

Tårnet i kyrkja var nå i så dårleg forfatning at det måtte reparerast. Det er Den Norske Israelsmisjon som har ansvar for kyrkjebygget, og som har tatt på seg det økonomiske ansvaret for å få orden på dette.

For den som ønskjer eit besøk i Tel Aviv/Jaffa nå i haust, vil eg anbefala ein langweekend i byen, arrangert av Israelsmisjonen i samband med at det er 60 år sidan organisasjonen sitt arbeid i Israel starta opp.


Caspari Center, 09/2009

29/09/2009

Eg har nettopp mottatt nyheitsbrev frå Caspari Center. Les gjerne heile brevet.

Her er eit lite utdrag frå eit avsnitt der styreleiar Jim Galvin skriv om koss engasjementet for CC har endra livet hans:

Bibelen kom til liv
”Enhver som besøker Israel, meg inkludert, vil få en sterk opplevelse av stedene der Jesus og disiplene virket. Bibelen blir levende på en ny måte når en besøker stedene hvor det faktisk skjedde. Etter mitt besøk i Israel, leser jeg bibelen på en ny måte.”

Å bli kjent med troende jøder i Israel
Jim forteller at det var en veldig sterk opplevelse å bli kjent med jøder som tror på Jesus, i ulike menigheter i Israel. ”Jeg fikk oppleve deres glede over Messias, deres engasjement og ønske om å tjene ham, og den gleden de viste i tjenesten på tross av sterk motstand fra samfunnet rundt. Den opplevelsen forandret meg.”

Evangelisering er mulig
”Den tredje oppdagelsen jeg fikk gjennom min involvering med Caspari var at evangelisering er en reell mulighet i Israel. Selv om det finnes et stort ortodoks jødisk miljø i Israel som er sterke motstandere av messianske jøder, er en stor del av befolkningen mer sekulær, og mange av disse, både jøder og arabere, leter etter noe som kan gi
dem en mening med livet.” ”De fleste israelere har ingen interesse av å bli ultra-ortodokse, så da vender de i stedet til New Ageåndelighet, budhisme eller hinduisme for å fylle sine åndelige behov. De messianske menighetene har gode muligheter for å lede disse søkende menneskene til sannheten i Guds ord og la dem få høre om fredsfyrsten Jesus.”

Vennskap mellom jøder og palestinere
Til sist, er Jim utrolig imponert over relasjonene mellom messianske jøder og kristne arabere. ”Disse to
gruppene er forenet i troen på Jesus og fylt med kjærlighet og forståelse for hverandre, og jobber i
mange tilfeller sammen for å presentere Jesus for menneskene rundt seg. Det er spennende å se
hvordan Gud bruker Caspari Center, gjennom det lokale styret, ledertreningskurs og
sabbatskoleseminar for å bringe jøder og arabere sammen i tjenesten for Guds rike.”

”Vi har en fantastisk mulighet til å gjøre forskjell i Israel” sier Jim.


Caspari nyhetsbrev juni 09

06/06/2009

Caspari Center i Jerusalem er eit kunnskapssenter som arbeider for å trena og utrusta truande og leiarar i messianske forsamlingar i Israel. Senteret er nært knytt til Den Norske Israelsmisjon.

Les det siste nyhetsbrevet deira på norsk her.


Israel Education Forum

14/03/2009

Messianske jødar og arabiske kristne i Israel har gått saman om å danna Israel Education Forum. Eg syns det er flott at trua kan skapa gode relasjonar mellom folk som i ein konfliktfylt situasjon lett kunne hatt eit negativt bilete av kvarandre. Dei ser at dei har felles utfordringar og at skulane deira kan ha nytte av å stå saman og samarbeida.

Globalization in general leads to openness and that will lead to unprecedented exposure of the Christian message worldwide. That is true in Israel too but this message will be faced with layers and layers of stereotypes and a long history of prejudice. The Israel educational forum will have to deal with these layers in a fresh and creative way in order to make the message of Jesus known and accepted in the same spot where He lived.

Det er arabaren Botrus Mansour frå Nazareth Baptist School som svarar slik på eit spørsmål om kva som er den største utfordringa som møter arabiske kristne og messianske truande når dei skal formidla evangeliet til neste generasjon.

Sjå artikkelen Messianic, Evangelical Educators Create New ForumChristianityToday liveblog.


Om messianske jødar i Jerusalem Post

07/03/2009

Jerusalem Post hadde for nokre veker sidan ein magasinartikkel om fenomenet messianske jødar, altså jødar som trur på Jesus. Eg syns det er interessant å lesa koss dei messianske jødane, som eg reknar som søsken i trua, blir omtalt og forstått av ein israelsk kommentator.

Skribenten Lerry Derfner har i arbeidet med artikkelen hatt kontakt med mange ulike messianske forsamlingar og med den jødiske antimisjonsorganisasjonen Yad L’Achim. Generelt skriv han faktisk ganske positivt om den messianske rørsla og gir inntrykk av at han har måtta revurdera sitt syn på dei Jesustruande i kontakten med dei. Han kjenner seg meir uvel i møte med Jews for Jesus, som er ein aktiv evangeliserande organisasjon innanfor den messianske rørsla.

Han har, så langt eg veit, god informasjon om kor mange messianske jødar det er i Israel. Han oppgir at det er omlag 100 forsamlingar med tilsaman ca 7.000 truande (dvs ca 1 promille av innbyggjarane i landet).

Artikkelen er skriven på hebraisk av Larry Derfner, og omsett til engelsk i Caspari Media Review 03.03.2009:

Despite what most people think, the terms ‘Jews for Jesus’ and ‘Messianic Jews’ are not interchangeable. Jews for Jesus is an organization made up of Messianic Jews who actively proselytize, handing out leaflets and taking out newspaper ads. Their proactive approach makes many if not most Messianic Jews, at least in Israel, uncomfortable . . . My own impression of the Messianic Jews, though, is that they are a benign bunch – native Israelis and immigrants who usually came from outside society’s mainstream, who were spiritually hungry and found a new ‘faith community.’ Of the estimated 7,000 Messianic Jews here, as many as half are recent Russian immigrants who were not raised Jewish . . . The Messianics aren’t a cult, either. They have no single leader or even a leadership team, and none of them is considered by any means divine, or closer to God than others, or possessed of divine powers. Each of the 100 or so congregations is effectively a community unto itself . . . They maintain no closed commune or retreat where new converts are brainwashed or ‘love-bombed,’ the newcomers are not kept away from their families or friends, and anyone who wants to leave the community, leaves. While Jews for Jesus are the only ones who proselytize strangers in the street, Messianics are candid about talking up Jesus to any Jew (or gentile) who shows an interest . . . But their religion is indistinguishable from evangelical Christianity; they speak of themselves as ‘Messianics’ or ‘believers’ more than as ‘Messianic Jews.’ They pray in evangelical Christian churches and evangelical Christians pray in their congregations – they prefer not to use the term ’synagogues’ – with no changes in text or ritual necessary . . . The Messianics say it’s only militant Orthodox Jews who give them problems; the mainstream Israeli Jews they live among are completely tolerant . . . Although society leaves the community largely to itself, when interest is shown, it’s largely negative. When I began approaching Messianics for this story in December, I ran into a lot of suspicion . . . I came armed with references from the community, but even my references were wary . . . The Bnei Brak-based Yad L’Achim, which considers Messianics to be law-breaking ‘missionaries’ and ‘cultists,’ makes no bones about doing everything legally possible to make these people’s lives miserable. In an interview in 2005, the organization’s aged leader, Rabbi Shalom Dov Lifschitz, told me: ‘When we find out about a missionary, we publicize his identity on posters, newspapers ads, by word of mouth. We don’t even have to phone up his place of work – a lot of Jewish employers don’t want to be involved with missionaries . . . So seeing an ad in the newspaper is enough for [the employer] to fire him. But not all employers will do this.’ . . . Yad L’Achim fully acknowledges sending undercover spies into the Messianics’ congregations, reporting on them to the Interior Ministry to prevent members from entering the country, making aliyah or getting citizenship.


Israelsmisjonen

19/01/2009

dni-logoEg møter mange slags spørsmål frå folk som høyrer at eg er engasjert i Israelsmisjonen. Kva driv me eigentleg med? Kva haldningar står me for i konflikten mellom Israel og Palestina? Kva slags organisasjon er dette?

I helga var eg på Gran på Hadeland, på Rådsmøte i Israelsmisjonen. Nærare førti tillitsvalde og tilsette medarbeidarar var samla til ei helg med drøftingar omkring arbeidet i organisasjonen. Det blei ei flott og inspirerande helg!

Eg opplever at Israelsmisjonen er ein organisasjon med stor takhøgde for ulike synspunkt og meiningar. Ungdomane har sitt eige nettverk i return2sender og dei er med på å prega tenkninga i organisasjonen. Det gir håp for framtida! Hovudfokuset vårt er at det jødiske folket skal få møta evangeliet om Jesus og sjå at han er den Messias som GT handlar om. Derfor driv me med misjon, diakoni og freds- og forsoningsarbeid, i samarbeid med messianske jødar. Hovuddelen av dette arbeidet skjer i Israel, men me har faktisk engasjement i sju land!

Viss du er interessert i å finna ut meir om dette, er det mykje stoff på nettet, og nettsida er under stadig utvikling. Eg vil f eks foreslå å lesa om Hege Wendel Høyland, som er sendt ut som medarbeidar i Jerusalem. Ho arbeider i ein diakonal organisasjon som hjelper valdsutsette familiar.

Neste veke har Israelsmisjonen besøk av ein kristen palestinar som me samarbeider med, Salim Munayer. Han er leiar av Musalaha, ein organisasjon som arbeider for forsoning, først og fremst mellom messianske jødar og palestinske kristne. Eg har truffe han nokre gonger i Israel, men får dessverre ikkje høve til å delta på nokre av arrangementa denne gongen. Sjå meir om besøket her.

I forhold til landet Israel, er eg opptatt av at det jødiske folket skal ha ein trygg stad å bu i Midt-Austen. Eg ønskjer å vera ein venn av Israel. Men det betyr ikkje at eg er einig med den israelske politikken til ei kvar tid. Ekte venner må ha lov å vera ueinige! Israel er eit demokrati, ikkje eit teokrati. Gud styrer ikkje gjennom den israelske regjeringa på annan måte enn gjennom den norske regjeringa. Eg tenkjer at det er nødvendig at israelarane kjem fram til politiske løysningar som fører til ein fredeleg sameksistens med det palestinske folket, som også høyrer heime i dette området.

Når det gjeld den aktuelle konflikten i Gaza og dei store demonstrasjonane i Oslo, har generalsekretæren uttalt seg på vegne av organisasjonen, sjå Midtøstenkonflikt på norsk. På Rådsmøtet i helga blei det dessutan vedtatt ein resolusjon om støtte til norske jødar som opplever å bli møtt med fiendtlege haldningar i mange samanhengar i samfunnet vårt. Eg kjem tilbake til teksten på denne resolusjonen, når den blir tilgjengeleg på nettet.

Til slutt: Eg syns at eg har lært utruleg mykje interessant om den kristne trua sin jødiske røter gjennom Israelsmisjonen. Den som er opptatt av slike spørsmål, kan sjå på artikkeloversikta under overskrifta teologi.


Anno Domini 2009

01/01/2009

Eg ønskjer alle lesarar av bloggen eit godt nytt år!

Nyttårsdagen er Jesu namnedag. Teksten for dagen:

Då åtte dagar var gått og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus. Det var det namnet engelen hadde gjeve han før han var komen i mors liv. (Luk 2,21)

Namnet Jesus er ei gresk form av det hebraiske namnet Yeshua som betyr Herren frelser.

I Israel blir Jesus i dag oftast omtalt som Yeshu, som er ei kortform av ei forbanning! Messianske jødar er derfor svært opptatt av å spreia informasjon om at han eigentleg heiter Yeshua, eit namn som set han i den rette samanhengen.


Nyhetsbrev frå Caspari Center

29/11/2008

Caspari Center i Jerusalem utrustar neste generasjon av Jesus-truande jødar. Les senteret sitt siste nyhetsbrev (på norsk!) her.

Nyhetsbrevet har denne gongen hovudfokus på dei messianske jødane med etiopisk bakgrunn.


Det israelske og palestinske bibelselskapet

13/09/2008

I desse dagar er det besøk her i Norge frå det israelske og det palestinske bibelskapet. Denne helga er utsendingane her i Stavanger-distriktet, neste veke reiser dei vidare til Bergen og til Oslo/Austlandsområdet. Tema for møta dei skal delta på dei næraste dagane er: I forsoningens tjeneste blant palestinere og israelere.

Eg har tidlegare truffe desse folka i Israel, og veit at dei har eit viktig budskap og mange interessante historier å fortelja. I morgon kveld vil eg på møtet i Stavanger for å lytta til dei.

Desse gjestene frå Midt-Austen arbeider med å spreia Bibelen blant kristne, jødar og muslimar i ein krevjande situasjon i Israel og dei palestinske områda. På mange måtar kan me seia at dei lever under “dobbelt eld” ved at dei står saman som kristne søsken, midt i striden mellom jødar og muslimar:

  • Victor Kalisher, messiansk jøde, har arbeidd i Bibelselskapet i eitt år nå etter at han kom frå databransjen. Han har vakse opp i Jerusalem som andre generasjons messiansk jøde.
  • Andy Ball, messiansk jøde, har bakgrunn som gullsmed, men har dei siste 20 åra drive bibelbutikk i Tel Aviv.
  • Labib Madanat, kristen palestinar, kjem frå Jerusalem. Han var tidlegare generalsekretær for det palestinske bibelselskapet og er nå utviklingsdirektør for begge desse bibelselskapa. Han stod svært nær Rami Ayyad som blei martyr på Gazastripen for snart eit år sidan. Labib kjem til Norge først om nokre dagar, så eg får ikkje møtt han i denne omgangen.
  • Nashat Fellemon, kristen palestinar frå Jerusalem, leier i dag det palestinske bibelselskapet.

Her finn du brosjyre for besøket deira i Norge.

Møta blir arrangert i eit samarbeid mellom Frikyrkja, Bibelselskapet og Israelsmisjonen.


Avi Snyder

15/07/2008

Den messianske jøden Avi Snyder er leiar av organisasjonen Jews for Jesus i Europa. I forrige veke var han i Norge i samband med Israelsmisjonen sitt sommartreff. DagenMagazinet har hatt eit intervju med han. Her er eit utdrag:

I Europa driver Jews for Jesus arbeid i fem land – Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Russland og Ukraina. Snyder er bosatt i Tyskland, men har tidligere bodd i Russland og Ukraina i flere år.

– Vi er jøder som misjonerer for jøder, og vi jøder er gjerne åpne og direkte med hverandre. Derfor er vi også det når vi formidler evangeliet, sier han.

(…)

Selv om Snyder kjenner godt til at noen mener han sviker sin jødiske arv ved å forkynne evangeliet, mener han å være av de mest jødiske:

– Hvis Jesus er den jødiske Messias, vil det mest jødiske være å tro på ham, sier han. (les meir)


Arkivet i Christ Church

11/06/2008

Christ Church er den eldste protestantiske kyrkja i Jerusalem, bygd i 1849. Kyrkja ligg i Gamlebyen, like innanfor Jaffaporten. Her er det i dag ein engelskspråkleg internasjonal kyrkjelyd som har gudstenester på søndagane og ei hebraiskspråkleg messiansk jødisk forsamling som har gudstenester på laurdagane. Men kyrkja har ei lang og viktig historie, og denne veka har den israelske avisa Haaretz ei interessant artikkel om arkivet i kyrkja:

Tucked away in Jerusalem’s Old City, between the entrance to the David Street market and the Armenian Quarter is one of Jerusalem’s unsung treasures – a small room chock full of books, letters and documents in the historic Christ Church complex. Many of the documents are hand-written in the flowery style of the 19th century or earlier, written by Europeans, particularly the British, who lived and worked here. Coming to the documents’ hopeful rescue is a recently initiated project that applies a combination of cutting edge technology and devotion to history to set them on their way toward digitalization as a means of preserving the stories they tell for future generations.

“Every time I turn a page or unfold an old letter, it’s like opening a window into 19th century Palestine, a window that not many people have been able to look into,” Niek Arentsen, a theologian and the volunteer librarian says of his work for the past two years. (les meir)


Israelske bokbål

04/06/2008

Det har denne veka vore avisoppslag om det som kan tyda på ein aukande motstand mot messianske jødar i Israel. Det er enkelte ortodokse miljø som går hardt ut mot dei Jesustruande jødane, og dei er villige til å bruka sterke verkemiddel.

Vårt Land skriv:

Politiet i Israel etterforsker nå hvorfor flere hundre nytestamenter ble brent i byen Or Yehuda for to uker siden.

Byens viseborgermester, Uzi Aharon, har uttalt at han samlet flere hundre testamenter for å hindre spredning av kristen litteratur. Foreløpig benekter han å stå bak bibelbålet. Aharons har sagt til CNN at tre tenåringer tente på nytestamentene, og at han ikke var tilstede da det skjedde.

– Bibelbrenningen er ett av flere eksempler på ortodokse jøders reaksjon på misjonsvirksomhet. De opplever Det nye testamentet som en bok som angriper jødedommen, sier Rolf Gunnar Heitmann, generalsekretær i Den Norske Israelsmisjon. (les meir)

Det er ikkje vanskeleg å vera kristen i Israel, bare ein ikkje er jøde! Det som skapar uro er at dei messianske jødane hevdar at det er fullt mogleg å vera jøde og samtidig tru på Jesus. Ja, dei seier at Jesus er den Messias som profetane har talt om, og at dei slett ikkje blir mindre jødiske når dei trur på oppfyllinga av profetiane!

Nå er det positive teikn som tyder på at dei messianske jødane gradvis blir meir aksepterte i det israelske samfunnet. Men samstundes tilspissar altså situasjonen seg i forhold til dei sterkaste motstandarane av denne utviklinga.

Eg ønskjer å følgja med i denne situasjonen. Det er svært viktig å halda fram at religionsfridomen i Israel også må gjelda for dei messianske jødane. Og det er viktig å støtta dei i deira syn på at det ikkje er ein motsetnad mellom å vera jøde og å tru at Jesus er jødane sin Messias og verda sin Frelsar.

For den som vil vera godt orientert om dei messianske jødane sin situasjon i Israel, anbefalar eg Caspari Center Media Review, eit nyhetsbrev med samandrag frå aktuelle israelske aviser:

The Media Review, a Caspari Center exclusive, is an English-language synopsis of articles originally published in the Israeli press and focusing on Messianic Jews and Christianity.


Boikott pga messiansk jøde?

04/05/2008

The beauty of the Jewish world is the diversity.

Dette er sagt av ein israelsk advokat som argumenterer for dei messianske jødane sin rett til å sjå på seg sjølv som jødiske.

Men dette er ikkje allment godtatt i Israel. Tvert imot blir dei messianske jødane i enkelte mektige miljø heller oppfatta som ein rød klut. Spesielt er antimisjonsorganisasjonen Yad L’Achim ein aktiv motstandar. Dette dreier seg om ortodokse jødar som ikkje godtar at det er mogleg å vera jøde og samtidig tru at Jesus er Messias.

Nå har motstanden mot dei messianske jødane fått ny publisitet i Israel. Jerusalem Post fortel at antimisjonsorganisasjonen har gått til det uvanlege skrittet å oppfordra til boikott av ein årleg og populær bibelkunnskapskonkurranse, fordi det viser seg at ein av finalistane er messiansk jøde.

Vårt Land har saksa saka frå Jerusalem Post (men omtaler den aktuelle kvinnelege finalisten Bat-El Levi som mann!):

Calev Myers, leder for en gruppe advokater som representerer messianske jøder, kaller boikottaksjonen et tegn på svakhet.

– Hvis deltakelsen til én messiansk jøde er nok til å ryste verdenen til disse rabbinerne, er det et tegn på at fundamentet deres er svakt, sier han.

– Det er på tide at de blir fratatt monopolet på å definere hvem som er jøder, sier Myers. (les meir)

Den avsluttande kommentaren til advokaten Myers er litt meir utfyllande i den israelske avisa. Han framhever her mangfaldet i den jødiske verda som noko verdifullt:

“It is about time that they stop having a monopoly over determining who is a Jew. The beauty of the Jewish world is the diversity. If you can still be considered a Jew even if you believe that the Lubavitch Rebbe [Menachem Mendel Schneerson] is the messiah, the same thing should hold true if you believe Jesus is.” (Les heile meldinga i Jerusalem Post her)

Sjølv om den veksande messianske rørsla framleis utgjer mindre enn 2 promille av den jødiske befolkninga i Israel, har den i det siste blitt meir synleg og faktisk også i større grad enn tidlegare blitt akseptert. Det skal derfor bli interessant å sjå kva som vil skje i opinionen i denne saka.


Israelsk tverrkulturell fest

23/12/2007

Misjonærane Else Brit og Håvard Kleppe i Haifa skriv i sitt julebrev om ein tverrkulturell fest i den israelske byen nå i desember. Den slags relasjonsbyggjande arrangement får dessverre bare sjeldan prioritert plass i nyhetene. Else Brit og Håvard skriv også om eit tydelegare kristent nærvere i feiringa av denne festen i år i forhold til tidlegare år:

Tradisjonen tro sponser Haifa by et årlig arrangement for tverrkulturell forståelse. Det kalles ”Festenes fest” og skjer over fire lørdager i desember. Arrangementet skal samle jøder, kristne og muslimer i den arabiske bydelen Wadi Nisnas i downtown Haifa. Folk kommer fra hele Israel for å oppleve festen, som skal binde sammen hanukka, jul og ramadan. I år har det vært ekstra mye folk som albuer seg fram i mylderet av mennesker og salgsboder. Midt i området opptrer jødiske og arabiske artister. Bortsett fra at salget av nisseluer går bra, både til jøder og kristne, har det tidligere år ikke vært noe som minner om innholdet i de tre høytidene. Dette året er det en gruppe evangeliske kristne, både arabiske kristne og messianske jøder som deler ut kristen litteratur sammen. De har opplevd stor åpenhet; – foreldre som sammen med barna lytter til en kort evangeliepresentasjon og med glede tar med seg et nytestamente hjem.

Les heile julebrevet her.


Joels veg til tru

06/11/2007

Eg har tidlegare skrive om den messianske jøden Joel som nyleg var i Norge.  I samband med besøket  er det skrive meir om hans spesielle veg til tru på Jesus. Sjå kva han fortel i ein artikkel på return2sender si nettside:

    – Jeg og kona mi, Adel, fulgte alle reglene vi visste om, og gjorde alt vi kunne for å bli rettferdige for Gud. En dag ble vi utfordret av en dame som lurte på om vi noen gang hadde studert Bibelen. Det hadde vi faktisk ikke, og det gikk opp for oss at alt det vi trodde på hadde vi lært fra rabbien vår. Dermed satte vi i gang med å studere Bibelen på egenhånd. Etter hvert som vi leste så vi at det vi hadde lært ikke stemte overens med Bibelen. Da vi var ferdige med Torahen (de fem mosebøkene), forstod vi at den ortodokse jødedommen vi praktiserte, stod så langt fra Bibelen at vi måtte velge hva vi skulle tro på.

   

Det unge ekteparet valgte å følge Bibelen, og fortsatte å lese.

   

- Da jeg kom til Jesaja 53 forstod jeg ingenting. Jeg leste det om og om igjen, men det var akkurat som om jeg hadde et slør foran øynene som hindret meg i å forstå det. Derfor oppsøkte jeg hun som hadde oppfordret oss til å lese i Bibelen, og ba henne forklare dette for meg. Det jeg ikke visste var at hun trodde på Jesus, og at hun hadde bedt i 9 måneder om et tegn om når hun skulle vitne for meg. Så da jeg kom og spurte hva Jesaja 53 betydde forstod hun at jeg var klar til å høre. Hun fortalte meg om Jesus, og hvordan han oppfylte profetiene i dette kapittelet. Jeg ble først sint fordi hun ikke hadde fortalt meg at hun var Messiansk jøde, men etter hvert som hun snakket, bestemte jeg meg for at dette ville jeg tro på. I samme øyeblikk så jeg igjen Jesu ansikt foran meg, og denne kvelden tok jeg imot Jesus som min Messias og frelser. (les meir)

Oppdatering 18.11:

Joel delar her historia si på YouTube.


Messiansk storsamling

06/11/2007

Håvard Kleppe, som arbeider for Israelsmisjonen i Israel, skriv interessante nyhetsbrev. Oktoberbrevet hans er nå lagt ut på nettet. Han skriv blant anna om ei storsamling i Galilea, der nærare 1000 messianske jødar nyleg var samla. Men som ei innleiing begynner han på Masada:

”Metusjalah” er ikke noen vanlig daddelpalme. Frøet ble funnet på
Masada og stammer fra tiden under det store jødiske opprøret mot
romerne i 66-73 e.Kr. I to år ble det pleiet i en planteskole for å
verne det mot moderne sykdommer. Etter varme- og gjødselsbehandling i
2005, fikk Dr. Soloway og hennes team oppleve at historien ble nåtid,
da frøet spirte og planten skjøt opp. Daddelfruktene i Judea var viden
kjent for sin søte smak, og hvis ”Metusjalah” er en hunnplante, er det
håp om å kunne tilby morplanter med historisk sus i grenene og original
smak.

Er det fremdeles spirekraft i det gamle evangeliet, en
jamaldring av dette daddelfrøet? Den årlige samlingen for messianske
jøder og arabiske kristne i en skog i Galilea, vitner nettopp om
spirekraft. Nær 1000 mennesker kom sammen til felleskap i troen på
Yeshua. Ei gruppe ungdommer fra Beit Eliahu, under ledelse av Anne
Grete Kristiansen, førte an i lovsangen. Dagens taler, pastor i en
messiansk menighet på Karmel-fjellet, møtte evangeliet i Beit Eliahu
for ca. 20 år siden. (les meir)

Det gamle frøet frå Masada har eg forresten omtalt tidlegare her på bloggen.


Joel

25/10/2007

Joel
Joel hadde preika då eg var på gudsteneste i Immanuelskyrkja i Tel Aviv for få veker sidan. Nå kjem han hit og skal tala på møte på Fredheim Arena i Sandnes onsdag 31.10 kl 19.00

Det var spennande å høyra Joel si forkynning og å få eit møte med han etter gudstenesta. Joel var tidlegare ortodoks jøde. Nå er han messiansk jøde. Han opna seg for trua på Jesus som Israels Messias gjennom lesing av GT! I dag arbeider han i organisasjonen Jews for Jesus. Dessutan er han med i leiinga i den messianske forsamlinga i Immanuelskyrkja.

Preika eg fekk med meg, tok utgangspunkt i Matt 22,34-46. Han hadde følgjande disposisjon:

  • What Jesus asks of us – a relationship with God – So what …?

  • Who Jesus Messiah is – both Lord and Son – So what …?
  • How Jesus reveals Himself – So what …?

Odd_ivar_og_kristin_i_gamle_jaffa_2
Eg skulle gjerne ha vore på Fredheim Arena denne kvelden. Dessverre kolliderer det med at eg er på landsstyremøte i Sandefjord! Men eg vil svært gjerne anbefala møtet for lesarar i Stavanger / Sandnes / Jærregionen.

For dei som kjenner Kristin og Odd Ivar (biletet) vil eg seia at møtet er eit must! Biletet av dei to, som nå arbeider i Immanuelskyrkja, er frå ei samling gruppa vår hadde saman med dei i parken i Gamle Jaffa etter den nemnte gudstenesta. Der fortalde dei to om korfor dei er i Tel Aviv og om kva oppgåver dei har i kyrkja. 


Jom Kippur

22/09/2007

Jødane feirar i dag Jom Kippur, den store forsoningsdagen. Dette er kanskje den aller viktigaste heilagdagen deira. Bakgrunnen finn me blant anna i 3 Mosebok 16:

Dette skal vera ei evig lov for dykk: Den tiande
dagen i den sjuande månaden skal de fasta og ikkje gjera noko slag
arbeid, korkje den som er fødd og fostra i landet, eller innflyttaren
som bur mellom dykk.
For den dagen skal det gjerast soning for dykk, og de skal reinsast for alle syndene dykkar, så de vert reine for Herren. (3 Mos 16,29-30)

I bibelsk tid var offertenesta svært viktig i jødisk tru. Øvstepresten gjorde daglege offer for folket, og på Jom Kippur gjekk han inn i det aller heilagste og skvetta blod på "soningsstaden". På denne dagen blei også folket sine synder lagt over på ein bukk som blei sendt ut i ørkenen som syndebukk! Sjølv om desse skikkane er borte i moderne jødedom, er Jom Kippur framleis ein svært viktig dag i jødisk tru og tradisjon, med vekt på faste og bøn.

Dei messianske jødane (jødar som trur at Jesus er Messias) markerer også den store forsoningsdagen, og dei nyttar høvet til å forkynna at forsoninga har fått ein heilt ny dimensjon gjennom Jesu død og oppstode.

Les resten av dette innlegget »


Intervju med Shmuel Aweida

21/06/2007

Koss blir eigentleg messianske jødar, altså jødar som trur at Jesus er Messias, oppfatta i Israel?

Gjennom Caspari Center Media Review fekk eg i går tilsendt eit referat frå eit interessant lokalt intervju med pastor Shmuel Aweida. Shmuel er pastor i Beit Eliahu i Haifa. Dette er ein messiansk menighet som har nære kontaktar med Den Norske Israelsmisjon.

Det er inspirerande å oppleva Beit Eliahu. Her kan du lesa det eg tidlegare har skrive om denne menigheten, etter eit besøk i Haifa for to år sidan.

Slik blir intervjuet med Shmuel referert:

A reporter from the local Haifa paper Kol Bo (June 8) determined to investigate the "Messianic Jewish stronghold" in the city, and interviewed Shmuel Aweida, pastor of Beit Eliahu. Under the title "Messiah, Messiah" (taken from a popular Chasidic song), the article opened thus: "’We believe that the people of Israel are the chosen people, that the Land of Israel belongs to the people of Israel, and that God chose the people of Israel to be a light to the nations.’ When these words are said in fluent, unaccented Hebrew, by Shmuel Aweida, 39, a Christian Arab born in Haifa, a graduate of a municipal school, they sound rather surrealistic." The cause of this surrealism lies in the fact that – as the interviewer, Chana Tal, points out – Aweida hasn’t converted or become Jewish, but was born an Arab. Aweida’s love for Israel – both land and people – is expressed, in Tal’s words, "with a naturalness that arouses astonishment," leading her to raise the rhetorical question: "Confusing, no?"

Les resten av dette innlegget »


Norske kyrkjeleiarar i Midt-Austen

28/04/2007

For første gong på fleire år har det vore ein offisiell norsk kyrkeleg delegasjon på reise i Israel og dei palestinske områda. Poenget med turen var å ta opp dei kristne sin situasjon. Biskopen vår, Ernst Baasland, var med i delegasjonen. Eg har denne veka høyrt han fortelja om dei sterke inntrykka han sit igjen med etter turen.

Stavanger Aftenblad skriv i dag i artikkelen Kristne rømmer det hellige land noko om kva biskopen har sett og høyrt. Han fortel om korfor kristne emigrerer, om at kristne blir trakassert av både jødar og muslimar, om situasjonen i Hebron, om dei kristne sin rolle som brubyggjarar i den kompliserte situasjonen og om kva som kan skapa håp i dag. Artikkelen fortel sjølvsagt ikkje om alt dei opplevde, men eg anbefaler den gjerne likevel! Eg tar med nokre sitat. 

Om korfor dei kristne flyttar:

Kristne forlater Midtøsten i hopetall. For 100 år siden utgjorde kristne rundt 25 prosent av innbyggerne i regionen. I dag utgjør de 3,8 prosent. Fremdeles synker andelen, og det raskt.

Den israelske forskeren Justus Reid Weiner regner med at bare rundt 1,5 prosent av befolkningen i de palestinske selvstyreområdene er kristne. Selv i Betlehem, som hadde 75 prosent kristne i 1946, og i 1998 33 prosent, er det i dag bare 12 prosent kristne igjen.

- Utvandringen startet nokså tidlig for de kristne, sier Baasland. – Det var lettere for dem, fordi de ofte hadde familie i utlandet. Mange var velutdannede, og derfor mer fleksible.

Utvandringen av kristne er altså hovedårsaken til at andelen går ned. Derfor velger mange kristne ledere i regionen å skylde på israelernes nærvær, og den økte belastningen det medfører, som igjen gjør at folk gir opp og forlater området.

Når det blir færre kristne, blir det også vanskeligere å skaffe seg en ektefelle. Dermed flytter enda flere ut, eller forblir ugifte, om de da ikke velger å konvertere, siden det er et krav muslimske ledere oftest stiller for menn før det kan bli snakk om noe giftemål. Muslimer får også flere barn enn kristne.

- Det er heller ikke til å stikke under stol at kristne må tåle trakassering, sier biskop Baasland.

Om Israelsmisjonen:

Tilsvarende ble vi spurt av ordføreren i Jerusalem om statskirken eller den norske stat drev Israelsmisjonen, siden det var en «uvennlig handling». Baasland måtte dermed fortelle den jødiske ordføreren Uri Lupolianski at Israelmisjonen ble stiftet i 1844, altså et drøyt hundreår før staten Israel ble til.

Om sjølvmordsbombarar:

- Jøder ser at kristne arabere ikke er selvmordsbombere. Selvmordsbombere kan virkelig ikke sammenlignes med våre motstandsfolk under krigen. De rammet militære mål. Selvmordsbomberne dreper vilkårlig for å skape frykt. Dette er stikk i strid med kristen etikk.

Om grunnleggjande jødiske haldningar:

Baasland mener mange jøder og også politikere ser uretten, men sterke krefter innenfor militæret og blant ytterliggående religiøse grupper bestemmer for mye. Han tror likevel at det ikke kan vare. – Humanismen i det jødiske folket er så sterk. En kan hindre folk i å se dette. Men bare en begrenset tid.

Generalsekretær Olav Fykse Tveit i Mellomkyrkjeleg Råd var også med i delegasjonen. Han uttaler seg i artikkelen Situasjonen er uholdbar – kirkene tømmes på Den norske kyrkja si nettside. Denne artikkelen fortel at gruppa også var i kontakt med messianske jødar, noko også Baasland formidla fint då han fortalte om turen, men som journalisten ikkje hadde fått med seg:

- Dialogen mellom religiøse ledere er viktig for å bidra til å finne fredelige løsninger på konflikten. Flere jødiske og muslimske understreket at også de kristne er viktige og trengs i området. Det vil være alvorlig for hele samfunnet om kirkene blir borte fordi de kristne kirkene trengs med sitt budskap om fred og forsoning, sier Fykse Tveit.

- I vår kontakt med de kristne (messianske) jøder i Israel fikk vi et bilde av en voksende bevegelse, med sterk vekt på den enkelte gruppens selvstendige stilling i forhold til kirkene forøvrig. De utsettes for ulike angrep fra andre jødiske grupper og enkeltpersoner som ikke liker deres aktivitet. Det kan virkelig stilles spørsmålstegn om myndighetene i Israel håndhever religionsfrihet overfor disse gruppene, sier Fykse Tveit.

- Det vil være et slag for hele kristenheten om kirkene som er der røttene for vår tro er, blir bare museer og døde steiner. Det må også være ”levende steiner” der som ber og feirer gudstjeneste. Nå må det norske kristenfolk og norske politikere gjøre hva vi kan for å bidra i denne situasjonen, sier Fykse Tveit på vegne av delegasjonen.

Olav Fykse Tveit oppfordrar norske kristne til å besøka dei kristne palestinarane og han poengterer at det ikkje er farleg for turistar å reisa til Betlehem. Det er også mi erfaring. Eg var der for eit halvt år sidan og skal tilbake til hausten. På Shalomturen som Inger og eg skal leia i oktober, skal me besøkja det palestinske bibelselskapet og den lutherske kyrkjelyden i Beit Jala ved Betlehem.


Påskemåltidet

02/04/2007

Det er ei heilt spesiell oppleving å vera med og feira påskemåltid. Når eg seier påskemåltid, meiner eg ikkje eit normalt, godt måltid i påsken. Eg tenkjer på eit spesielt og innhaldsrikt måltid som tar utgangspunkt i det jødiske påskemåltidet, et måltid fylt med tradisjon, liturgi, bibellesing og sosialt fellesskap. Samtidig tenkjer eg, som dei messianske jødane, på eit måltid som også inkluderer trua på Jesus i denne samanhengen.

Les kva Johannes Kleppe i return2sender skriv om dette:

Jeg forbinder påsken med fire beger vin: Livets, Frihetens, Velsignelsens og Håpets beger, som har sin plass i det jødiske påskemåltidet. Påskemåltidet er en stor familiefest der en feirer, og minnes det Gud gjorde da han fridde Israel fra slaveriet i Egypt.

Grunnstammen i det jødiske påskemåltid består av sju symbolretter og fire vinbegre. Gjennom ulike smaksopplevelser, spørsmål og skriftlesning gjenopplever man Guds frigjøring av israelittene fra Egypt. Når de messianske jødene samles til påskemåltid, er det naturlig å innlemme den andre påskens frelseshendelser i det som skjer. Jesu død og oppstandelse fullender den frelsen som det jødiske påskemåltid feirer. – Jeg pleier å si at vi skal feire det påskemåltidet disiplene hadde året etter Jesu død og oppstandelse. For det påskemåltidet kunne umulig være som det gamle.

Johannes skriv meir (her) og han gir også linker til meir stoff om påskemåltidet, stoff som inneheld liturgi, bibeltekstar, oppskrifter og bakgrunnsstoff.


Messianske jødar på israelsk TV

05/03/2007

Det var noko heilt utanom det vanlege som skjedde då Jesustruande jødar nyleg blei presenterte på ein positiv måte i eit israelsk TV-program. Return2sender fortel om programmet, og gir også link så du kan sjå programmet:

Fredag 16 februar, i kveldens beste sendetid, ble en dokumentar på nesten ni minutter om messianske jøder sendt på israelsk TV2, foran noen hundretusen israelske tv-seere. Om man i Norge ikke forstår hvor banebrytende et sånt program er, kan man trygt si at jubelen stod i taket blant troende i Israel.

Generelt sett, har de messianske jødene blitt behandlet ganske dårlig i israelsk media. Dette programmet gjorde noe så uhørt som å fremstille et positivt, realistisk bilde av messianske jøder. Man fikk se den ekte, jødiske identiten disse mener å ha funnet i Jesus – "han er en av oss – han er jøde!"

(…)

I en messiansk familie ba en 8 år gammel jente en nydelig bønn rett fra hjertet; det gjør inntrykk på jøder som er vant til å lese/messe bønner, men som aldri har hørt bønn som samtale med Gud. Reporteren undret seg: "de ber ved å snakke naturlig til Gud når de vil og hvor de vil". Videre fikk man se lovsang og bønn fra en messiansk menighet, hvor den ekte gleden i det å lovprise Gud kom fram; man forstod at disse menneskene hadde et forhold til Gud.


Men er ikkje Israel eit kristent land?

28/10/2006

Dette og liknande spørsmål har eg fleire gonger fått når eg har snakka om engasjementet mitt for misjon i Israel. Og det er nok slik at det er ganske stor forvirring om dette, langt inn i kristne kretsar her heime i Norge.

Nei, Israel er ikkje er eit kristent land! Sanninga er at dei aller fleste israelarar anten er jødar eller muslimar, og at dei ikkje nødvendigvis veit så mykje om Jesus. Dei trur i alle høve ikkje at han er Guds Son eller Messias.

Men det er ein kristen minoritet i landet, både i den jødiske og den arabiske befolkninga. For meg er det viktig å støtta desse gjennom misjonsarbeid. Spesielt utfordrande er det at bare 1-2 promille av jødane i Israel har sett at Jesus er den Messias som er lova i deira heilage skrifter. Det eg først og fremst er opptatt av i denne samanhengen, er altså å bringa det beste me har fått frå den jødiske kulturen (dvs trua på Jesus) tilbake til det jødiske folket.

Men dei lærar vel i alle høve om kristendomen i skulen? Nei, dei gjer faktisk ikkje det heller! Det ser likevel ut til at ting på gang. Den danske nettsida religion.dk melder nå om at arabiske ungdomar skal få tilbod om kristendoms-undervisning i israelske skular. Og at det kanskje i framtida kan opnast for dette blant jødiske ungdomar også.

Som noget nyt indfører undervisningsministeriet i Israel et tilbud om kristendomsundervisning i high schools på tværs af religioner.

Fra dette skoleår tilbyder israelske high schools undervisning i ”kristen religion”. Det har det israelske undervisningsministerium besluttet. Indtil nu har det kun været kristne studerende, som har måttet studere kristendommen, og på lignende vis har kun muslimer måttet studere islam og kun jøder studeret jødedom.

I første omgang tilbydes undervisningen kun muslimske og kristne arabere. Men ifølge lederen af det pædagogiske departement under undervisningsministeriet, professor Anat Zohar, er tanken, at det i fremtiden også skal være et tilbud for jødiske elever. Men det vil først ske efter en grundig evaluering af undervisningsforløbet.

Undervisningsmaterialet vil indeholde afsnit om Jesu liv, kirkens opbygning, bøn og retningslinier for adfærd i kirken. Det er udfærdiget af en kommission, der repræsenterer alle partier indenfor kristendommen i Israel.

I Israel er omkring 30.000 børn i skolealderen i Israel ud af en samlet befolkning på omkring syv millioner. Befolkningen består af 76 pct. jøder, 19,7 pct. arabere, hvoraf 82,6 pct. er muslimer, 8,8 pct. er kristne og 8,4 pct. er drusere. Derudover tilhører 4,3 pct. andre befolkningsgrupper.

Den kristne befolkninga i Israel er på 5.000 – 10.000 jødar (desse kallar seg messianske jødar) og ca 146.000 arabarar. Det er totalt ca 5.300.000 jødar og ca 1.300.000 arabarar i landet.


På språkskule i Jerusalem

14/09/2006

Kva kan skje når ein norsk kristen ungdom går på hebraisk språkskule blant jødar i Jerusalem?

"Hadde jeg vært jødisk troende hadde jeg øyeblikkelig blitt ansett som en forræder, men en ikke-jøde som hevdet han trodde på Israels Gud derimot, og som betonte det jødiske hos Jesus, det var noe helt nytt og uhyre interessant for de aller, aller fleste i klassen. En fantastisk opplevelse. Jeg håper og tror at noe av det som ble sådd i hjerter den dagen, en dag skal bli til frukt i Guds rike."

Les heile artikkelen her.


Tankar etter krigen

01/09/2006

Koss opplever jødar som trur på Jesus, situasjonen i Midt-Austen etter krigen i sommar? Eg har nettopp lese Lisa Loden sin artikkel Reflections from a Messianic Jew in Israel i det amerikanske  Christianity Today. "When questions are too hard to answer, we must still be about our Father’s business", skriv ho.

Lisa Loden er leiar for Caspari Center i Jerusalem, eit teologisk ressurssenter for den litle, men veksande messianske bevegelsen, dvs dei jødane som trur at Jesus er Messias (ca 1-2 promille av jødane i Israel!). Eg har tidlegare skrive om senteret her, i samband med at eg besøkte dei i fjor.

Hennar perspektiv er spennande å lesa. Dette er ein type synspunkt som kjem lite fram, og det at dette kjem frå ein jøde i Israel gjer det ikkje mindre interessant!

Les resten av dette innlegget »


return2sender

03/07/2006

return2sender er eit nettverk av unge folk som på eitt eller anna vis er blitt engasjert for ei felles sak: å bringa evangeliet tilbake til utgangspunktet. Eg møtte nokre av desse unge folka i helga då eg var på Israelsmisjonen sitt sommarstemne i Grimstad. Det var flott og inspirerande! Nå er eit team frå return2sender reist til Skjærgårds på Risøya for å motivera ungdom som er der denne veka til misjonsengasjement. Bra!

Eg saksar litt frå return2sender sin brosjyre:

  • "Vi takker Gud for det Han har latt oss være med på den senere tid. Mer enn noen gang ser vi unge israelere åpne seg for evangeliet og frimodig bekjenne troen på Jesus.
  • return2sender vil fortsatt støtte opp om arbeidet som vokser ut fra Israelsmisjonens baser i Israel og andre land.
  • Her i Norge vil vi gjøre return2sender og vår sak kjent for flere. Vi er klare for å gå ut bredere, stikke dypere og rope høyere!
  • Vi vil jobbe for at flere unge aktivt skal ta del i misjonsoppdraget for det jødiske folk – gjennom volontørtjeneste, teamturer, forbønn og økonomisk støtte."

"Men er ikkje jødane kristne?" Dette spørsmålet får eg av og til når eg snakkar om engasjementet mitt for misjon blant jødar. Nei, dei er ikkje det. Men heldigvis er det stadig jødar som får møta eit frigjerande budskap om frelse gjennom trua på Jesus, han som er Messias både for jødar og ikkje-jødar. Og talet på messianske jødar er i stadig vekst, i Israel reknar ein nå at det er mellom 5000 og 10000 jødar som trur på Jesus som Messias (av ein befolkning på 7 millionar).

Det er ein kritisk situasjon i Israel og dei palestinske områda for tida. Nyhetene er fylt av skremmande reportasjar. Det er ein situasjon der mange lider og der det ikkje nyttar å satsa på enkle løysingar. Eg er blant dei som likevel vågar å håpa og tru på forsoning og fred. Heldigvis er det mange menneske i Midt-Austen som ønskjer fred, på begge sider i konflikten, sjølv om dette ikkje kjem så godt fram i nyhetsbiletet. Behovet for å forkynna Jesus som frelsar for menneske uansett rase, og å forkynna forsoning (både med Gud og menneske) er ikkje blitt mindre i ei uroleg verd!

Tilbake til møtet med return2sender. Eg avsluttar med ei utfordring som kjem frå leiaren deira, Johannes Kleppe: "Jesus var jøde. De første disiplene var jøder. De første som delte dette budskapet om Jesus med andre folkeslag var jøder. Idag kjenner under 0,5 % av det jødiske folk Jesus. Er du enig i at dette er for lite? Bli med i return2sender – med evangeliet tilbake til utgangspunktet!"

Les meir om Israelsmisjonen og om return2sender.


50 Shekel

02/04/2006

Den kjente rapperen kommer fra ortodoks jødisk bakgrunn. Han er født i Tel Aviv i Israel og har vokst opp i Brooklyn, New York, der han gikk på religiøse skoler (yeshiva) og jødiske privatskoler, og senere studerte film på Hofstra university, Long Island. Men selv har 50 Shekel ett hovedtema han ønsker å snakke med media om:
- Jeg trodde jeg visste hvem Gud er. Men hvis du ikke har Sønnen, har du heller ikke Faderen. Ingen kommer til Faderen uten gjennom Jesus, fastslår 50 Shekel kontant.

(…)

- Hva var det som overbeviste deg så kraftig om at Yeshua er Messias?
- Det var en prosess, men det tok ikke så lang tid. Filmen "The Passion" var en øyeåpner, jeg så alle bilklistremerkene og møtte Jews for Jesus og andre troende. Dessuten leste jeg Matteus-evangeliet. Det nye testamentet er veldig jødisk.

Det er den jødiske hiphop-artisten Aviad Cohen, med artistnamnet 50 Shekel, som seier dette. Den tidlegare ortodokse jøden har funne fram til trua på at Yeshua (=Jesus) er Messias. Han er altså blitt det som kallest messiansk jøde. Her kan du lesa heile intervjuet med Cohen. Eg fann det på nettsida OneWay.

Det passa meg godt å lesa dette intervjuet i kveld. Eg har i dag vore med på kretsmøte for Den Norske Israelsmisjon her på Bryne.  Dette er ein misjonsorganisasjon som arbeider for å gje evangeliet om Jesus tilbake til det jødiske folket. Du kan lesa meir om bakgrunnen for dette engasjementet mitt her på ein av dei første artiklane eg skreiv på bloggen for over eitt år sidan.

Og korfor har eg lagt denne artikkelen inn i kategorien Bibelen? Jo, pga at Cohen så klart peiker på eit ofte oversett faktum: "Det nye testamentet er veldig jødisk." Dei første kristne var jødar som hadde sett at jøden Jesus (Yeshua) var den Messias som var lova i GT. Men Jesus sendte disiplane sine ut til alle folkeslag. Og sidan den første kristne tida har kyrkja bestått av menneske som trur at Jesus er Messias, anten dei er jødar eller menneske av andre folkeslag. Om dette fellesskapet skriv Paulus: "Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle ein i Kristus Jesus." (Gal 3,28)


På New Age – festival i Israel

02/11/2005

Nei, eg har ikkje vore på New Age – festival i Israel. Men eg syns det er flott å lesa om kristne ungdomar som driv misjon på slike festivalar. Der kjem det mange unge jødar som er søkjer etter sanninga i ulike nyreligiøse retningar, og så blir dei møtt av andre unge som kan fortelja dei om Jesus. Dei fleste jødar i Israel har bare ein overflatisk (og ofte forvrengt) kjennskap til Jesus og den kristne trua, viss dei då har nokon kjennskap til dette i det heile tatt. Derfor har Israelsmisjonen både ei spennande og ei viktig teneste med å dela evangeliet med det jødiske folket.

Dette kan du lesa meir om i artikkelen På New Age-festival.

Det er ein samanheng mellom den misjonen desse ungdomane er med på og den misjonen som Paulus og medarbeidarane hans dreiv blant jødar og grekarar i Efesos ca år 50!


Evangelisering frå Jerusalem til ….

28/04/2005

Ein av dei gongene me var innom Caspari Senter i Jerusalem, fekk me høyra om prosjektet Jews in the East. Dei ønskjer å koma i kontakt med ungdom som kan tenkja seg å vera med på eit internasjonalt evangeliseringsteam i teneste blant israelske ungdomar i Asia, etter ein opplæringsperiode i Jerusalem. Svært mange unge israelarar reiser til India og andre land i Austen og søkjer religiøse opplevingar gjennom New Age o.l. Kva med å vera med og møta dei med den kristne trua?

Eg fekk spørsmål om eg kjente nokre aktuelle kristne ungdomar (i 20-åra) som eg kunne utfordra til å vera med i teamet neste år. Kva er då meir naturleg enn å nemna dette her på bloggen? Kanskje du kjenner nokon som …….

Les her om muligheten til å vera med på dette, først på opplæring i Jerusalem, så på team i Asia.

Israelsmisjonen legg òg til rette for voluntørteneste for norske ungdomar i Israel. Her finn du informasjon om ulike oppgåver for voluntørar.